Ferjefritt og frykteleg dyrt

Ferjefri E39 på Vestlandet er både vilt og dyrt, men so vill og dyr som samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil at vegen skal verta på Sunnmøre, det skulle ein ikkje tru var mogeleg.

Publisert Sist oppdatert

Når forskarar ser på samferdsleprosjekt i Sverige, kan dei på basis av samfunnsnytta føreseia kva prosjekt som vert gjennomførde kvar. Dei reknar, òg so peikar dei på kartet og seier: «Her kjem den neste vegen eller jarnbanen eller t-banen til å gå.» Dei reknar enkelt og greitt med at det prosjektet som får flest menneske fram til ein lågast mogeleg kostnad på kortast mogeleg tid, vert vedteke. Og det vert det. Det er ikkje uventa at det er slik i Sverige, for i Sverige er det Riksdagen som løyver peng­ane, men ekspertar som avgjer kvar samferdsleårene skal gå. Politikarane held seg unna etter at pengane er løyvde.

I Noreg som i Sverige er det parlamentet som løyver peng­ane, men i motsetnad til Sverige er det òg politikarane som avgjer kvar samferdsleårene skal gå. Slikt får fylgjer. Når samferdsleforskarar freistar å finna ut kvar vegane kjem til å gå i Noreg, bommar dei heile tida. Dei har ikkje sjanse til å føresjå kvar det neste prosjektet kjem. Stortinget tek rett og slett ikkje omsyn til kostnader og samfunnsnytte når dei vedtek nye prosjekt.

Villskap på Sunnmøre

Men det som no går føre seg på Sunnmøre, nærmar seg truleg noregsrekord i samferdslevillskap. Prosjektet heiter «Ferjefri E39» og er ein arv frå den førre regjeringa, som var desperat etter å vinna stortingsvalet i fjor. Difor la dei fram noko dei hevda var Nasjonal transportplan (NTP), men som i røynda var noko heilt anna enn ein plan; det var ein meny over gode intensjonar, noko statens eige Transportøkonomisk institutt (TØI) har gjort heilt klårt.

Både Austlandet og Vestlandet vart tilgodesedde. Det sentrale Austlandet skal få Intercity-tog, som alle skal innom Oslo, som TØI seier vil føra til kaos på vegane og lokaltoglinene. Prosjektet kjem neppe til å verta gjennomført. Oslo-tunnelen er sprengd, og Oslo S er innestengd og kan ikkje utvidast. Men alle partia på Stortinget stør heilehjarta opp om planen. Ingen vil leggja seg ut med veljarane som er leie trafikk-kaos og kø. Kaoset og køen er det uråd å byggja seg ut av om vi skal tru trafikkforskarane.

Vestlandet, særleg Nordvestlandet, har ikkje same pressproblema som Oslo, Vestlandet har derimot ferjer, mange ferjer. Desse ferjene vert bortimot hata av vestlendingane, og særleg hatar Frp-arar ferjer. Dei hindrar fri flyt og fri fart. Dei gjer eit individuelt prosjekt, privatbilen, til noko kollektivistisk og regulert. Og når veljarane hatar ferjene, responderer politikarane. Sidan austlendingane skulle få eit umogeleg prosjekt, Intercity, måtte òg vestlendingane få det same, ferjefri E39. Målet er i og for seg høgverdig nok, rask og direkte trafikk mellom Trondheim og Stavanger.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement