Sør–nord-møtet: USA. Del 4
Frå muren mellom Israel og Palestina drog Håvard Rem til muren mellom USA og Mexico.
Det er godt utsyn frå grensebrua mellom Eagle Pass og Piedras Negras, mellom USA og Mexico. Eg vart rådd til å ta gangbrua. Eit stykke i aust går ei bru for trailerar og ei for godstog.
Under meg til høgre, i vest, ligg folkeparken Shelby Park, no omgjord til ein militærleir for grensepolitiet. På austsida av brua ligg «EP Golf», det store anlegget til golfklubben i Eagle Pass – det fyrste migrantane får sjå av den amerikanske draumen. Bønder spelar ikkje tennis, heiter ei diktbok, og ein kunne leggja til: Flyktningar spelar ikkje golf.
Ikkje dei økonomiske i det minste. Unntaksvis kan henda ein politisk. Om Donald Trump rakk ei runde då han vitja Eagle Pass og Shelby Park nokre dagar før meg, veit eg ikkje.
Det er få kontrollar på brua over Rio Grande når ein skal til Mexico. Dei vert fleire og strengare når eg skal attende til USA.
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste
månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.