– Hei, Suzanne, seier eg.
– Hei, du, seier Suzanne.
Det er mars, snart påske, vårjamdøgn kom og gjekk for ikkje mange dagar sidan, eit døgn vi burde markere i langt større grad enn vi gjer, blir Suzanne og eg raskt einige om, men ikkje berre av di lyset no skal vekse og temperaturen stige og alt bli «betre», «betre» i hermeteikn, sjølvsagt, men av di mørket også skal vekse igjen, om ikkje lenge, det er den fram-og-tilbake-rørsla vi først snakkar om idet vi tar til å snakke med kvar sin rykande kopp føre oss. At lys følgjer mørke og mørke lys. Og at vi ikkje er så sikre på om det det vi kan kalle det politiske vårjamdøgn, følgjer kalenderen. Eller vi er vel sikre på at det ikkje gjer det. Ikkje slik vi måler lys og mørke i alle fall. Tyngd og lette. Vi er med andre ord ikkje i veldig godt humør her vi sit. Eller det er kan hende berre eg?
– Så kva vil du ha for å bli glad? spør eg.
– Eg vil vere til glede, svarer Suzanne.
– Du blir glad av å vere til glede?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.