Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Flyet som skulle bli så billeg

F-35-programmet vart starta for å spare pengar. Det vart tidenes dyraste militærprosjekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
STRENG: Senator John McCain var ein hard kritikar av F-35-programmet og kalla det «ein skandale og ein tragedie».

Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB

3119
20230929
3119
20230929

peranders@dagogtid.no

Arbeidet med det som skulle bli F-35, tok til alt i 1990-åra. Den kalde krigen var slutt, og regjeringa i USA ville kutte i dei enorme militærutgiftene. Samstundes skulle fleire kampflymodellar snart fasast ut og erstattast med noko nytt. Da kom ideen om eit alt i eitt-fly som kunne dekkje behova til både flyvåpenet, marinen og marinekorpset i USA, og i tillegg brukast av allierte land. Det skulle eigne seg til både luftkamp og bombing, og ha såkalla stealth-teknologi som gjorde det vanskeleg å sjå på radar.

Eit fly som fylte ei rekkje ulike roller og kunne seljast i tusental til gode vener rundt i verda? Da vart det stordriftsfordelar, og produksjonskostnadene per fly kom til å gå stadig nedover. Det verka som ein god idé.

Sveitsarkniv

Konseptet likna litt på dei klassiske sveitsiske lommeknivane, dei som var utstyrte med alt frå lupe og pinsett til saks og skrutrekkjar. Men sjølv om desse knivane kunne nyttast til mangt, var dei ikkje verkeleg gode til noko, og dessutan var dei for tunge til å ha i lomma. Liknande problem viste seg snart med det planlagde alt i eitt-flyet til USA.

I 2001 vann selskapet Lockheed Martin konkurransen om å utvikle det nye kampflyet. For å møte krava til dei ulike delane av det amerikanske militæret måtte ingeniørane ty til ei rekkje kompromiss. Luftforsvaret ville ha eit fly som dominerte luftrommet. US Marines ville ha eit fly som kunne lande vertikalt som eit helikopter. Flyet vart både tyngre og tregare enn det vart tenkt å vere, og det måtte utviklast tre ulike variantar. Og ikkje minst vart det uhorveleg mykje dyrare enn tenkt.

Ein av grunnane var at Lockheed Martin fekk svært frie taumar i utviklinga av flyet og sjølv hadde ansvar for å planleggje og gjennomføre testflygingane. F-35 vart stadig utsett, og prisen steig og steig år for år. Senator John McCain, som sat i forsvarskomiteen, var ein svært hard kritikar av F-35. I 2011 kalla han programmet ein «skandale og ein tragedie» og opna for å droppe heile flyet. Men det var kome for langt. For tida er overslaget at USA kjem til å bruke ufattelege 18 billionar kroner – ikkje milliardar, men billionar – på F-35.

Rotteholet

Flyet er ikkje berre dyrt i innkjøp, men krev òg svært mykje og dyrt vedlikehald. «Vi må slutte å kaste pengar ned i dette rotteholet», sa Adam Smith, leiar for forsvarskomiteen i Representanthuset, i 2021. Same år kritiserte Charles Brown, sjef for luftforsvaret i USA, dei skyhøge driftskostnadene. Han tok til orde for at USA burde nytte andre flytypar som ikkje var så dyre i drift, til enklare oppdrag, og samanlikna F-35 med ein luksusbil: «Du køyrer ikkje Ferrarien din til jobben kvar dag. Den brukar du berre på søndagar», sa Brown.

Det amerikanske forsvaret er stort nok til å halde seg med fleire ulike kampfly. Men luftforsvaret i Noreg og ei rekkje andre land har berre Ferrarien å køyre med heile veka. Skal vi ha kampfly, har vi ikkje noko val: Vi må halde fram med å kaste pengar ned i holet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis