JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Farvel til fredsnasjonen

Det var ein gong eit land som ville verda så vel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I nesten ti år prøvde Erik Solheim å mekle i krigen mellom regjeringa og separatistrørsla LTTE på Sri Lanka. Her kjem han til Kilinochchi i eit område som separatistane kontrollerte i januar 2006. Krigen enda med eit blodbad og ein knusande siger for regjeringshæren i 2009.

Foto: Gemunu Amarasinghe / AP / NTB

20651
20221202
20651
20221202

Politikk

peranders@dagogtid.no

Det er ikkje heilt enkelt å hugse no når krigen rasar i Ukraina og alle er samde om at Noreg og resten av Nato må ruste opp. Men det er ikkje lenge sidan det var brei semje om at Noreg var ein fredsnasjon, eit land med eit kall om å hjelpe verda, med diplomatar som mekla fram fredsavtalar over heile kloden. Noreg var eit land som skulle setje FN først i verdspolitikken, og som arbeidde for global nedrusting, forbod mot klasevåpen og fjerning av alle atomvåpen.

I dag er det få som brukar ordet «fredsnasjon» om Noreg – anna enn til ironiske eller sarkastiske føremål. Mange av fredsprosessane Noreg engasjerte seg sterkt i, fekk tragiske utfall. Forsvaret prioriterer systematisk Nato-oppdrag framfor FN-oppdrag, og Noreg er ingen pådrivar for nedrusting. Den norske fredsrørsla er nesten usynleg, og støtta til norske fredsorganisasjonar er kutta hardt.

Kort sagt: Noko har skjedd. Og ideen om fredsnasjonen byrja å smuldre opp lenge før Russland gjekk til full invasjon av Ukraina.

Oslo-avtalen

Når var entusiasmen for fredsnasjonen Noreg på det høgaste? Ein kandidat kunne vere ein septemberdag i 1993, da Yassir Arafat, Yitzhak Rabin og Bill Clinton møttest framfor Det kvite huset for å signere Oslo-avtalen mellom Israel og den palestinske leiarskapen, det som da såg ut til å vere den store triumfen til norske fredsmeklarar.

Men den avtalen var berre eit steg på vegen. Etter dette vart Oslo marknadsført som «fredshovudstaden», og norske politikarar snakka om «ei humanitær stormakt» og om ein særeigen «norsk modell» for fredsmekling. Oslo-avtalen vart ei stadfesting av Noregs spesielle rolle i verda, han styrkte sjølvtilliten i UD og trua på at Noreg kunne oppnå store ting i verdspolitikken, og motiverte styresmaktene til å satse enda hardare på fredsmekling i åra som følgde.

Ein sterkare kandidat til toppunktet i soga om fredsnasjonen var foredraget som daverande utanriksminister Jonas Gahr Støre heldt ved Nobels fredssenter i april 2006. Tittelen var «Norge som fredsnasjon – myte eller virkelighet?», og det var ingen tvil om kva svaret var. Støre slo ikkje berre fast det openberre, som at «nordmenn ønsker fred, for seg selv, og for andre». Han hadde òg store ambisjonar: «Norge har alle forutsetninger for å være en fredsnasjon. Med vårt utgangspunkt har vi intet annet enn et soleklart ansvar for å være en nasjon for fred.»

Støre viste til ei rekkje fordelar for Noreg i fredsarbeidet: brei semje om utanrikspolitikken, store bidrag til FN og oversiktlege økonomiske og politiske interesser. «Derfor er det lettere for oss å understreke at vi ikke har skjulte motiver eller andre agendaer for vårt fredsarbeid.»

Soria Moria

Orda til Støre var solid politisk forankra. Soria Moria-erklæringa den raudgrøne regjeringa la fram i 2005, slo fast at «Norge skal være en tydelig fredsnasjon. Regjeringen vil styrke Norges bidrag til å forebygge, dempe og løse konflikter.» Her heitte det dessutan: «Vårt mål er fullstendig avskaffelse av atomvåpen.» Erklæringa var proppa med tilvisingar til FN, og forsikra at regjeringa ville «trappe opp den norske sivile og militære deltakelsen i FNs fredsbevarende arbeid, med særlig vekt på Afrika».

Påverknaden frå SV var tydeleg. Men dette var òg Aps utanrikspolitiske line, og ideane hadde oppslutnad også på borgarleg side. Knapt nokon målbar desse tankane tydelegare enn Kjell Magne Bondevik frå KrF gjorde som statsminister frå 2001 til 2005.

I nyttårstalen sin i 2003 hevda han at «arbeidet for fred har vært en av de grunnvoller Norge har bygget på gjennom århundrer». Noreg skal vere ein fredsnasjon, slo Bondevik fast, og bidra til å «bygge en fredskultur i de store forhold, mellom nasjoner».

Kor kom dette sjølvbiletet frå?

Bjørnson og Nansen

Ideen om Noreg som ei kraft for fred har lange røter. Statsvitaren Halvard Leira har spora noko av tankegodset attende til 1800-talet. Fredsviljen var sterk i Venstre-rørsla som dominerte norsk politikk på 1890-talet, og fred var noko ein kunne sikre gjennom frihandel, opplysing og folkerett. Da Arbeidarpartiet seinare fekk gjennombrotet sitt, kom fredsviljen, den internasjonale solidariteten og antimilitarismen til arbeidarrørsla med på kjøpet. Ei tredje rot til det internasjonale engasjementet låg i den kristne tradisjonen for nestekjærleik, med blandinga si av misjon og bistand. Alle tre linene er det mogleg å følgje gjennom norsk utanrikspolitikk heilt fram til i dag.

Samstundes kunne ein finne liknande tankegods i ei rekkje europeiske land i same epokar, så ideen om Noreg som ein eksepsjonell nasjon må ha fleire forklaringar. Noko er truleg historisk slump knytt til einskildpersonar: Bjørnstjerne Bjørnsons engasjement for fredssaka, historikaren og politikaren Halvdan Koht som i 1896 hevda at «hele vort Folk er naturlige og fødte Fredsvenner». Svenske Alfred Nobel, som testamenterte ansvaret for fredsprisen til det norske stortinget i 1895, Fridtjof Nansens innsats for naudhjelp og menneskerettar i mellomkrigstida og Trygve Lie som vart den første generalsekretæren i FN i 1949, for å nemne noko.

FN-styrkane

Etter andre verdskrigen låg ideen om fredsnasjonen Noreg lenge i halvvegs dvale. Gjennom den kalde krigen var Noreg først og fremst ein lojal Nato-alliert, med ein utsett posisjon på nordflanken til alliansen og Sovjetunionen som ein farleg nabo. I den grad Noreg utmerkte seg med fredsviljen sin i desse åra, var det gjennom bidraga til fredsstyrkane til FN. Til saman tenestegjorde kring 22.000 nordmenn i Unifil-styrkane i Libanon, 11.000 i Unef-styrkane i Gaza og Egypt og 1200 i Kongo, i tillegg til ei lang rekkje mindre bidrag til FN-operasjonar rundt i verda. Det var ikkje utan menneskelege kostnader: På dei 20 åra Noreg hadde fredsstyrkar i Libanon, mista 21 nordmenn livet i teneste.

Under den kalde krigen var det lite rom for eit lite land til å prøve seg som internasjonal fredsmeklar. Men så endra verda seg.

Runddans

Det første store norske fredsinitiativet sprang ut av det kristne organisasjonslivet. På slutten av 80-åra var Gunnar Stålsett leiar for Det lutherske verdsforbundet, og saman med Kirkens Nødhjelp fekk han i 1989 i gang samtalar for å få slutt på borgarkrigen i Guatemala. Utanriksdepartementet vart interessert og støtta fredsforhandlingane med både pengar og folk. I åra som følgde, vart fredsmekling eit satsingsfelt for UD, der Oslo-avtalen frå 1993 var høgdepunktet. Når satsinga på fredsarbeid og bistand fekk slikt omfang, kan det dels forklarast med at dei same personane vandra att og fram mellom politikk, diplomati, humanitære organisasjonar og forskingsinstitusjonar som Fafo og Nupi. Dette er det Terje Tvedt har kalla det humanitær-politiske komplekset.

Døma er mange: Gunnar Stålsett var både kyrkjeleiar og senterpartipolitikar. Jan Egeland kom frå Raudekrossen til jobbar som rådgjevar og statssekretær for Ap i Utanriksdepartementet frå 1990 til 1997, og lanserte ideen om Noreg som ei «humanitær stormakt». Seinare har Egeland hatt leiarverv i mellom anna FN, Human Rights Watch, Raudekrossen og Nupi. Raymond Johansen har vore statssekretær i UD, avdelingsleiar i Norad og generalsekretær i Flyktninghjelpen. Thorvald Stoltenberg var utanriksminister for Ap tidleg i 1990-åra, fredsmeklar for FN i Bosnia og sat som president i Raudekrossen fram til 2008. Da vart han avløyst av Jan Egeland, som i sin tur vart avløyst av Jonas Gahr Støre i 2003.

Jorda rundt

Arbeidarpartiet vart i tillegg påverka av det internasjonale engasjementet til Norsk Folkehjelp, bistandsorganisasjonen som sprang ut av LO. På same vis hadde Kirkens Nødhjelp og andre kristne organisasjonar stor påverknad i Kristeleg Folkeparti. I dette samspelet mellom bistandsmiljøa og politikken vart ideen om fredsnasjonen driven fram. Og etter den tilsynelatande suksessen i Midtausten i 1992 engasjerte Noreg seg i fredsmekling i ei lang rekkje konfliktområde rundt i verda: Sri Lanka, Sudan, Colombia, Burma, Filippinane, Nepal, Somalia, Libya, Kypros, Venezuela, Aust-Timor og Nigeria, for å nemne nokre.

Ideen om den humanitære stormakta Noreg fekk òg oppslutnad i Høgre. «Siden Fridtjof Nansen har humanitær innsats vært en del av vår nasjonale identitet», sa til dømes utanriksminister Jan Petersen i Stortinget i 2002.

Paradoks

Den norske fredsinnsatsen i desse åra var ikkje berre altruistisk motivert. Det handla òg om å styrkje Noregs posisjon i verda, og ikkje minst om å halde seg relevant for USA etter at den kalde krigen var over. Ifølgje historikaren Ada Nissen skal Jan Petersen ha lagt vekk noko av skepsisen sin mot den norske fredspolitikken under eit statsbesøk i USA, der han vart overraska av at amerikanarane heller ville snakke om Noregs fredsmekling på Sri Lanka enn om Nato og tryggingspolitikk. USA såg ein viss verdi i at ein alliert som Noreg førte samtalar med folk dei sjølve ikkje kunne snakke med. Og det var under Petersen UD oppretta ein eigen seksjon for fred og forsoning. Fredsnasjonen var blitt eit tverrpolitisk prosjekt.

At denne ideen var full av paradoks, er så si sak. Noreg er til dømes ein av verdas største våpeneksportørar i høve til folketalet. På slutten av 1990-åra låg eksporten av våpen og forsvarsmateriell på kring ein milliard kroner årleg. I fjor var eksporten verd nær åtte milliardar kroner. (Den største kunden var Qatar, som åleine kjøpte militærutstyr for nesten ein milliard frå Noreg.)

FN og Nato

Eit anna paradoks: Medan norske styresmakter tradisjonelt hadde insistert på at internasjonale militæroperasjonar måtte ha FN-mandat, deltok Noreg i Nato-krigen mot Jugoslavia i 1999 utan slikt mandat frå Tryggingsrådet.

Den krigen kunne forsvarast med at målet var å verne sivile i Kosovo. Men han er òg døme på eit stort skifte i norsk utanrikspolitikk: Medan Noreg før ville setje FN først, er det no Nato-oppdrag som tel.

I boka Fredsnasjonen Norge syner Kristoffer Egeberg korleis denne dreiinga tok til i 1990-åra. Dei tidlegare FN-operasjonane Noreg var med på, var prega av ein slik amatørskap at det er vanskeleg å tru på i dag. Mange av dei som vart sende ut på til dels farlege FN-oppdrag, var vanlege borgarar med gjennomført verneplikt og eit kurs på to til fire veker som grunnlag. Dei norske FN-soldatane som vart sende inn i borgarkrigen i Somalia i 1992, ante ikkje kva dei gjekk til. Utstyret dei fekk med seg, inkluderte vintertelt og 25 kilo skismurning, men ikkje skotsikre vestar. At dei norske soldatane slapp frå det med sju skadde, var eit mirakel.

Telemark

Dette er ein del av bakgrunnen for at Noreg i 1994 oppretta Telemark bataljon. Denne elitestyrken skulle vere tilgjengeleg både for Nato og for FN-oppgåver. Regjeringa hadde erkjent at mange FN-oppdrag var for farlege for amatørar. Men Telemark bataljon vart i praksis ikkje tilgjengeleg for bruk i FN-teneste. Medan dei tidlegare norske FN-styrkane ikkje var profesjonelle nok til å handtere skarpe oppdrag, meinte Forsvaret at styrkane til Telemark bataljon var blitt for gode til å kunne operere under FN-kommando, skriv Egeberg. Og talet på nordmenn i FN-styrkar rundt i verda har gått stadig nedover sidan uttrekkinga frå Libanon i 1998.

I Soria Moria-erklæringa frå 2005 var framleis trua på FN sterk. «FN» er nemnt 41 gonger i erklæringa, som slo fast: «Vi vil trappe opp den norske sivile og militære deltakelsen i FNs fredsbevarende arbeid, med særlig vekt på Afrika.» Men slik vart det ikkje. Bidraga frå Noreg til FN-operasjonar dei neste fire åra var eit feltsjukehus i Tsjad og nokre torpedobåtar i havet utanfor Libanon. Fleire førespurnader frå FN om å sende styrkar i fredsbevarande oppdrag vart avslått. Noreg har halde fram med å vere ein stor økonomisk bidragsytar til FN, men bidraga i form av personell til operasjonar i FN-regi har vore få og små. Det største bidraget det siste tiåret har vore i FN-operasjonen i Mali, men dette er no redusert til seks offiserar.

Tripoli

Derimot har mange norske soldatar vore i krig under Nato-kommando dei siste 20 åra. Til saman 9200 nordmenn gjorde teneste i Afghanistan, ti av dei mista livet. Og i Libya-krigen i 2011 var Noreg ein svært aktiv deltakar: Norske kampfly sleppte 588 bomber over Libya. Den krigen kan sjåast som eit slags punktum for soga om fredsnasjonen. Da dei første amerikanske rakettane råka landet, sat to norske diplomatar i hovudstaden Tripoli, skreiv Ståle Wig i boka Seierherren frå 2014. På vegner av norsk UD hadde dei hatt samtalar med Saif al-Islam, sonen til diktatoren Muammar al-Gaddafi, i håp om å få til ein fredsavtale.

Utanriksminister Støre var svært skeptisk til denne krigen, men dialogforsøka vart stogga av Nato-bombene. Gaddafi-regimet fall, og Libya kollapsa i kaos. For statsminister Jens Stoltenberg, som ifølgje Sp-leiar Liv Signe Navarsete pressa nokså hardt for å få regjeringa til å støtte bombinga, var derimot vinsten stor: I oktober 2011 vart han for første gong invitert til Det kvite huset, der president Obama takka han varmt for dei norske bidraga i Libya. Og i 2014 vart Stoltenberg generalsekretær i Nato.

Nedrusting

Den norske dreiinga vekk frå ideen om fredsnasjonen har òg vist seg på andre felt. «Norge er en pådriver for nedrustning», heiter det framleis i instruksen til den norske FN-delegasjonen. Det var i alle fall sant ein gong. Norske diplomatar gjorde ein stor innsats for å få internasjonale forbod mot klasevåpen og antipersonellminer. Desse sakene var langt frå enkle å fronte, og det norske standpunktet var ikkje populært i alle Nato-land. Men strevet førte fram. Minekonvensjonen vart vedteken i 1997 og er ratifisert av 164 land. Klasevåpenkonvensjonen vart signert i Oslo i 2008 og er ratifisert av 110 land. Når Noreg prioriterte dette arbeidet høgt, var det dels eit resultat av påverknaden Norsk Folkehjelp og andre humanitære organisasjonar hadde på politikarane. Men sidan da ser det ut til at gjennomslaget for sivilsamfunnet har blitt svakare i nedrustingsspørsmål.

Som nemnt lova den raudgrøne regjeringa i 2005 å arbeide for å avskaffe atomvåpen. Og i 2013 arrangerte Noreg ein konferanse om dei humanitære konsekvensane ved bruk av atomvåpen, der målet var å bidra til nedrusting. Dette vart starten på ein prosess i FN-systemet, og hovudforsamlinga i FN vedtok fleire resolusjonar mot all bruk av atomvåpen. Men etter at Solberg-regjeringa kom til makta i 2013, skifta Noreg line. I 2017 slutta 122 av medlemslanda i FN seg til eit forbod mot atomvåpen, og Noreg var ikkje blant dei. «Det er ikke aktuelt for Norge å støtte forslag i FN som svekker Nato som forsvarsallianse», sa utanriksminister Børge Brende til NRK.

Regjeringsskiftet i fjor endra ikkje standpunktet til Noreg, sjølv om Hurdalsplattforma seier at regjeringa vil «arbeide sammen med land i og utenfor NATO for en verden uten atomvåpen». I august i år stilte 145 land seg bak eit innlegg i FN med krav om at atomvåpen aldri skal bli brukt. Noreg var ikkje blant dei.

«Vi jobbet for å få andre Nato-land til å slutte seg til. Det viste seg ikke å være mulig. Da ville vi ikke som eneste Nato-land bryte med alliansepartnere», sa Eivind Vad Petersson (Ap), statssekretær i UD, til Aftenposten.

Kutt

Organisasjonar som arbeider for nedrusting, har òg merka dei nye tidene. I periodar har løyvingane til slike føremål vore romslege, og i 2011 vart Fredshuset etablert i Oslo, ein samlingsstad for mellom anna Norges Fredsråd, Nei til Atomvåpen, Leger mot atomvåpen og den internasjonale rørsla mot atomvåpen (ICAN), som fekk Nobels fredspris i 2017. Same år vart posten «Opplysingsarbeid for fred» fjerna frå statsbudsjettet av Solberg-regjeringa, og Fredshuset vart nedlagt i 2019. Noko av støtta til organisasjonane vart berga av Venstre i Solberg-åra. I budsjettet for 2023 ville dagens regjering fjerne heile potten for fredsorganisasjonane i statsbudsjettet, men denne veka vart SV berginga i budsjettforhandlingane og sikra nokre kroner til freds- og nedrustingssaka.

Kutta i støtta til fredsorganisasjonane viser at prioriteringane til Utanriksdepartementet har endra seg, meiner Hedda Langemyr. Ho er tidlegare leiar for Norges Fredsråd og no leiar for Utsyn, eit forum for utanriks- og tryggingspolitikk. Langemyr meiner UD før såg ein nytteverdi i organisasjonar som arbeidde for atomnedrusting.

– Tidlegare hadde UD eit stort engasjement når det gjeld dei humanitære konsekvensane av atomvåpen. Og støtta til organisasjonar som ICAN kom nok dels frå eit ønske om å bidra til eit meir moderne sivilsamfunn, som kunne vere ein pådrivar på dette feltet og tiltrekkje seg yngre folk. Men Noreg vil ikkje lenger fronte kampen mot atomvåpen, og har innteke ei meir forsiktig rolle.

Nye tider

Når Noreg no prioriterer ned fredsarbeid og nedrusting, heng det saman med ein endra tryggingspolitisk situasjon, påpeikar Langemyr. Den russiske krigen mot Georgia i 2008, annekteringa av Krym i 2014, krigen i Donbas og invasjonen av Ukraina i år har endra spelereglane.

– Den norske engasjementspolitikken måtte vike for tryggingspolitikken, seier Langemyr.

I den nye harde røyndomen som Putin har skapt, har den norske fredsrørsla blitt nær usynleg. I februar 2003 demonstrerte over 100.000 nordmenn mot den USA-leidde invasjonen av Irak, 60.000 berre i Oslo. I år har på det meste kring 1000 nordmenn demonstrert mot Ukraina-invasjonen. Langemyr meiner fredsrørsla ikkje har klart å oppdatere seg til ein ny røyndom der Russland er aggressoren, ikkje USA. «Antiamerikanismen og en noe utdatert kritikk av Natos rolle er blant årsakene til at ting er blitt som de er blitt», sa ho til Morgenbladet i oktober i år.

– Skal vi ha ei relevant fredsrørsle, må ho vere tilpassa dei tryggingspolitiske realitetane vi lever med, seier Hedda Langemyr.

Sjølvskaping

I denne nye verda er det vanskelege vilkår også for det som måtte finnast av idealistar i UD. Handlingsrommet som opna seg etter den kalde krigen, har skrumpa inn. I tillegg: Mange av dei fredsavtalane norske diplomatar har vore med på å forhandle fram, viste seg å vere nokså hole. Det vart ingen fred mellom Israel og palestinarane etter Oslo-avtalen. I Sør-Sudan, den nye staten som Noreg brukte uhorvelege summar på å byggje opp, braut det ut borgarkrig. Borgarkrigen på Sri Lanka vart ikkje avslutta av fredsmeklinga til Erik Solheim, men av at regjeringshæren knuste Tamiltigrane militært. Det finst meir vellukka døme, som fredsavtalen i Guatemala frå 1996. Men trua på «den norske modellen» i fredsforhandlingar er ikkje lenger så stor.

Kanskje har nokre av dei viktigaste effektane av strevet til «fredsnasjonen» vore innanlands. I artikkelen «Lite land, stor vilje» frå 2021 skriv Ada Nissen og Hilde Henriksen Waage at ideen om «den norske fredsmodellen» og fredstradisjonen har påverka sjølvbiletet: «Som alle nasjonale narrativer har fredstanken vært viktig for utviklingen av vår kollektive identitet. Om Norge ikke alltid lykkes med å skape fred, er fredsarbeidet med på å skape Norge.»

Støres vending

Ein som fanga opp det same, var Benson K. Whitney, amerikansk ambassadør i Noreg frå 2006 til 2009. I ei av ambassademeldingane som Wikileaks publiserte i 2011, skreiv han sarkastisk heim til Washington: «Nordmenn trur fullt og fast på at det er noko ibuande godt med å vere norsk, og at Noreg har ei spesiell rolle i arbeidet for å fremje fred i verda. (...) Utanriksminister Jonas Gahr Støre personifiserer på mange måtar den norske eksepsjonalismen, men han er på ingen måte åleine.»

Men dette var i 2009, og sidan da er ein del illusjonar tapte. Vi kan nytte Jonas Gahr Støre som målestokk for utviklinga. Som utanriksminister i 2006 var han krystallklar på at Noreg var ein fredsnasjon. Tonen var ein heilt annan da Kristoffer Egeberg intervjua han til boka Fredsnasjonen Norge ti år seinare. Da sa Støre at han mislikte dette omgrepet – og alltid hadde gjort det.

«Jeg har aldri likt at vi pynter oss med begrepet fredsnasjon, fordi jeg mener det dekker over at vi er en nasjon med flere sider», sa Støre i 2016. Han meinte omgrepet kunne verke falskt fordi Noreg først og fremst er ein nasjon som skal ta vare på sin eigen tryggleik. «Små land ønsker å bidra til fred fordi vi vet at konflikter er farlige for oss. Men jeg har aldri likt ordet fredsnasjon», gjentok Støre.

Litteratur:

Kristoffer Egeberg: Fredsnasjonen Norge (2017)

Halvard Leira (red.): Norske selvbilder og norsk utenrikspolitikk (2007)

Halvard Leira: «Folket og freden. Utviklingstrekk i norsk fredsdiskurs 1890–2005». Artikkel i Internasjonal politikk 2005

Henrik Thune og Leiv Lunde: Hva Norge kan være i verden (2013)

Helge Ø. Pharo m.fl (red.): Historiker, strateg og brobygger. Festskrift til Rolf Tamnes (2021)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis