Følgjene av samferdselspolitikk

Korleis avgjer vi om samferdselsprosjekt er lønsame, og kvifor er små bygder for nye vegar? Morten Welde ved Concept-programmet ved NTNU prøver å forklare samferdselspolitikken.

Etter gjennomslag i Talgjetunnelen i 2008 hadde Finnøy i Ryfylke vegsamband til fastlandet via Rennesøy. – Det førte til at folk frå Stavanger flytta ut dit og pendla attende. For Noreg reduserte det produktiviteten, seier seniorforskar Morten Velde.
Etter gjennomslag i Talgjetunnelen i 2008 hadde Finnøy i Ryfylke vegsamband til fastlandet via Rennesøy. – Det førte til at folk frå Stavanger flytta ut dit og pendla attende. For Noreg reduserte det produktiviteten, seier seniorforskar Morten Velde.
Publisert Sist oppdatert

Nye og store samferdselsprosjekt har ei mengd negative effektar: Matjord går tapt, offentlege tenester vert sentraliserte, klimautsleppa går opp, skular forsvinn, og lokale møteplassar vert ei fjernt minne. Men det finst knapt den ordførar i Noreg som ikkje vil ha nye vegar, raskare tog eller ein ny flyplass. Spør du folk frå Sogn og Fjordane kven som er Noregs største politikar dei siste femti åra, er sjansen stor for at dei svarar Kjell Opseth, og det sjølv om vegane og tunnelane han bygde i og ut av fylket, førte med seg auka fråflytting og auka sentralisering.

Men jau då, det er liten tvil om at gode samferdselsprosjekt fører til mykje godt. Mellom anna kan dei gjera oss rikare som samfunn. Ja, dette skal vera endå ein artikkel i Dag og Tid om samferdsel, men denne gongen skal vi prøva noko nytt. Vi skal prøva å forklare samferdsel på eit heilt grunnleggjande nivå.

Vi skal snakka med seniorforskaren Morten Welde ved Concept-programmet ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim. Concept er finansiert av Finansdepartementet og driv i hovudsak forsking på korleis det går etter at prosjekt har vorte utbygde. Finansdepartementet finansierer programmet i naiv tru på at dei kan få politikarar til å forstå skilnaden på gode og dårlege prosjekt og kva som må til for at vi som samfunn skal få høgre velstand ut av alle kronene vi nyttar på samferdsel.

Lokale effektar

No har Welde stått i spissen for ei ny evaluering med tittelen Vegprosjekter, verdiskaping og lokale mål: «Denne studien ser på lokal vekst og utvikling i områder der nye veger har blitt bygget. Den undersøker om ti gjennomførte prosjekter har ført til økning i pendling, folkemengde, nyetablerte bedrifter og antall sysselsatte i eksisterende bedrifter», skriv Welde saman med Eivind Tveter og Anne Gudrun Mork frå Møreforsking AS i føreordet. Vi skal koma attende til rapporten.

– Men fyrst, kva er samfunnsøkonomisk lønsemd, og kva er desse nytte–kost-analysane vi nyttar for å finna ut om noko er lønsamt for samfunnet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement