Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen
Faren i lufta
Russarane har vent seg til eit liv under dronane.
Teikning: May Linn Clement
Dei siste dagane har det vore mykje snakk om ei lokal nyhendesak: I ein russisk by skal barnehagebarn no lære å styre dronar.
Ved første augekast er det ikkje så oppsiktsvekkande. Eg hugsar framleis åra då modellbygging var i vinden og barn sette saman små fly og rakettar. Rakettoppskytingane var noko alle i nabolaget samla seg rundt. Vi stod ute på plassen og følgde med: Ville raketten fly til himmels, eller ville han gå i bakken? (Inst inne håpa dei fleste at han ville gå i lufta. Ein eksplosjon small høgare og var meir underhaldande enn ei vellykka oppskyting.)
No lærer ungar om dronar, ikkje rakettar. Det rimar, i og med at dronane har fått fotfeste i dagens samfunn. Er det så farleg? Ikkje eigentleg. Men no er det slik at vi alle lever i skuggen av ein langvarig krig, og dronane er knytte til eit bestemt formål: Dei er ubemanna militære luftfartøy.
Det er ikkje det at eg ønsker å sjå alt i eit krigsperspektiv. (Tvert om meiner eg at vi må bevare evna til å leve eit vanleg liv og innimellom kople av frå det evige medvitet om tragedien som utspeler seg. Klarer vi ikkje det, går vi frå vitet, og det er det ingen som tener på. Eg ville ikkje klart å skrive spalter viss eg var nedtyngd.) Nei, koplinga mellom dronar og krig er mindre innfløkt enn som så: I mange delar av Russland er dronebruk ulovleg.
Sidan 2022 har det vore forbode for vanlege folk å sende opp ein drone for å filme bryllaup eller landskap. Straffa er høge bøter. Med andre ord er det slik at viss ein får auge på ein drone i det russiske luftrommet, er det stor sjanse for at det ein ser, er eit våpen.
Men frå bakken er det ikkje lett å vite kva ein ser. Derfor har absurde misforståingar blitt ein del av kvardagen. I fjor haust opna innbyggarar i Basjkortostan eld mot eit gammalt sovjetisk dobbeltdekkarfly, Antonov An-2, populært kalla «kornflyet». Dei trudde det var ein ukrainsk drone. Sirenene gjekk i mange byar, naudetatane blei nedringde av livredde innbyggarar, og det blei skote mot flyet med hagle. Ingen blei skadde, men skadane på flyet var så store at piloten måtte naudlande. Nokre veker tidlegare hende det same i Murmansk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.