Fiktivt

Publisert

Og så treffer eg Statens lånekasse for utdanning. Det er ikkje ofte ein støyter på statlege forvaltningsorgan ute på gata, det seier seg sjølv, men no og då og frå tid til annan kan nær sagt kva som helst skje i den ville verda vår, så eg blir difor ikkje heilt slått i bakken av det uvanlege synet. I staden renn eit av dei gamle jungelorda til Fantomet meg i hug: Det hender at Fantomet forlét jungelen og går omkring i byen som ein vanleg mann.

– Nei, er det deg? glepp det så litt ufrivillig ut av meg, før eg legg til eit «det var lenge sidan», også det mest utan å tenkje.

– Å? lenge er det vel ikkje? svarar Lånekassa.

– Fekk ikkje eg 2026 kroner av deg for berre nokre veker sidan?

Eg må nikke.

– Jo.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement