Fiktivt

Ole Einar Bjørndalen under innskyting før 20 km menn i verdscupen i skiskyting i Ruhpolding onsdag. Han gjekk inn til ein 42. plass.
Ole Einar Bjørndalen under innskyting før 20 km menn i verdscupen i skiskyting i Ruhpolding onsdag. Han gjekk inn til ein 42. plass.
Publisert

– Ja, Ole Einar. Ikkje dei gladaste dagane om dagen, kan hende?

Ole Einar trekkjer på skuldrene. Vi sit ved soknekyrkja St. Ulrich i bortgøymde Obertilliach i Austerrike. Det budde rundt 800 menneske her då Ole Einar flytta hit for snart femten år sidan. No reknar dei med at det er rundt 600. Ein liten plett, altså, som blir stadig mindre.

– Kva skal til for å gjere deg glad? Kva vil du ha?

– OL-plass, sjølvsagt. Tur til Pyeongchang. Vere med troppen. Finne god form og få gode resultat. Ein medalje, kan hende.

– Du har mange frå før, seier eg.

– Frå før er ikkje den beste valutaen i idretten, seier Ole Einar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement