Utgangspunktet for denne leiaren er ei grunnhaldning om at kostnadsnivået i Noreg må ned. Det er for dyrt å produsera varer og tenester i dette landet. Konsekvensen er openberr: Ting vi kunne ha produsert, vert laga andre stader, og vi tapar arbeidsplassar.
Vi kan sjølvsagt ikkje konkurrera med lågkostland i Asia, men vi må sikra betre konkurranseevne med europeiske land. Vi gjer det delvis, med effektiv og avansert bruk av teknologi, men vi må òg sjå på det generelle kostnadsnivået. Gevinsten er at fleire kan koma i arbeid, og at mangfaldet i norsk næringsliv og arbeidsmarknad vert større. Dessutan kan vi ved lågare kostnader ta ned subsidiar og andre ordningar som vi i dag må halda oss med for å halda oppe visse næringar.
Den store kostnadsdrivaren i norsk økonomi i dag er oljepengebruken. Solberg-regjeringa har dei siste fire åra auka oljepengebruken med 60 prosent. Det er enorme summar. I neste års budsjett går veksten i oljepengebruken ned, men enno talar vi om altfor mykje pengar.
Ikkje minst fordi vi står overfor store komande utfordringar, som at fleire store oljeutbyggingar no går mot slutten, og at desse ikkje bør erstattast med nye store utbyggingar. Og vi er på veg inn i ei eldrebølgje som vil krevja mange pengar.
Kva kan vi så spara på ved årets budsjett? Ein openberr post er samferdsel. Det er ein nedgang i statsbudsjettet, men likevel er det lagt opp til høge investeringar i nye vegar, bruer og tunnelar. Og kva med å ta tilbake pensjonsveksten som pensjonistektepar fekk i fjor? I Noreg er det pensjonistane som har høgast formue og best levestandard.
Skulle vi brukt meir pengar på noko, er det ei større satsing på å få unge uføretrygda ut i arbeid. Veksten vi har sett i denne gruppa dei siste tiåra, er svært uheldig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.