For rask på avtrekkaren
Statsråd Vidar Helgesen (H) får ikkje berre kritikk for ulvesaka. No må han tole kritikk frå Sivilombodsmannen for handteringa av den omstridde bjørnefellingssaka i fjor.
Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet arbeidde overtid for å hjelpe godseigar Anders Kiær med å få avliva ein hannbjørn på eigedomen hans i april i fjor.
Foto: Statens naturoppsyn
Klima- og miljødepartementet (KLD) instruerte i april i fjor Miljødirektoratet til å avlive ein bjørn som var observert på eigedomen til Høgre-politikar og godseigar Anders Kiær i hedmarkskommunen Stor-Elvdal. Dette skjedde etter at Kiær hadde teke opp saka med statssekretæren til statsråd Helgesen, Lars Andreas Lunde, på landsmøtet i Høgre nokre dagar tidlegare.
Dag og Tid omtala saka i fjor, og kunne då avdekke at embetsverket i både departementet og i Miljødirektoratet sat klare og jobba overtid for å få gjort vedtak om avliving av bjørnen. Naturvernforbundet klaga sakshandsaminga inn for Sivilombodsmannen, som no kjem med kritiske kommentarar til korleis departementet handterte saka.
Manglande dokumentasjon
Ombodsmannen har ikkje fått nokon dokumentasjon frå då vedtaka vart gjorde, på kva faktisk og rettsleg grunnlag departementet baserte instruksen på, eller korleis dei ulike omsyna i naturmangfaldslova vart vegne opp mot kvarandre. Departementet har forklart at tidsaspektet ikkje gav rom for å skriftleggjere vurderingane.
Ombodsmannen peikar på at departementet den eine dagen skriv til godseigaren at dei har bede Miljødirektoratet fylgje opp saka. «Dagen etter var det ikke lenger tilstrekkelig å la direktoratet ’følge opp saken’, men nødvendig å instruere om hva det konkrete utfallet skulle bli. Hva som er årsaken til denne endringen, er ikke kjent for ombudsmannen», heiter det i avgjerda frå ombodsmannen.
Direktøren i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, opplyste i fjor til Dag og Tid at ho aldri tidlegare har opplevd å bli instruert av departementet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.