Face

Publisert

Åttande mars er over, og mellom avisoppslaga denne dagen var eit i Klassekampen, der vi las at ikkje nokon stad er skilnadene mellom kvinner og menn så store som på Facebook. Vi snakkar om det avisa kallar «den store avkoblingen» frå eit såkalla sosialt medium som det i andre samanhengar vert åtvara mot. Eit parallelt medium. Men kva er det med kvinnene og Facebook?

Oppsummert får vi vite at kvinner generelt brukar eit varmare språk enn menn når dei skriv der. Menn brukar færre kjensleladde ord, men meir banning. Kvinner er generelt meir aktive på det som framleis heiter «sosiale» medium, og står for 62 prosent av alle «delingar», det vil seie at dei deler ei sak med andre. Kvinner har i snitt 8 prosent fleire «vener». Dette er ei-kjelde-journalistikk frå mi side, men det verkar som ein mannsalder sidan eg første gong på e-post vart spurd av gamle vener og kjende om eg ville bli ven. Eller rettare sagt: Frå folk eg frå før trudde var venene mine, heilt uavhengig av den nye tida.

Nok Facebook denne gongen, men til kvinnesak høyrer også det obligatoriske spørsmålet om forholdet mellom menn, kvinner og matte. «Menn tror de er betre i matte enn de er», står det i ein artikkel på forskning.no. Sjølv vil eg leggje til at det er mange mytar om faget. Som student var eg mattevikar på eit gymnas i Oslo. Ein dag inspektøren vitja klassen, stod eg bom fast midt i eit matematisk bevis.

Når eg ikkje heldt fram i faget, er det av di eg vart journalist. To kvinnelege matematikklærarar på universitetsnivå er mine beste vener. Den beste artikkelen om Musikken og matematikken skreiv spaltisten Andreas Skartveit nyleg her i avisa. Mens den vakraste songen med ordet «face» i er frå My Fair Lady; han byrjar med «I’ve Grown Accustomed to Her Face»: Mannen Nat King Cole syng «her face», mens kvinna Ella Fitzgerald syng «accustomed to his face».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement