Krig

Fleire om beinet

Kva er viktigast for USA: å støtte Ukraina, Israel eller Taiwan?

Publisert

Mange land ønsker seg same våpen som dei Ukraina treng til kampen sin mot Russland. To av dei er særleg interessante. Israel og Taiwan er båe i utsette posisjonar, og båe vil ha store mengder amerikanske våpen til å forsvare seg med. Men ikkje eingong USA er i stand til å levere alt utstyret i slike volum som desse tre landa til saman ønsker.

Israel først: USA har i mange tiår vore ein militær garantist for landet, dels gjennom avtalar og dels gjennom etablert praksis som botnar i den sterke sympatien for Israel i USA. Sidan 1948 har USA gjeve våpenhjelp til Israel verd nærare 1400 milliardar kroner, ifølge offisielle tal frå det amerikanske forsvarsdepartementet.

Patriotar

I sjølve Gaza-krigen er det ikkje stor overlapping mellom våpena den israelske hæren brukar, og dei våpena Ukraina treng mest, men Israel nyttar mellom anna Abrams-panservogner og Himars-rakettar. I tillegg inkluderer det israelske luftforsvaret våpensystem som òg er livsviktige for ukrainarane. Israel lagar sjølv mykje av rakettforsvaret sitt, men bidraga frå USA er viktige for å forsvare seg mot rakett- og droneåtak frå Iran. Eit døme er Patriot-systemet, som vart verdskjent da israelarane brukte det mot rakettåtaka frå Irak under Golfkrigen i 1991.

Patriot-rakettar vart seinast nytta da Iran sende ei skur av missil og dronar mot Israel i april. Men systemet skal no vere i ferd med å bli fasa ut av israelarane, og det skal ha vore samtalar mellom USA og Israel om å overføre Patriot-batteria til Ukraina.

Om dette skjer, er det kjærkome. Bestillinga til USA er klar: «Gje oss dei jævla Patriotane» sa den ukrainske utanriksministeren Dmytro Kuleba udiplomatisk i eit intervju med Politico i mars. «Vi kunne verne ikkje berre livet til folket vårt, men òg økonomien vår mot øydelegging.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement