Før og etter pandemien

Erna Solberg kan minna om Kristian IV og ber mykje av æra for at koronapandemien vart så mild i Noreg, meiner professor Ole Georg Moseng.

Vi har nytta munnbind før. Her politiet i Seattle under spanskesjuka.
Vi har nytta munnbind før. Her politiet i Seattle under spanskesjuka.
Publisert Sist oppdatert

Noreg har fått covid-19-vaksinar, og smittetrykket går nedover. Kvar vert så covid-19 ståande i eit historisk perspektiv? Ole Georg Moseng er historieprofessor ved Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitskap ved Universitetet i Søraust-Noreg.

­– Er grunnen til at vi har kome med så sterke tiltak mot covid-19, at verda ikkje har opplevd pandemiar sidan spanskesjuka?

– No har verda opplevd pandemiar etter spanskesjuka òg. Det har vore nokså mange av dei, men dei har ikkje nådd Europa. Rett nok har vi hatt influensapandemiar kvart år, men dei to mest særmerkte dei siste åra var sars, som kom i 2003–2004, og mers, som kom i 2012. Men dei nådde ikkje Europa på same vis som covid-19 no, og det sjølv om dei var koronavirus. Rett nok sette svineinfluensaen i 2009 på ny pandemiar på kartet. Då var det mange som tok til orde for betre beredskapsplanar enn vi hadde hatt. Dei vart ikkje høyrde.

– Men covid-19 handlar vel om globalisering?

– Jau, men om globalisering er ei viktig drivkraft, skulle verda for lengst ha vore meir utsett. Men no ser vi altså med covid-19 at det er ein ekstrem samanheng mellom viruset og globalisering. Fly har synt seg å vera ein effektiv smittespreiar.

– Men trass alt døyr vi ikkje i særleg grad av infeksjonssjukdomar lenger?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement