Ski-VM

FIS tek grep
 

FIS-president Johan Eliasch har teke kontroll over TV-rettane til skisporten. Foto: Lise Åserud / NTB

I 2021 blei den svensk-britiske forretningsmannen og milliardæren Johan Eliasch vald til ny president i Det internasjonale skiforbundet. Han kom frå toppstillinga i Head-konsernet, som driv med tennisracketar og alpinutstyr. 

Eliasch såg eit stort potensial i skiidretten og ville ha ein slutt på at nasjonale forbund selde TV-rettane sine til Infront, som så selde dei vidare. Han ville ha full kontroll, og stikkordet var sentralisering. Dette har mellom anna skiskyttarane lukkast godt med.

Det blei bråk i skiforbunda, men det var nok ikkje sjølve sentraliseringsideen dei var ueinige om – det var prosessen. I slutten av april 2023 gjennomførte Johan Eliasch ei hemmeleg avstemming i FIS-styret som gav tilslutning til sentraliseringsplanen hans. Styremedlemene følte seg tekne på senga. Dette resulterte i motkoalisjonen «Snowflake», med nasjonar som Noreg, Tyskland, Sveits og Austerrike. Også Infront uttrykte skepsis til FIS sin framgangsmåte, og meinte forbundet ignorerte innarbeidde rettar og eksisterande avtaler.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel