Facebook har fått for stor makt

Eg trur Mark Zuckerberg ønskjer å få Facebook og demokrati til å fungere i hop, men vi må innsjå at oppgåva er umogleg.

Styreleiar og direktør i Facebook Mark Zuckerberg.
Styreleiar og direktør i Facebook Mark Zuckerberg.
Publisert

«Denne annonsen kan ikkje køyrast fordi han promoterer produkt, opplegg eller tilbod ved bruk av villeiande praksis.» Denne beskjeden kom på engelsk frå Facebook då vi skulle dele ein artikkel om fotballklubben Bodø/Glimt. Kvar veke betalar vi Facebook for å marknadsføre eit par artiklar slik at fleire blir kjende med journalistikken vår. No vart annonsekontoen vår stengd.

Kva har hendt? Det har Facebook framleis ikkje svart på etter mange førespurnader. Eg veit at Facebook har byrja å bruke «kunstig intelligens» endå meir under koronakrisa. Teorien min om kvifor annonsekontoen vår vart stengd, er at ein algoritme som skal skilje svindel frå rettkomne annonsar tok feil. Kanskje han ikkje forstår nynorsk?

Feil må rettast

Feil kan skje, men dei må rettast opp. Især når feilen hindrar ei uavhengig avis i å marknadsføre journalistisk innhald. I over to veker har vi venta på at eit «policy review team», som dei kallar seg, skulle sjå på saka. Facebook vil ikkje svare på kor i verda dei sit, om dei er tilsette eller leigde inn, eller om dei forstår norsk.

Til slutt vart det ein telefon til nyhendeportalen Medier24.no, som fekk nokon til å opne annonsekontoen vår igjen. Vi veit ikkje kven det var, kvifor det plutseleg løyste seg, og om kontoen kan stengjast igjen. Opninga vart altså ikkje resultatet av ein ryddig prosess, men eit medieoppslag.

I dag har eg lyst til å rope til kodesnuttane som Facebook-leiinga kallar kunstig intelligens, men dei forstår meg ikkje. Det er frustrerande å stå overfor eit maktapparat som gjer seg utilgjengeleg, og der sunn fornuft sviktar. Dei som sensurerer, forstår ikkje det mandatet dei skal forvalte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement