Farane i fiskefeittetEi ny europeisk risikovurdering av gift i mat skakar gamle kosthaldssanningar og kan råke

Ei ny europeisk risikovurdering av gift i mat skakar gamle kosthaldssanningar og kan råke sjømatlandet Noreg hardt.

Feit fisk som kveite og laks har blitt rekna som svært sunn mat. Ei ny risikovurdering av dioksin og PCB i mat frå EU-organet for mattryggleik endrar biletet.
Feit fisk som kveite og laks har blitt rekna som svært sunn mat. Ei ny risikovurdering av dioksin og PCB i mat frå EU-organet for mattryggleik endrar biletet.
Publisert

Ny kunnskap er ikkje alltid til glede. Feit fisk har over natta mista statusen som sunn mat, og sjølv tran kan vere i faresona. Sist veke kom ein oppsiktsvekkande konklusjon frå EU-organet for mattryggleik, European Food Safety Authority (EFSA), etter tre års studiar av helseeffektane av dioksin og dioksinliknande PCB. Desse giftstoffa finst i svært mange vanlege matvarer, men konsentrasjonen er størst i feit fisk. Den nye grensa for «tolerabelt inntak i veka» av desse stoffa er berre ein sjuandedel av den gamle. Dioksin og PCB kan føre til mange ulike helseskadar, men det er særleg skadeverknaden på sædkvalitet hos menn som ligg til grunn for det nye rådet frå EFSA. Så kva no, sjømatlandet Noreg?

Store konsekvensar

Først ei presisering: Dette handlar ikkje berre om fisk. Dioksin og PCB stammar frå industri og forbrenningsprosessar, og desse stoffa er spreidde verda over med vêr, vind og havstraumar. Stoffa finst i mange feitthaldige matvarer, mellom anna meieriprodukt, kjøt og egg. Men feit fisk er den viktigaste kjelda til desse giftstoffa i eit vanleg europeisk kosthald. Den nye risikovurderinga kan dermed få store konsekvensar for ein stor fiskeeksportør som Noreg. Konklusjonen frå EFSA er difor dramatisk for oppdrettsnæringa og mykje av fiskerinæringa. Den nye vurderinga kjem truleg òg til å få følgjer for dei offisielle norske kosthaldsråda.

Radikal senking

Det er ekstremt små giftmengder vi snakkar om her. Eit vanleg mål for dioksin- og PCB-innhald i mat er pikogram per gram, og eitt pikogram er eit billiondels gram. Men desse stoffa er så giftige at sjølv ørsmå mengder kan vere helseskadelege. Det finst mange ulike typar dioksin og dioksinliknande PCB, men i denne samanhengen blir dei slegne saman og vekta etter kor giftige dei er. Denne summen blir så rekna i såkalla toksiske ekvivalentar (TE).

Fram til sist veke var EFSA-grensa for «tolerabelt inntak» for menneske på 14 pikogram TE i veka per kilo kroppsvekt. Dette var basert på ei vurdering frå 2001. Den nye gjennomgangen til EFSA er grundigare og byggjer på nyare studiar, og den nye grensa er på berre to pikogram TE i veka per kilo kroppsvekt. Dette inneber at dei fleste nordmenn, til liks med andre europearar, får i seg langt meir enn det «tolerable inntaket». Medianinntaket av dioksin og dioksinliknande PCB i Noreg er på kring 5,5 pikogram TE per kilo kroppsvekt, ifølgje Folkehelseinstituttet. Og nærare halvparten av dette stammar frå fisk – i all hovudsak av det feite slaget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement