Den dagen eg trefte nestleiar i Akershus Arbeidarparti, Tonje Brenna, til ein tidleg kaffi (ein veldig tidleg kaffi – søv ikkje politikarar?), tysdag denne veka, var også første gongen på veldig lenge eg har tenkt at no er det ganske kaldt ute. Frå i dag av må eg nok kle meg mykje varmare. Folka rundt meg stod også med høge skuldrer og smale bein.
Så kom trikken.
Trikken var stappfull. Og som mange andre reisande måtte eg ta til takke med ståplass. Og eg hugsar at eg tenkte at no er det nok mange som blir litt gretne her. Særleg ved stoppa, då trikken først bremsa overraskande hardt opp, og så då andre reisande skubba seg både inn og ut.
No blir vi alle litt gretne, tenkte eg.
Men så slo ein annen ting inn: at ingen sa noko grettent, at ingen sa noko som helst, at dei reisande automatisk og lydlaust gav plass til dei som ville forbi, og at nokre av oss fekk klemt ut eit smilt også, oppi alt.
Imponerande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.