Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kva vil du ha for å bli glad?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3280
20180511

Fiktivt

Eit tenkt intervju med Sir Alex Ferguson

Eg likar ikkje sjukehus. Eg trur ikkje eg nokon gong har likt dei. Det er eit enkelt reknestykke: Om eg er der, så er det av di noko er gale med meg eller nokon eg er glad i. Ofte alvorleg gale. Som til dømes no. Eg sit ved sjukesenga til Sir Alex Ferguson, på Salford Royal Hospital. Han blei akutt dårleg for nokre dagar sidan. Hjernebløding. Hasteoperert. Fell i koma. Vaknar igjen. Men heng i ein tråd. Heng enno i ein tråd. Slik vi alle, sjølvsagt, heng i ein tråd.

Eg gir han eit glas vatn. Han likar vatn, seier han, løver og tigrar drikk vatn.

Eg er glad han er betre, men tør ikkje seie det høgt. Sjukehus er rare stader. Her går det troll i ord heile tida. Han lurar på korleis eg har tid til å kome heile vegen og sitte her heile dagen, har eg ikkje jobb?

– Jo, seier eg. – Eg tok nokre dagar fri.

– Fridagar? Kva er det for noko, spør Sir Alex.

Med eit slags smil. Han har ikkje mykje tru på fridagar. Han har tru på arbeidsdagar.

– Men det eg høyrer, seier eg, når du snakkar om arbeidarklassen, er meir hardtarbeidarklassen. Det er ikkje så mykje ei ideologisk tilknyting eller overtyding du siktar til, som det å jobbe ræva av seg. Heilt enkelt.

Sir Alex lagar ein liten, men bekreftande lyd.

– Du har også sagt ein stad at det ikkje er tilfelle at spelarar som David Beckham, Paul Scholes, Eric Cantona, Ryan Giggs og Ronaldo måtte tauast av treningsfeltet, meir eller mindre. Dei fekk aldri nok. Dei trudde vel heller ikkje på fridagar.

Sir Alex smiler slik at augo nesten forsvinn:

– Ikkje i det heile, seier han.

– Dei var overtydde. Ville berre denne eine tingen. Og ut av den eine tingen falda heile verda seg ut for dei. Skjønar du?

– Eg trur det, seier eg.

Men Sir Alex er ikkje overtydd:

– Problemet ditt, trur eg, er at du ikkje lenger ser på herrefotballen som noko viktig. Du ser berre pengar og jålebukkar. Men så må du hugse at verdas beste spelarar, Ronaldo og Messi, dei kom frå ingenting. Frå ingen stad. Og erobra verda. Akkurat som meg. Eg kom også frå ingenting. Eg var berre ein liten gut som spelte på Harmony Row i Goven. Frå ei tid då berre det å eige ein fotball var å vere privilegert. Fotballar som forresten var så tunge at dei gav deg hjerneristing når du heada. Fotball er ein utliknar. Det må du klare å sjå.

Og legg til:

– Ikkje noko er viktigare enn likskap. Men også ulikskap må fordelast likt. Skjønar du?

– Eg trur det, seier eg.

– Det trur eg også. Du kom jo frå ingenting, også du, seier Sir Alex.

– Det er ikkje noko å skamme seg over.

– Så kva vil du ha for å bli glad, spør eg. – Meir likskap?

– Likskap, fellesskap og kollektivtrafikk, seier Sir Alex, og me ler.

Før han legg til:

– Eg likar å minne meg sjølv på første gongen eg så Paul Scholes på treningsfeltet og tenkte «nei, nei, han er for liten». Men eg tok feil. Paul blei i verdsklasse. Ikkje noko gjer meg gladare enn å kunne ta feil på det viset. Og du hugsar vel kva din eigen Ole Gunnar sa om å spele mot spelarar som trur dei er betre enn han?

– Det var det beste han visste, seier eg.

– Ja. Det beste han visste, gjentar Sir Alex, før han legg til, litt ertande:

– Kva er det beste du veit?

Nils-Øivind Haagensen

Nils-Øivind Haagensen er
forfattar og forleggar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis