Fattig stat, rike borgarar

Di meir oljepengar vi nyttar, di fattigare ser staten ut til å verta. I 1998 betalte staten 72 millionar for 1 kilometer med motorveg, no betaler han 213.

Publisert Sist oppdatert

Det er tilsynelatande gode tider for nordmenn, levestandarden berre aukar og aukar. Møblar vert billegare, klede vert billegare, elektronikk vert billegare, og bilar vi før berre kunne drøyma om, er no allemannseige. Det skulle då berre mangla når staten pøsar meir og meir oljepengar utover landet. Statistikken er i grunnen nokså imponerande eller nokså skræmande, alt etter korleis ein ser det. Ingen statsminister nokon gong har auka pengebruken meir enn Jens Stoltenberg.

Det siste budsjettet før Stoltenberg II tok over, var det i 2004. Då var utgiftssida 625 milliardar. Skulle veksten fram til 2013 halde fylgje med inflasjonen, hadde statsbudsjettet for 2013, vore på 730 milliardar. Det vart det ikkje. I 2013, har Stortinget vedteke, skal staten nytta 1065 milliardar, eller 335 milliardar meir enn inflasjonen skulle tilseia. Og når pengane i kassa kling, straks ut or skirselden sjela spring. Nordmenn har verkeleg fått merka at vi er eit privilegert folkeslag; no ligg lønene våre over 60 prosent høgre enn gjennomsnittet for EØS.

Oljefondet

Det var i 1996 at Noreg fekk så store overskot at vi byrja å setja til sides pengar til Oljefondet. Oljeprisen i 1990-åra låg stort sett mellom 15 og 20 dollar per fat, i 1999 var prisen nede i 12 dollar. At Oljefondet skulle verta på over fire billionar som i dag og truleg kjem til å auka til seks–sju, ja, kanskje åtte tusen milliardar, hadde vorte sett på som reinaste Soria Moria-tenkjinga i 1996.

Likevel var vi tilsynelatande så ansvarlege at vi vedtok handlingsregelen som seier at vi i gjennomsnitt berre kan nytta 4 prosent av Oljefondet per år. Det året Stoltenberg I vedtok regelen, i 2001, var oljeprisen 25 dollar fatet og fondet på skarve 631 milliardar. No ligg oljeprisen på rundt 100 dollar fatet, og der har han lege lenge. Og i takt med at oljeprisen har auka og Oljefondet med han, har staten nytta stadig meir pengar. Vi har tilsynelatande verkeleg hatt høve til å byggja landet.

Eller har vi det? Lat oss byrja 1. januar 1998. Då hadde Oljefondet nettopp passert 100 milliardar, nyårsdagen stod det 113 milliardar på konto, og det vedtekne statsbudsjettet hadde ei utgiftsside på 428 milliardar. Kva kosta ein kilometer med gjennomsnittleg motorveg i 1998, seier Statens vegvesen? 72 millionar. Kva kosta ein kilometer med motorveg i 2012? 213 millionar. Det gjev ein årleg inflasjon på 8 prosent.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement