Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Festen er over for fiskarane

Krympande kvotar, dyrt drivstoff, høg rente og stor gjeld: Det er motvind frå alle kantar for fiskeria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skreifiske utanfor Senja i 2015. På denne tida var torskebestanden i nord svært stor.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

10588
20241115

Krympande kvotar

Norske fiskarar har hatt gode år med store kvotar og høge prisar.

I 2013 var den totale kvoten for torsk i Barentshavet på 1 million tonn.

Av dette kunne norske båtar fiske 430.000 tonn.

Sidan da har bestanden minka. I år er den totale torskekvoten berre 453.000 tonn og den norske delen 212.000 tonn.

Neste år blir kvoten kutta med 25 prosent til. Torskekvoten blir da den lågaste sidan 1991.

Også kvotane for sild, hyse og andre artar har blitt kutta.

Fiske

peranders@dagogtid.no

Ein gullalder for norske fiskarar er over. Bestandane av torsk, sild og andre viktige fiskeslag har minka, og kvotane er kutta hardt. Det er særleg utviklinga til torskestammen i Barentshavet, den viktigaste bestanden for norske fiskarar, som skaper uro langs kysten. I fjor var torskeeksporten verd over 12 milliardar kroner. Av fisk er berre oppdrettslaksen ei meir verdifull eksportvare for Noreg.

Gjennom meir enn ti år med sterke fiskebestandar, stor etterspurnad og låge renter valde mange å investere stort i kvotar og båtar. No kan fiskarar og reiarlag som er tungt lasta med gjeld, kome i klemme.

Gullfisken

Den mest dramatiske utviklinga gjeld den nordaustarktiske torsken, som lever det meste av livet i Barentshavet og blir kalla skrei når han kjem inn til norskekysten for å gyte på ettervinteren. Denne fiskebestanden, som Noreg forvaltar saman med Russland, er ein berebjelke i økonomien til både kystfiskarane og trålarflåten. Etter nokre svake år kring tusenårsskiftet voks torskestammen i Barentshavet svært raskt, og i 2013 var den totale kvoten på ein million tonn – den høgaste nokon gong. Av dette kunne norske båtar fiske 430.000 tonn, og kvotane heldt seg høge i ein god del år.

Men frå 2019 kom det fleire svake årsklassar. I år er den totale torskekvoten berre 453.000 tonn, og den norske delen 212.000 tonn. Neste år blir det verre: Da blir kvotane kutta med 25 prosent til, og norske fiskarar får berre fiske 136.000 tonn. Dette er den minste torskekvoten sidan 1991, berre ein tredel av nivået i toppåret 2013. Og sidan den gongen har det blitt investert for mange milliardar i dei norske fiskeria.

Totalkvote for nordaustarktisk torsk (1990–2025).

Kjelde: Fiskeridepartementet

Kvotesamling

At ei næring investerer og ekspanderer i gode tider, er heilt normalt. Men nokre av dei største investeringane i fiskerinæringane er gjorde i ein innsatsfaktor med usikker verdi, som ikkje var meint å vere handelsvare i det heile: fiskekvotar. Desse løyva skulle ikkje vere omsetjelege, dei skulle vere knytte til fiskebåtane og eigarane deira. Like fullt har det blitt omsett kvotar for eit ukjent tal milliardar i Noreg sidan 1990-åra, ved at folk har kjøpt fartøy med tilhøyrande kvotar for langt meir enn sjølve båten er verd, og deretter flytta fiskerettane over på andre båtar.

Når fleire kvotar blir samla på eitt fartøy, blir det kalla strukturering. Gjennom dei siste 20 åra har fiskarar og reiarar drive kvoteprisane stadig høgare, og investeringane har stort sett vore lønsame. Somme fiskarar som har gått på land, har tent meir på å selje båten og kvotane sine enn dei gjorde på å fiske.

På ein stor ringnotbåt eller trålar kan det vere samla kvotar for fleire hundre millionar kroner.

Svarteper

Men kva skjer no, når kvotane blir kutta? Ein fiskekvote er ikkje ein rett til å fiske ei fast mengd av eit fiskeslag, men ein rett til å fiske ein viss del av totalkvoten. Når den samla fiskekvoten av til dømes torsk krympar, krympar òg kvoten til kvart fartøy. Dei fiskarane som nyleg har investert stort for å utvide ressurstilgangen sin, sit med svarteper.

Og det er store pengar det er snakk om. Ein einskild torskekvote for den minste kystflåten, som gjev rett til å fiske 26 tonn skrei, kan koste godt over fire millionar kroner. I havgåande flåte er det heilt andre summar: På ein stor ringnotbåt eller trålar kan det vere samla kvotar for fleire hundre millionar kroner.

Kritikk

Ein som lenge har kritisert kvotehandelen og prisgaloppen, er Tom Vegar Kiil, leiar i Kystfiskarlaget. Han har dessutan åtvara i fleire år om at det vart fiska for mykje torsk, og bede om kutt i kvotane.

– Det er openbert at det har blitt overinvestert i fiskerinæringa i årevis, seier Kiil.

– Da kvotane var på det største, trudde folk at alt skulle vekse inn i himmelen. No er det verst for dei som har kome inn i næringa ganske nyleg og ikkje har opplevd anna enn gode tider.

Rett nok har norske fiskarar klart seg godt til no, fordi stigande prisar i fleire år har kompensert for dei minkande kvotane. I 2023 fekk fiskarane betre betalt for torsken enn nokon gong. Men no er det ikkje meir å hente på pris, trur Kiil.

– Prisauken kompenserte for fallande volum fram til i fjor. Men slik er det ikkje i år. Eg reknar med at den totale omsetnaden av kvitfisk i år blir 16–17 prosent lågare enn i 2023.

Mindre av alt

Det er som nemnt ikkje berre torskekvoten som krympar. Kvoten for hyse, den nest viktigaste kvitfisken, blir kutta med ein fjerdedel neste år. Sildekvotane har òg minka mykje. Årets kvote for vårgytande sild er 30 prosent mindre enn han var i 2022. Makrellbestanden i Norskehavet er på veg ned etter mange sterke år, kvotane for sei og blåkveite krympar, og kveitefisket blir neste år kvoteregulert for første gong.

I tillegg er fiskeria under press på andre frontar. Bankrenta har som kjent skote i vêret sidan styringsrenta nådde nullpunktet i 2020. Og drivstoffprisane for fiskeflåten vart meir enn dobla etter den russiske Ukraina-invasjonen i 2022, og har ikkje kome ned att. Minkande fangstar, svulmande kostnader: Det liknar ein såkalla perfekt storm for fiskarane.

Meir arbeid

Ein kortvarig storm kan fiskarar saktens ri av. Men kanskje dette samantreffet av uhell kan få varige konsekvensar for fiskerinæringa? Da torskebestanden kollapsa og skreifisket vart stogga i april 1989, endra det dei norske fiskeria på permanent vis. Allmenningen vart lukka, fartøykvotar vart innførte i kystflåten, og mange forsvann ut av næringa for godt. Krisa no treng ikkje få så dramatiske følger, trur Tom Vegar Kiil.

– Det er ikkje noko problem å overleve for dei fiskarane som ikkje har overinvestert. Den minste kystflåten kan fiske på andre artar enn torsk. Men det blir fleire dagar på havet, og meir arbeid for å få same inntekt som før. Og for dei som har lånt for mykje, kan det nok bli vanskeleg.

– Det er openbert at det har blitt overinvestert i fiskerinæringa i årevis.

Tom Vegar Kiil, leiar i Kystfiskarlaget

Stor gjeld

Det synet er det mange som deler. I bankane som har lånt ut mest til fiskeflåten, er det uro, skreiv Fiskeribladet i januar. Avisa skildra kombinasjonen av høg gjeld, fallande kvotar og stigande renter som «en farlig cocktail». Det var særleg stoda i den større fiskeflåten, både havgåande fartøy og i stor kystflåte, som vekte uro i bankane. Sparebank1 SMN hadde sett på gjeldsveksten i 122 reiarlag med båtar over 21 meter. Den totale gjelda auka frå 16 milliardar i 2019 til 22 milliardar i 2022. Verst var situasjonen for kystflåten over 21 meter. Der hadde gjelda vakse frå 5,7 til 9,6 milliardar i same periode – ein auke på 68 prosent på berre tre år.

Når gjelda har auka så mykje i den store kystflåten, heng det saman med at mange reiarlag i denne gruppa har kjøpt nye båtar og ekstra kvotar. «De er veldig belånt. En høyere rente kan gi utfordringer for mange aktører», forklarte Ola Øvrelid i Sparebank1 til Fiskeribladet. Det er i denne delen av fiskeflåten at struktureringa – samlinga av kvotar på færre fartøy – har vore sterkast dei siste åra.

Kuttforslag

Korleis møter så fiskereiarane denne utfordringa? I haust kom eit forslag frå Fiskarlaget, med støtte frå Sjømat Norge, som representerer landindustrien. Dei viste til at det er stor overkapasitet i næringa, og bad om at alle med torskekvotar i nord skal få lov til å samle kvotane sine på færre fartøy fram til 2028. Dermed kan ein i prinsippet fiske like mykje torsk som no med halvparten så mange båtar, og kutte kostnader i ei krisetid.

Fiskeridirektoratet har ikkje konkludert om framlegget enno. Men fleire næringsorganisasjonar er skeptiske – inkludert Kystfiskarlaget. Tom Vegar Kiil meiner ei slik mellombels ordning fort kan bli varig.

– I praksis blir dette ei snikstrukturering, seier Kiil.

– Det som har drive mykje av fiskeripolitikken, har vore mellombelse dispensasjonar som blir gjorde permanente. Om halvparten av dei tilsette skal gå på land i tre år, kven skal da jobbe om bord i 2028? Forslaget inneber at fiskarane skal betale for at reiarane skal tene like mykje pengar som før.

Tolmod

– Det Fiskarlaget har lansert, er ei mellombels strukturering. Men slike mellombelse tiltak i fiskeria har hatt ein tendens til å bli permanente, seier Jahn Petter Johnsen, professor ved Noregs fiskerihøgskole.

Han ser ikkje for seg at krisa no skal få like store konsekvensar som torskekrisa kring 1990.

– Fiskeprisane har i nokon grad kompensert for nedgangen i kvotar, men neppe fullt ut. Vi får ikkje verkeleg sjå utslaga før vi får tala for lønsemda i 2024. Det er mykje gjeld i fiskeflåten no. Men for bankane er det lite tene på å presse folk til å selje båt og kvote. Det løner seg truleg betre å vere tolmodig og vente på at kvotane aukar att, seier Johnsen. Han trur dei verste utslaga av kvotekutta kjem til å kome i landindustrien, som slit med både råstoffmangel og høge prisar på fisken. I tillegg ser han for seg at nedgangen i kvotane kan få følger for ein del av mannskapa i fiskeflåten.

­– Dei delane av fiskeflåten som har høgast gjeld, kjem òg til å få nokre tøffe år.

Audun Iversen, Nofima

Tøffe år

Også Audun Iversen, siviløkonom og forskar ved matforskingsinstituttet Nofima, trur det er fiskeindustrien på land som kjem til å streve mest.

– Men dei delane av fiskeflåten som har høgast gjeld, kjem òg til å få nokre tøffe år. Dei som har investert mykje i kvotar og båt dei siste åra, kan få det vanskeleg. Og slike finn du i alle delar av fiskeflåten, seier Iversen, som har økonomi i fiskerinæringa som spesialfelt.

– Denne ressurskrisa er ikkje like alvorleg som den kring 1990, og det blir ikkje ei like stor omkalfatring av næringa. No er fleire rammer på plass, og kvotane er fordelte på færre fartøy.

Iversen er ikkje overraska over at kvotekutta førebels ikkje har ført til noko stort billegsal av båtar og fiskekvotar.

– Alle reknar jo med kvotane skal opp att. Spørsmålet er kor lang tid det tek. Ingen har lyst til å selje billeg, så somme sit nok på gjerdet og håpar at dette går over, seier Audun Iversen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis