Fiske
Nessekongane er døde
Medan norske fiskarar har hatt gylne år, balanserer landindustrien på knivseggen.
Maktbalansen i fiskeria har endra seg mykje sidan fiskarane måtte krype for væreigarane for å få levert fangsten sin. Dei siste åra har det vore seljars marknad langs kysten, og det er fiskarane som haustar grunnrenta i fiskeria. Driftsmarginen i fiskeflåten auka frå 9 prosent i 2004 til 19 prosent i 2018, ifølgje Riksrevisjonen. Det er tal som landindustrien berre kan drøyme om, og alle flåtegruppene har gjort det godt.
Dei gylne åra viser att i inntekta til fiskarane, ikkje minst i den havgåande flåten. I 2019 utgjorde eit normalårsverk på ein norsk trålar 1,2 millionar kroner, syner tal frå Fiskeridirektoratet, meir enn det dobbelte av ei gjennomsnittleg årsløn i industrien.
Men for kystsamfunna er dei gode prisane eit tviegga sverd: Eit prisnivå som skaper velstand for fiskarane, kan knekkje ein ferskfiskeksportør. Og når trålarane har gjort det så godt dei siste åra, heng det saman med at dei langt på veg er frikopla frå landindustrien og sel frosenfisken sin på ein global marknad.
Det var ikkje slik det var tenkt. Mykje av den norske trålarflåten vart bygd opp for å levere råstoff til filetindustrien i Troms og Finnmark, for å sikre produksjon gjennom heile året. Grunnrenta i fiskeria skulle såleis subsidiere dei lite lønsame landanlegga. Men i 2003 vart dei såkalla leveringspliktige trålarane i praksis frikopla frå foredlingsindustrien i Noreg, og dei kan selje fryst fisk på verdsmarknaden til betre prisar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.