Fiske
Alpha Max
Store mengder legemiddel måtte til for å behandle laksen mot lus. Her ei samling tomme Alpha Max-flasker frå behandlinga av éin enkelt merd i 2005.
Foto: Arve Nilsen
Vi startar med Alfa, den første bokstaven i både det greske og det latinske alfabetet. Alpha Max er det treffande handelsnamnet på eit legemiddel mot lakselus, eit middel som lenge var eit av dei viktigaste våpena vi hadde i kampen mot lusa. Det aktive stoffet i Alpha Max er deltametrin, som høyrer til ei gruppe stoff som vert kalla pyretroid, etter planteslekta som desse stoffa ein gong vart funne i (slekta krysantemum, tidligare klassifisert som pyretrin). Krysantemumblomane er vakre, men inneheld eit dødeleg giftstoff.
«Persisk pulver»
At planter forsvarar seg mot skadedyr, er ikkje noko sjeldsyn i naturen, men pyretroida er i ei særklasse. Tørka og knuste krysantemumblomar blei før i tida selde som «persisk pulver», noko som gjorde livet mindre leveleg for skadeinsekt – her kan vi diverre rekne med at nyttige insekt som humler og kvefsar gjekk med i same slengen – og meir leveleg for bønder (og andre folk). I mange år gjorde pyretroida susen i kampen mot skadeinsekta i åkrar og veksthus, men så slutta insekta å døy av denne gifta. Planter tar heldigvis ikkje skade av desse stoffa, og dermed nytta det å auke dosane. Med 10 til 100 gonger meir gift kunne folk enno vinne krigen mot skadedyra.
Kring midten av 1990-åra var norsk oppdrett av laks i rask vekst etter konkursane og sjukdomsproblema som herja fram til 1992. Men med meir laks vart det også meir lus. Det einaste middelet som fanst på den tida, var nervegift av typen organofosfat, som i spraymidla vi bruker mot fluger i hus og fjøs. Desse giftstoffa hadde byrja å miste effekten, og med ei eksplosiv blanding av desperasjon og innovasjon starta oppdrettarane i Midt-Noreg å bade laksen i bleikemiddelet hydrogenperoksid, ein prosess som kunne drepe både lus og laks.
Eit eventyr
Men frå Skottland kom det så i kjapp rekkefølgje to nye og verdfulle kjemiske oppdagingar: at laksen kunne bli bada med pyretroid, og at han kunne bli fôra med eit kjent parasittmiddel frå husdyrnæringa på land: emamectin. Det var mest som eit eventyr: Brått kunne oppdrettarane drepe all lusa, frå dei minste til dei største og no med mindre risiko for å drepe laksen samstundes. Det var også eit norsk eventyr, fordi det var norske forskarar som fann fram til deltametrin, ein variant av stoffet som var særskilt effektivt, etter kvart selt som Alpha Max. Med lusemiddelfabrikk og etter kvart hovudkontor på Overhalla, nær rockebyen Namsos, kunne Alpharma (seinare Pharmaq) no invitere til ein annan dans i lusebehandlinga i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.