FiskekakerFiskekaker er kvardagens indrefilet. Det finst knapt noko betre enn gode fiskekaker. Problemet er berre at det nesten ikkje finst gode fiskekaker å få kjøpt. Fiskekaker lagar ein på to fiskesortar: hyse og sei. Sei får ein kjøpt i butikken. Hyse,
Fiskekaker er kvardagens indrefilet. Det finst knapt noko betre enn gode fiskekaker. Problemet er berre at det nesten ikkje finst gode fiskekaker å få kjøpt. Fiskekaker lagar ein på to fiskesortar: hyse og sei. Sei får ein kjøpt i butikken. Hyse, derimot, er nesten umogleg å få tak i. Grunnen til det siste er at hysa er ein sårbar fisk. Ho må lagrast med aktsemd, men det gidd ikkje fiskebåtflåten å gjera, det løner seg ikkje. Dimed står vi att utan hyse i butikken, og difor er det umogleg å laga gode fiskekaker sjølv, om ein då ikkje har båt og bur attmed havet.
Då er alternativet ferdiglaga fiskekaker i butikk. Problemet er at desse fiskekakene stort sett aldri er laga av berre hyse og sei. Neste gong du kjøper fiskekaker, bør du lesa innhaldsdeklarasjonen. Der vil du finna ein komponent dei kallar kvitlaks. Desse fiskekakene må du ikkje kjøpa. Om vi alle boikottar fiskekaker med kvitlaks, vil produsentane verte tvinga til å laga skikkelege fiskekaker.
Kva er så denne kvitlaksen? Jau, det er fiskefarse laga av all mogleg ufisk. Dei hiv denne fisken opp i store kjelar og kokar han så lenge at all smak er borte. Så tilset dei – ja, det du les no er sant – fiskeessens. Fyrst tek dei altså bort all smak av fisk, så tilset dei fiskesmak. Resultatet er hesleg. Men det er difor fiskekakene er så billige som dei er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.