JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Farvel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1778
20181207
1778
20181207

Den siste tida har det slått meg at talet på dødsannonsar i Aftenposten har gått ned. Eg har talt dødsannonsar i nokre nye og gamle aviser, men ikkje gått vitskapleg til verks. Før i tida såg eg fram til tre fulle sider med annonsar på dei beste dagane. Dersom eit dødsfall ikkje var meldt i Aftenposten, var det som om vedkomande framleis var i live.

Kva skjer? Kan det vere at døden er på veg ut av det offentlege rommet? At mange ikkje vil ha merksemd på dagen?

Å lese dødsannonsane er ei høgtidsstund då eg kan verte blank i auga og få medkjensle med dei som har mist vener, familie og kjende. Likevel har eg teke meg i nærast å verte vonbroten over ikkje å finne kjende namn i annonsane.

Det er interessant å sjå korleis sjangeren utviklar seg. Dei fleste held seg til dei vanlege frasane. Rett etter eit dødsfall kan ein vere så lamma at det er det enklaste. Andre er flinke til å seie noko om personlegdommen til ho eller han som er borte. Teksten kan ose av sakn, kjærleik og humor, som ei veninne av meg som innleidde dødsannonsen med at «verdas sterkaste mann», far hennar, var død.

Her i landet er det vanleg at dei etterlatne ordnar alt frå dødsannonse til seremoni. Då den danske avisa Berlingske Tidende fekk inn ein dødsannonse, forfatta av den døde sjølv, var det så uvanleg at dei skreiv ei sak om det.

I annonsen skreiv ho, som døydde berre 41 år gammal, at ho hadde drege til den andre sida og skulle sendast til havs frå barndomsstranda si. Ho takka familien med orda: «Tusind tak, det var en fornøjelse. Det vigtigste er altid holdning, og min er: Vi ses!» Ho valde å ta farvel i eigen regi, utan prest og kyrkje, gravferds­talar eller seremonirom, men dødsannonse, det hadde ho.

Vi kjem alle til å døy, men ikkje nødvendigvis i avisa.

Tiriltunga

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis