Farvel til fredsnasjonen

Det var ein gong eit land som ville verda så vel.

I nesten ti år prøvde Erik Solheim å mekle i krigen mellom regjeringa og separatistrørsla LTTE på Sri Lanka. Her kjem han til Kilinochchi i eit område som separatistane kontrollerte i januar 2006. Krigen enda med eit blodbad og ein knusande siger for regjeringshæren i 2009.
I nesten ti år prøvde Erik Solheim å mekle i krigen mellom regjeringa og separatistrørsla LTTE på Sri Lanka. Her kjem han til Kilinochchi i eit område som separatistane kontrollerte i januar 2006. Krigen enda med eit blodbad og ein knusande siger for regjeringshæren i 2009. I nesten ti år prøvde Erik Solheim å mekle i krigen mellom regjeringa og separatistrørsla LTTE på Sri Lanka. Her kjem han til Kilinochchi i eit område som separatistane kontrollerte i januar 2006. Krigen enda med eit blodbad og ein knusande siger for regjeringshæren i 2009.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje heilt enkelt å hugse no når krigen rasar i Ukraina og alle er samde om at Noreg og resten av Nato må ruste opp. Men det er ikkje lenge sidan det var brei semje om at Noreg var ein fredsnasjon, eit land med eit kall om å hjelpe verda, med diplomatar som mekla fram fredsavtalar over heile kloden. Noreg var eit land som skulle setje FN først i verdspolitikken, og som arbeidde for global nedrusting, forbod mot klasevåpen og fjerning av alle atomvåpen.

I dag er det få som brukar ordet «fredsnasjon» om Noreg – anna enn til ironiske eller sarkastiske føremål. Mange av fredsprosessane Noreg engasjerte seg sterkt i, fekk tragiske utfall. Forsvaret prioriterer systematisk Nato-oppdrag framfor FN-oppdrag, og Noreg er ingen pådrivar for nedrusting. Den norske fredsrørsla er nesten usynleg, og støtta til norske fredsorganisasjonar er kutta hardt.

Kort sagt: Noko har skjedd. Og ideen om fredsnasjonen byrja å smuldre opp lenge før Russland gjekk til full invasjon av Ukraina.

Oslo-avtalen

Når var entusiasmen for fredsnasjonen Noreg på det høgaste? Ein kandidat kunne vere ein septemberdag i 1993, da Yassir Arafat, Yitzhak Rabin og Bill Clinton møttest framfor Det kvite huset for å signere Oslo-avtalen mellom Israel og den palestinske leiarskapen, det som da såg ut til å vere den store triumfen til norske fredsmeklarar.

Men den avtalen var berre eit steg på vegen. Etter dette vart Oslo marknadsført som «fredshovudstaden», og norske politikarar snakka om «ei humanitær stormakt» og om ein særeigen «norsk modell» for fredsmekling. Oslo-avtalen vart ei stadfesting av Noregs spesielle rolle i verda, han styrkte sjølvtilliten i UD og trua på at Noreg kunne oppnå store ting i verdspolitikken, og motiverte styresmaktene til å satse enda hardare på fredsmekling i åra som følgde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement