For skams skuld
Eit måleri der ei kvit kvinne held ein svart mann nede, kan ikkje henge kvar som helst, sjølv om det er frå 1762, meiner kunsthistorikar Siri Meyer.
Enkelte politikarar vil fjerne 1700-talsmåleriet av Mathias Blumenthal frå bystyresalen i Bergen.
Det sterke sinnet etter at George Floyd blei drepen av politiet i Minneapolis, har ført til krav om at kunstverk, og særleg statuar av historiske menn, blir fjerna frå offentlege plassar. I London blei statuen av slaveeigaren Robert Milligan tysdag fjerna med kran frå sokkelen på kaia der han stod. Førre søndag dytta demonstrantar i Bristol ned statuen av ein annan slavehandlar, Edward Colston, og heiv han i elva like ved.
Her heime krev enkelte politikarar at eit måleri frå 1762, «Rettferda» eller «Justitia Majestata» av Mathias Blumenthal, må fjernast frå bystyresalen i Bergen. På biletet ser ein ei kvit kvinne som held ein svart mann nede med foten. I desse dagar kan motivet gje svært dårlege assosiasjonar. Ordføraren og direktøren for universitetsmuseet i byen meiner motivet på biletet ikkje er meint rasistisk og at det må få henge. Kunsthistorikar Siri Meyer vil ta det ned.
– Kvifor vil du fjerne måleriet?
– Fordi det er nett i bystyresalen. Hadde det vore ein annan stad, hadde det vore i orden. Det er ikkje slik at biletet skal gøymast vekk, men bystyret er ein representativ sal for eit demokrati der alle skal kjenne seg hjarteleg velkomne. Også dei som representerer parti som folk frå andre kulturar røystar på. Det må vere ei viss sømd i ein slik sal. Ein får heller dekorere med eit anna måleri og flytte dette måleriet til ein annan stad.
– Det er blitt framført at den mørkhuda mannen symboliserer vondskap og ukunne, ikkje ein verkeleg svart mann. Er ikkje det eit relevant poeng her?
– Det var ein vanleg symbolikk på 1700-talet, men det endrar ikkje at det er ein latent rasisme i biletet. At ein tenker på vondskapen som svart i staden for kvit, er i seg sjølv ladd med ein rasistisk fordom, meiner eg. Legg ein ikkje merke til at vondskapen er farga, seier ein at farge ikkje speler noka rolle.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.