JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Fallhøgde

Ein politisk skandale verkar ofte som stor ståhei for lite eller ingenting, men kan vere eit vindauge mot sinnslivet til både gjerningsperson og allmente.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Jorm Sangsorn / Shutterstock / NTB

Jorm Sangsorn / Shutterstock / NTB

10710
20230707
10710
20230707

Skandalar

magnus@dagogtid.no

– Kva er det mest uskikkelege du nokon gong har gjort?

Dette spørsmålet vart dåverande britisk statsminister Theresa May stilt i 2017. 

– Å, Gud... Gosh... Eg veit ikkje heilt. 

– Det må ha vore éin gong, insisterte intervjuaren.

– Ingen oppfører seg heilt perfekt, gjer dei vel? sa May før ho til slutt vedgjekk at ho (som ung, vel å merke) og vennene hennar pleidde å springe gjennom kveiteåkrar, noko som plaga bøndene. 

Ingen oppfører seg perfekt, nei. Men fallhøgda varierer kraftig frå person til person. Politikarar som lever på allmentas Olympos, er spesielt utsette. Kva lokkar eller driv dei over kanten? I denne artikkelen vil me ikkje fokusere på Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og solbrillesaka, men generelle faktorar ved politiske skandalar og korleis me tolkar dei. 

«Skandalogi»

Noko av det første å merke seg med politiske skandalar er at det er vanskeleg å seie kor ille éin skandale er samanlikna med ein annan. Ta pendlarbustad-saka som eit døme. Kor skal ein plassere ho? Kva målestokk kan ein bruke? Både pendlarbustad- og solbrillesaka ligg nok ein stad mellom Theresa Mays åkerløp og Boris Johnsons koronafestar under nedstenginga. Kan hende ligg dei omtrent på same nivå som det ein finsk parlamentarikar gjorde då han vart stoppa av politiet for å køyre over fartsgrensa – han inviterte konstabelen på kaffi og vart skulda for bestikking. 

Samanliknande «skandalogi» er ein upresis vitskap, men likevel noko veljarar blir tvinga å sysle med, enten dei gjer det med eller utan medvit. For å danne seg ei meining om alvoret i ein skandale må ein samanlikne. Ein byrjar gjerne med å spørje seg om ein sjølv har eller kunne ha gjort noko tilsvarande, før ein så går vidare til dei ein kjenner. Etter kvart leitar ein kanskje i minnet etter andre politiske skandalar, ein prosess som fort vert partisk.

Noregs kanskje einaste komparative «skandalog» er statsvitaren Kim Arne Hammerstad. Han har skrive bok om politiske skandalar i Noreg. På måndag denne veka sa Hammerstad til FriFagbevegelse at solbrillesaka er «med god margin den mest absurde politiske skandalen me har hatt i Noreg». Det er diskutabelt, det òg. 

Risikosport

Det er ofte overraskande når politikarar tek store sjansar og set eigen status og partiomdømme på spel. Politikarar har blitt tekne for å forfalske rekningar, å gje stillingar til nærståande og ikkje minst upassande seksuell åtferd. Spesielt underleg er det når gevinsten tilsynelatande er minimal samanlikna med risikoen. 

Kva gjer at høgtståande personar gjer slike risikable sprell? Det finst ikkje noko einsidig svar på dette. Kvar sak og person er unik. Likevel går det an å stille relevante spørsmål. Er det snakk om spenningssøkande åtferd, enkeltståande systemsvikt eller rein tankeløyse? Me har tala med Albert Gjedde, dansk professor i nevrobiologi og farmakologi ved Københavns Universitet, for å utforske kva som kan bidra til at folk tar det som framstår som rare avgjerder. 

Gjedde meiner at nokre tilfelle kan vere prega av tankeløyse. Tjuveri, til dømes, er noko ein kan gjere utan medvit medan ein er i farta. 

– Dersom ein er opptatt og opphengt i arbeidsoppgåvene sine, kan ein kome til å gløyme det ein kallar moral. Det har vore fleire tilfelle der personar har hatt behov for noko og vore på farten, og dermed enda med å nesten stele noko. Eg trur dette kjem av tankeløyse. Det er noko som skjer i augneblinken, og som seinare, til dømes om dei vert konfronterte, overraskar dei. Det er sjølvsagt inga orsaking. Det er ei forklaring, men ho bygger ikkje på mykje formelt vitskapeleg bevis, seier Gjedde.

– Kva med spenningssøking? 

– Ja, spenningssøking er ein måte å stimulere hjernen på. Dersom ein har ein tendens til å søke spenning, kan ein søke stimulering ved å gjere ting ein veit er ulovlege og umoralske.

For ti år sidan gjorde Gjedde og kollegaer ein studie av hjernen til folk med ulik grad av opplevingstrong. I intervju med forskning.no i 2013 forklarte Gjedde følgande:

– Spenninga ved forventningane og driftene våre er så sterke at me ikkje kan la vere å handle, og så får me belønning i form av dopamin, som ein kunne kalle «den litle orgasmen». Forskinga vår viser at nokre, frå eit biologisk synspunkt, er meir avhengige av eit «dopamin-kick» enn andre, og det kjem til uttrykk hos dei i form av meir utfordrande og spenningssøkande åtferd.

Dette kan til dømes bidra til å forklare kvifor nokre driv med ekstremsport. Gjedde understrekar at søking etter opplevingar eller spenning ikkje berre handlar om risiko, men motivasjon for å oppnå mål. 

Han legg vekt på at folk har ulik motivasjon bak handlingane sine, og at det er viktig å skilje mellom dei som gjer noko som følge av kortvarig distraksjon eller psykologiske forstyrringar, og dei som gjere noko for opplevinga si skuld. 

Zlatan Ibrahimovic er eit godt døme på det siste. I sjølvbiografien sin fortel han ei historie om korleis han og ein kompis stal Ikea-varer: «Men tro nu inte att det handlade om pengar. De var kicken. Det var adrenalinet. Det var som barndomen i varuhusen.» 

Etterpådumskap

Eit tydeleg mønster når ein politiske skandale oppstår, er at sanninga vert svært elastisk for dei involverte. Vitnesbyrda endrar seg fleire gongar, før ei tjukk skodde til slutt kjem og legg seg over hukommelsen.

I 2020 skreiv statsvitar Hammerstad i ein kronikk i VG at «måten brorparten av de siste årenes skandaler er blitt håndtert på, har vært med enten blank benektelse av overtrampene, eller en eller annen form for rettferdiggjøring av overtrampene». 

Bortforklaringane gjer ofte vondt verre, så kvifor vert dei brukt? Dei vidkjente psykologane Daniel Kahneman og Amos Tversky har eit mogleg svar på det. Studiane deira av risikohandtering har synt at menneske som vert konfrontert med svært vanskeleg situasjonar, ofte tek dumdristige val i håp om å sleppe unna. 

I boka Tenke, fort og langsamt, skriv Kahneman at dette er situasjonar der «folk som står ovanfor svært dårlege alternativ, tek desperate avgjerder, og aksepterer eit høgt sannsyn for å gjere ting verre i byte mot eit lite håp om å unngå eit stort tap. Risikotaking av denne typen gjer ofte handterbare feil til katastrofar».

Ei anna fascinerande og frustrerande side ved menneskesinnet som Kahneman skriv om, er den avgrensa evna vår til å hugse tidlegare sinnstilstandar. Dersom ein endrar oppfatninga eller forteljinga si om kva eller kvifor ein gjorde noko, er det svært vanskeleg å rekonstruere kva ein tidlegare tenkte om eiga handling og intensjon. Det har den nesten komiske konsekvensen at det er mogleg for dei som har gjort ein tabbe, å ikkje vite kva dei har gjort eller kvifor. 

Pratfall-effekten

Me er sjeldan rettvise når me dømmer andre sine tabbar. Ein av dei beste illustrasjonane på det er ein psykologisk studie frå 1960-talet som identifiserte det som har fått tilnamnet pratfall-effekten. Studien vart gjennomført av den amerikanske sosialpsykologen Elliot Aronson og kollegaer. Aronson har mellom anna formulert Aronsons «første lov»: «Folk som gjer galne ting, er ikkje nødvendigvis galne.»  Studien av pratfall-effekten utforska korleis folks inntrykk av enkeltpersonar endrar seg når desse gjer tabbar. 

I eksperimentet vart deltakarane presenterte for fire ulike lydopptak, så fekk dei spørsmål om kva inntrykk dei hadde av personen i lydopptaket. Opptaka var av studentar som vart testa om dei var gode nok til å bli med på eit quiz-lag på universitetet. I første lydopptak er studenten eksepsjonell og svarar rett på meir enn 90 prosent av spørsmåla. I tillegg kjem det fram at studenten har fått toppkarakterar og utmerka seg på fleire område. 

I opptak nummer to er studenten middelmåtig. Han svarar rett på berre 30 prosent av spørsmåla, innrømmer å ha fått gjennomsnittlege karakterar og har ikkje utmerka seg utanfor skulen. Dei to siste opptaka byrjar på same måte som dei to første, men så kjem ein vri. 

I dei to siste legg dei til ein pratfall, eit engelsk slangord for tabbe som direkte omset tyder å dette på rumpa, på kvar av dei to første studentane. Tabben går ut på at studenten på klumsete vis søler kaffi på seg sjølv. På lydopptaket høyrer ein bråk og stolar som skrapar mot golvet, før studenten så seier i frustrasjon: «Å Gud, eg har sølt kaffi over heile den nye dressen min.» 

Kva inntrykk hadde deltakarane i eksperimentet av den kompetente og middelmåtige studenten, og kva innverknad hadde ein tabbe på vurderingane deira? Utan tabbar likar deltakarane i gjennomsnitt best den kompetente studenten. Når deltakarane får høyre opptaket der den middelmåtige søler kaffi, likar dei han endå mindre. Ein stakkarsleg tabbe av eit stakkarsleg vesen, ikkje noko overraskande med det. 

Slik er det ikkje for den velsigna toppstudenten: Han blir endå betre likt! Aronson og kollegaene foreslo at dette kan kome av at svært kompetente personar kan verke for gode, nesten umenneskelege, og vere vanskelege å kjenne seg igjen i. Tabben har då ein humaniserande effekt. Tabbar humaniserer dei tilsynelatande perfekte, medan middelmåtige framstår som altfor menneskelege. 

I politikken vert dette fenomenet forsterka av politiske haldningar. For dei som likar president Joe Biden, er surringa og forsnakkingane tabbane til ein velmeinande bestefar. For mostandarane, er det prov på inkompetanse og senilitet. 

Tillit

Politiske skandalar underminerer tilliten folk har til politikarar og styresmakter. Men måten skandalar vert handterte på, kan også vere eit positivt teikn og bidra til å sette klare grenser for kva som er akseptabel framferd. Sjølvkritikk og kritikk frå meiningsfellar, sjølv om han er kosmetisk, er mykje betre enn ingen kritikk. 

Ifølge ein studie gjord av Brandon Rottinghaus, ein statsvitar ved Universitetet i Houston, kan polarisering gjere at skandalar ikkje påverkar politikarar like mykje. Det kjem av at veljarar støttar sine eigne meiningsfellar same kva. Det er eit dårleg teikn når folks moralske og politiske kompass ikkje kan anna enn å peike til høgre eller venstre. I 2016 kom Trump med ein spøk med meir enn eit hint av sanning:

– Eg kunne ha stått midt på Fifth Avenue og skote nokon, og eg ville ikkje mista nokon veljarar, OK? Det er utruleg.

Kjelder:

Aronson, E., Willerman, B., & Floyd, J. (1966). The Effect of a Pratfall on Increasing Interpersonal Appeal. Psychonomic Science, 4(6), 227–228.

Gjedde, A., Kumakura, Y., Cumming, P., Linnet, J., & Møller, A. (2010). Inverted-U-shaped correlation between dopamine receptor availability in striatum and sensation seeking. PNAS, 107(8), 3870–3875.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis