Fleire barn er inga berging

Den fallande fødselsraten i Noreg er ikkje dårleg nytt. Tvert om.

MATER FAMILIAS: Erna Solberg ønskjer seg fleire norske barn for å trygge velferdsstaten.
MATER FAMILIAS: Erna Solberg ønskjer seg fleire norske barn for å trygge velferdsstaten.
Publisert

Som dei fleste truleg har fått med seg, nytta statsminister Erna Solberg nyttårstalen sin til å oppmode nordmenn til å få fleire barn. «For å opprettholde folketallet må hver av oss kvinner få litt over to barn i gjennomsnitt. I dag er tallet bare 1,6. Da blir det relativt sett færre unge som skal bære en stadig tyngre velferdsstat på sine skuldre», sa Solberg.

Ho har fått kritikk frå mange hald for denne delen av talen. Mellom anna har SSB-forskar Erling Holmøy påpeika at fleire barn fører til fleire å forsørge, og dersom fødselstala aukar frå no av, kjem ikkje den samla forsørgarbyrda til samfunnet til å bli mindre før ein gong i 2080-åra.

Men det største problemet med talen til Solberg er eit anna: Alle som er opptekne av framtida til menneska, bør gle seg over at fødselstala er låge i Noreg og resten av den rike verda.

Kolossal auke

Noreg har inntil nyleg hatt ganske høge fødselstal i europeisk målestokk. Her i landet var fødselsraten nær 2 så seint som i 2009, no har han nærma seg det europeiske snittet på 1,6. På grunn av innvandringa har likevel folketalet i Noreg vakse kvart år. Og i det lange perspektivet har landet vårt hatt ein kolossal folketalsvekst, til liks med resten av verda: Innbyggjartalet i Noreg er seksdobla dei siste 200 åra, trass i at kring ein million nordmenn emigrerte til Amerika. I same periode har folketalet i verda gått frå kring ein milliard til 7,5 milliardar. Og denne folketalsauken – i kombinasjon med den tekniske utviklinga som har gjort han mogleg – har ført til trugsmålet frå dei menneskeskapte klimaendringane.

Pussig nok gjekk statsministeren i nyttårstalen sin rett over frå å hevde at Noreg treng fleire barn, til å snakke om nett klimatrugsmålet. «FNs klimapanel viste nylig at 2 graders global oppvarming gir betydelig økt risiko for alvorlige konsekvenser for mennesker, sammenlignet med 1,5 grader. (…) Vi vil skjerpe målene slik at Norge gjør vår del for å unngå farlige klimaendringer», sa Solberg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement