JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

For rask på
avtrekkaren

Statsråd Vidar Helgesen (H) får ikkje berre kritikk for ulvesaka. No må han tole kritikk frå Sivilombodsmannen for handteringa av den omstridde bjørnefellingssaka i fjor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet arbeidde overtid for å hjelpe godseigar Anders Kiær med å få avliva ein hannbjørn på eigedomen hans i april i fjor.

Foto: Statens naturoppsyn

3346
20170407
3346
20170407

Bjørnejakt

redaksjonen@dagogtid.no

Klima- og miljødepartementet (KLD) instruerte i april i fjor Miljødirektoratet til å avlive ein bjørn som var observert på eigedomen til Høgre-politikar og godseigar Anders Kiær i hedmarkskommunen Stor-Elvdal. Dette skjedde etter at Kiær hadde teke opp saka med statssekretæren til statsråd Helgesen, Lars Andreas Lunde, på landsmøtet i Høgre nokre dagar tidlegare.

Dag og Tid omtala saka i fjor, og kunne då avdekke at embetsverket i både departementet og i Miljødirektoratet sat klare og jobba overtid for å få gjort vedtak om avliving av bjørnen. Naturvernforbundet klaga sakshandsaminga inn for Sivilombodsmannen, som no kjem med kritiske kommentarar til korleis departementet handterte saka.

Manglande
dokumentasjon

Ombodsmannen har ikkje fått nokon dokumentasjon frå då vedtaka vart gjorde, på kva faktisk og rettsleg grunnlag departementet baserte instruksen på, eller korleis dei ulike omsyna i naturmangfaldslova vart vegne opp mot kvarandre. Departementet har forklart at tidsaspektet ikkje gav rom for å skriftleggjere vurderingane.

Ombodsmannen peikar på at departementet den eine dagen skriv til godseigaren at dei har bede Miljødirektoratet fylgje opp saka. «Dagen etter var det ikke lenger tilstrekkelig å la direktoratet ’følge opp saken’, men nødvendig å instruere om hva det konkrete utfallet skulle bli. Hva som er årsaken til denne endringen, er ikke kjent for ombudsmannen», heiter det i avgjerda frå ombodsmannen.

Direktøren i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, opplyste i fjor til Dag og Tid at ho aldri tidlegare har opplevd å bli instruert av departementet.

Klar veikskap

Ombodsmannen slår no fast at at mangelen på skriftleg dokumentasjon er ein klar veikskap ved sakshandsaminga. God forvaltningsskikk tilseier nedteikning av sentrale vurderingar. Eit minimum må vere at om ein ikkje har tid før instruksen blir gjeven, må det skje i etterkant .

Til dette kjem at forhistoria «med underhånden kontakt på en politisk møteplass i forkant av henvendelsen til KLD og statssekretæren, forsterker behovet for transparens og for å kunne dokumentere de vurderingene som ble gjort med den korte tiden som man mente at var til rådighet».

Bruk av instruksjon, som i seg sjølv er uvanleg, at det skjedde på eit kontroversielt område, som forvaltning av rovdyr er, og avvik frå reglane om god forvaltningsskikk kan svekke tilliten til avgjerdene som blir fatta. Samla gjer dette at ombodsmannen finn grunn til å rette kritikk mot departementet.

Arnodd Håpnes, fagleiar i Naturvernforbundet, er svært nøgd med avgjerda frå ombodsmannen.

– Dette er ei alvorleg skrape til KLD. Saka er mykje verre enn ulvesaka. Her manglar drøfting av forholdet til naturmangfaldslova, Bern-konvensjonen, skadepotensialet og bestandsmålet for bjørn. Hadde ein fylgd same framgangsmåte som i ulvesaka, som skapte bruduljar i vinter, ville ein ikkje kunne instruere om avliving, seier Håpnes.

Statssekretær Lars Andreas Lunde seier no at departementet tek avgjerda til etterretning og vil fylgje tilvisingane frå ombodsmannen i framtidige saker.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

God forvaltningsskikk tilseier nedteikning

av sentrale vurderingar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis