Fallet til det amerikanske imperietUSA kastar no vrak på dei verdiane som gjorde landet til ei annleis stormakt.
USA kastar no vrak på dei verdiane som gjorde landet til ei annleis stormakt.
Ein heliumfylt kjempebabyversjon av Donald Trump ventar presidenten i London, som han eslar seg til på statsbesøk fredag den 13. juli.
Foto: Simon Dawson / Reuters / NTB scanpix
Regjeringa i USA innførte nyleg ein politikk som innebar å rive ungar ut av armane til foreldra og plassere dei i inngjerdingar (som slett ikkje var bur, insisterte offentlege tenestemenn). Presidenten i USA krev at påtalemakta sluttar å etterforske medspelarane hans, og vil at ho skal gå etter dei politiske fiendane hans i staden. Han har fornærma demokratiske allierte og lovprist mordariske diktatorar. Og ein global handelskrig blir stadig meir sannsynleg.
Kva har desse historiene til sams? Sjølvsagt er dei alle knytte til karakteren til mannen som sit i Det kvite huset, det verste mennesket som nokon gong har hatt denne posisjonen. Men det er òg ein større kontekst her, og det handlar ikkje berre om Donald Trump. Det vi ser, er ei systematisk avvising av verdiar som lenge har vore haldne høgt i USA – dei verdiane som faktisk gjorde USA stort.
USA har lenge vore ein mektig nasjon. Vi kom ut av andre verdskrigen med ein økonomisk og militær dominans som ikkje hadde vore sett sidan stordomstida til Romarriket. Men rolla vår i verda handla alltid om meir enn pengar og våpen. Ho handla òg om ideal: USA stod for noko større enn seg sjølv – for fridom, menneskerettar og rettsstat som universelle prinsipp.
Sjølvsagt levde vi mange gonger ikkje opp til dei ideala. Men ideala var verkelege, og dei spela ei rolle. Mange nasjonar har ført ein rasistisk politikk, men da den svenske økonomen Gunnar Myrdal skreiv boka si om «negerproblemet» til USA i 1944, var tittelen Et amerikansk dilemma, fordi han såg på oss som ein nasjon med ein sivilisasjon prega av opplysning, med borgarar som var klare over at behandlinga av dei svarte var i strid med prinsippa våre. Og trua hans på at det var ein kjerne av noko heiderleg – kanskje tilmed noko godt – i USA, vart etter kvart rettferdiggjord gjennom framveksten og sigeren til borgarrettsrørsla (sjølv om sigeren ikkje var total).
Men kva har dette gode i USA – det som vi altfor mange gonger ikkje har levd opp til i praksis, men som likevel er verkeleg – å gjere med amerikansk makt eller tilmed verdshandel? Svaret er at i 70 år gjekk det gode USA og det mektige USA hand i hand. Ideala våre, og det at andre land visste at vi hadde dei ideala, gjorde oss til ei annleis stormakt, ei som gav tillit.
Tenk på dette: Da andre verdskrigen var over, hadde vi og våre britiske allierte i praksis erobra ein stor del av verda. Vi kunne ha blitt permanente okkupantar og/eller sett inn lydige marionettregjeringar, slik Sovjetunionen gjorde i Aust-Europa. Og ja, vi gjorde det i ein del land i den tredje verda; historia vår i til dømes Iran er ikkje vakker i det heile. Men det vi oftast gjorde, var å hjelpe overvunne fiendar å kome på føtene att og å etablere demokratiske styresett, dei vart land som delte kjerneverdiane våre og vart allierte i vernet av desse verdiane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.