Fiske

Meiner at islendingane har løysinga

Det er ikkje lønsnivået som er problemet for norsk fiskeindustri, meiner fiskeeksportør Steinar Eliassen.

Publisert Sist oppdatert

Innslaget av utanlandsk arbeidskraft i fiskeindustrien er ikkje større enn i mange andre næringar, seier Steinar Eliassen, direktør i fiskeeksportøren Norfra og leiar i Fiskekjøpernes forening.

– Du ser det same i serveringsbransjen, byggebransjen og til og med i verkstadindustrien. Men det er ikkje lønsnivået som gjer at fiskeindustrien slit med å rekruttere nordmenn. Problemet er at det er vanskeleg å tilby arbeidsplassar gjennom heile året, seier Eliassen.

Han meiner at fiskeripolitikken har ein god del av skulda.

– Politikarane tillet at mykje av råstoffet som kunne ha tilfalle norsk foredlingsindustri, går uforedla ut av landet. Årleg forsvinn 100.000 tonn råstoff frå trålarar med leveringsplikt, og det gjer det mykje vanskelegare for oss å tilby sikre arbeidsplassar.

Dette er eit stort verditap, meiner Eliassen: Råstoffet kystflåten leverer til landindustrien, gjev 50–60 gonger fleire arbeidsplassar per tonn samanlikna med leveringa av fryst fisk frå trålarane, skreiv han i eit avisinnlegg i fjor. Han meiner islendingane har løysinga: Islandske selskap som eksporterer uforedla fryst fisk, får kutt i kvotane. Dermed blir fisken foredla på Island.

– Noreg har nokre konkurransefordelar på ferskfiskfilet. Kvaliteten på råstoffet er så god, og vi er nærare marknaden enn islendingane er. Men da må vi få råstoffet på land.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement