JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FiskeSamfunn

Da trålarimperiet fall

Det var internasjonal havrett, ikkje fiskeripolitikken til EU, som knekte den store britiske trålarflåten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den britiske fregatten «Scylla» og den islandske kanonbåten «Thor» vaktar på kvarandre i den såkalla torskekrigen mellom Storbritannia og Island i 1973. Islendingane ville nekte britiske trålarar å fiske i det dei såg på som islandsk farvatn. Og snart skulle havretten gje Island rett.

Foto: AP / NTB

2768
20201120
2768
20201120

peranders@dagogtid.no

Når striden om fiskekvotar vekkjer så sterke kjensler i Storbritannia, er det vel så mykje av historiske grunnar som av økonomiske. Storbritannia var lenge den leiande fiskerinasjonen i verda. Men mykje av den statusen var ikkje bygd på fiske kring dei britiske øyane, men på fiske i fjerne farvatn, frå Barentshavet til dei store bankane aust for Nord-Amerika. Engelskmenn fiska torsk ved Island alt i mellomalderen og ved Newfoundland frå 1500-talet, men det var den industrielle revolusjonen som verkeleg sette fart på sakene.

Torskekrig

Det moderne trålfisket er ei britisk oppfinning. På 1800-talet auka etterspurnaden etter fisk i dei veksande industribyane, og jernbanen kunne få fisken fort fram til marknaden, dermed greip trålfisket i Nordsjøen om seg – først med seglskuter. I 1880-åra kom dampskipa og gjorde trålinga langt meir effektiv, og alt mot slutten av 1800-talet var det teikn til at fiskebestandane i Nordsjøen minka. Trålarane frå dei store fiskerihamnene Hull og Grimsby måtte dra stadig lenger vekk for å gjere gode fangstar – mellom anna til Island, Bjørnøya og til farvatna langs norskekysten. I Nord-Noreg kom dei britiske trålarane stadig i konflikt med lokale fiskarar, og gjennom mange tiår skapte dette fisket juridisk strid mellom Noreg og Storbritannia. Islendingane gjekk enda hardare til verks for å halde dei britiske trålarane vekk frå farvatna sine, noko som førte til «torskekrigane» i 1950- og 1970-åra.

Havretten

Men «torskekrigane» var ikkje så viktige som dei ofte blir framstilte i britisk presse. Islendingane var berre litt tidlegare ute enn dei fleste land med å utvide dei økonomiske sonene sine i havet. I løpet av havrettsforhandlingane i 1970-åra vart 200-milssoner kring kyststatane den internasjonale normalen, eit prinsipp som vart hamra fast gjennom Havrettstraktaten i 1982. Slik kom dei fleste attraktive fiskebankane i verda under nasjonal råderett. Dermed vart verkefeltet til den havgåande trålarflåten dramatisk innskrenka, og mykje av den britiske fiskeindustrien kollapsa. Ressursane i den britiske 200-milssona strekte slett ikkje til, og Storbritannia vart ein stor nettoimportør av fisk.

I tillegg fekk ikkje britane ha dei nære farvatna for seg sjølve heller: Den felles fiskeripolitikken til EU gav fiskarar frå andre EU-land tilgang til britisk sone. Men sjølv om brexit kan gje britane attende kontrollen over eiga 200-milssone, er det langt frå nok til å skape nokon ny gullalder for Storbritannia som fiskerinasjon. Dei fleste farvatna som britiske trålarar lenge hausta rikdom frå, er no under kontroll av andre kyststatar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis