JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Faktafeil på kvinnedagen

Somme bommertar dukkar opp igjen og igjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingrid Bjerkås var den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja i 1961.

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB

3569
20230317
3569
20230317

Leksikon

davidasprusten@gmail.com

Den 8. mars varta NRK.no opp med ein passande artikkel: «Her er elleve norske kvinner som var først.» Intensjonen med desse minibiografiane var god. Det mest iaugefallande var likevel alle spora etter harelabbar.

Det starta greitt med stortingsrepresentant Anna Rogstad og ordførar Aasa Helgesen, men så kom Ingrid Bjerkås. Dette er sjette gongen (om ikkje meir) eg har sett ho verte kalla Noregs første kvinnelege prest. Dei førre høva var i ei quizbok, ein avisquiz og tre ulike sakprosabøker om kvinnehistorie. Nå ser eg attpåtil at biografien Ingrid Bjerkås (2014) har undertittelen Motstandskvinnen som ble vår første kvinnelige prest.

La oss oppklare. Ingrid Bjerkås var den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja. Ho vart ordinert i 1961 i Vang kyrkje rett utanfor Hamar. Den første kvinnelege presten i Noreg fekk me derimot sju år tidlegare. Ho heitte Agnes Nilsen Howard og var metodistprest. Ordinasjonen var i 1954 i Kongsberg metodistkyrkje. Her må ein altså skilje mellom Noreg og Den norske kyrkja. Då er det fort gjort å blingse.

Det var meir å ta av i NRK-saka. Til slutt vart det ein telefon til ein av journalistane. Ho var hyggeleg og takksam og ville gjerne korrigere medan eg framleis var på tråden. Det gjekk nok fort i svingen denne gongen òg. Når eg sjekkar artikkelen i ettertid og ser biletet frå Vang kyrkje, seier ikkje biletteksten noko om kjønn. Her er Bjerkås forfremma til «Norges første prest».

Kva skal ein samvettsfull quizmeister gjere? Eg meiner at Ingrid Bjerkås har enda opp som nedtrakka salat, såpass mykje at me må rydde feilen aktivt bort. Difor gjekk eg til artikkelen hennar i Store norske leksikon (SNL). Opningssetninga sluttar slik: «den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja.» Eg foreslo å føye til parentesen «(men ikkje Noreg generelt, sjå Agnes Nilsen Howard)» og forklarte kvifor. Ein av SNL-redaktørane avviste forslaget. Eg siterer grunngjevinga hennar: «Det står tydelig her at hun var første kvinnelige prest i DNK, ikke i Norge.» Her er me usamde. Det høyrer med til soga at eg prøvde meg i 2022 òg, i praksis med det same forslaget. Det vart òg avvist, men NRK-artikkelen motiverte meg til å ta opp kampen att. Nå har eg lagt inn presiseringa i bokmålsutgåva av Wikipedia. I nynorskutgåva er det godt å sjå at nokon har kome meg i forkjøpet.

La oss på tampen løfte blikket. Opp gjennom quizåra har eg fått fleire spørsmål om Agnes Nilsen Howard og Ingrid Bjerkås. Quizspørsmåla har alltid handla om at dei var første kvinne. Dette kan lett skugge for anna som òg er verdt å fortelje om dei. Som at Howard var India-misjonær i over 50 år og fekk Kongens fortenestemedalje i gull. Eller at Bjerkås var motstandskvinne under krigen og hamna på Grini.

At Bjerkås var motstandskvinne, står det ikkje noko om i korkje NRK-artikkelen eller SNL-artikkelen. I ein kronikk i fjor kritiserte eg SNL for at leksikonet har mange slike «gløymefeil» (at noko som burde vore med i artikkelen, er gløymt). Ikkje minst handla kritikken om faktafeil. Ei oppteljing viste at eg fann 180 faktafeil i leksikonet i 2021.

Samstundes er det mykje bra i SNL. Artikkelen om Bjerkås teiknar eit interessant bilete av rabalderet som var rundt prestegjerninga hennar. Derimot ser eg nå at artikkelen om Howard seier at året for Kongens fortenestemedalje var 1989. Det rette er 1985. Eg lyt leggje inn eit endringsforslag der òg.

David Tørre Asprusten

David Tørre Asprusten er quizmeister i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis