JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

EU-toppens klare tale

EUs utanrikssjef Josep Borrell har lagt vekk den diplomatiske retorikken og bed EU tenkje nytt om både verdssituasjonen og eiga rolle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Uvisse er regelen», «vi ser at krigar mellom statar kjem attende», og «vi må ta meir ansvar sjølv», sa EUs utanrikssjef Josep Borrell då han tala til ambassadørane i EU-landa i Brussel måndag denne veka.

Foto: Virginia Mayo AP / NTB

4492
20221014

Samtalen

Øyvind Østerud

professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo

Aktuell

Den utanrikspolitiske situasjonen sett frå EU

eva@dagogtid.no

EUs utanrikssjef Josep Borrell heldt denne veka ein uvanleg open og kritisk tale for ambassadørane i EU-landa der han sa at EU har bygd tryggleiken og velstanden sin på ei verd som ikkje lenger eksisterer, og no må tenkje heilt nytt. «Uvisse er regelen», «vi ser at krigar mellom statar kjem attende», og «vi må ta meir ansvar sjølv», var noko av det han slo fast medan han skisserte alle kriser og uvisse som EU, og verda, står overfor – som krigen i Ukraina, aukande rivalisering mellom USA og Kina, økonomisk nedgang, klimakrise og global mat- og energikrise.

Øyvind Østerud som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, seier det er overraskande at ein så sentral diplomat som EUs utanrikssjef er så tydeleg og openhjarta.

– Det er ikkje mange som har sagt ope det han seier, og han kjem med svært interessante diagnosar og påpeikingar.

– Er det innhaldet eller fyrst og fremst forma som overraskar?

– Det er fyrst og fremst ordbruken. Men det er interessant at han er så tydeleg på at det i konfliktane vi står i etter Ukraina-krigen, ikkje er snakk om demokratiske statar mot diktatur, men at det finst demokratiske krefter og diktatoriske krefter på begge sider. Det finst jo ei rekkje demokratiske land som ikkje har teke avstand frå Russland. Dessutan sa han at det er fleire land i det globale sør som ikkje vil tvingast til å velje side. Dei vil vere nøytrale og kunne handle med alle partar. Her bryt han med den diplomatiske retorikken om at verda står saman mot Russland, som har vore sentral i måten å snakke om krigen på.

– Kva betyr det når EUs utanrikssjef teiknar opp kartet slik?

– Han vil ikkje at folk skal ha illusjonar om situasjonen ein står overfor. Hendingar som før var lite trulege, skjer no den eine etter den andre, og med store konsekvensar. Og det må ein førebu seg på framover òg.

– Men kjem vi til å sjå følgjer av denne talen i EU?

– Både EU og europeiske land er råka svært ulikt av krigen og sanksjonane, og det finst ikkje noka europeisk semje om korleis det skal handterast. EU har òg kontroversar internt, og radikale høgrerørsler fossar fram i alle europeiske land. Borrell kjem ikkje med illusjonar om at Europa er så samla i denne situasjonen, men han kjem heller ikkje med ei god oppskrift på ei løysing av situasjonen. Det han kan oppnå, er nok ein meir realistisk debatt.

– Han sa at EU må gjere seg mindre avhengig av billege varer frå Kina og energi frå Russland, og at unionen må lene seg mindre på USA i tryggingspolitikken. Kjem vi til å sjå store endringar, som nedgang i handelen med Kina til dømes?

– Det han seier, er at EU ikkje kan satse for einsidig på Kina, og at det må finnast alternativ. Han bed om meir langsiktig planlegging og at EU er budd på at kriser kan slå inn igjen, så vel i marknaden, som i energi- og tryggingspolitikken.

– Han sa òg at EU burde finne nye energikjelder internt og ikkje erstatte avhengnaden av russisk gass med å verte avhengige av andre land. Kva har det å seie for norsk eksport av olje og gass til EU?

– I den grad det betyr noko for Noreg, opnar det nok berre for meir eksport av olje og gass til EU. Noreg er jo økonomisk medlem av EU gjennom EØS-avtalen. Borrell åtvara ikkje mot avhengnad av Noreg, men mot å verte avhengig av USA.

– Kjem EU til å ta større avstand frå USA framover, eller er det fyrst og fremst snakk om å verte meir sjølvstendig forsvarspolitisk?

– Eg trur det fyrst og fremst er snakk om forsvars- og tryggingspolitikken. Europa kjem til å vere viktig for USA på mange andre måtar framover. Dess meir konflikt USA er i med Kina, dess viktigare vert Europa for USA. Og kva det betyr at han seier EU må verte mindre avhengig av USA i tryggingspolitikken, er uvisst. I dag er jo ikkje Europa i stand til å klare å forsvare seg sjølv.

– Seier han eigentleg at EU har feila?

– Nei, ikkje rett ut i alle fall. Men han seier at EU står overfor ei rekkje problem ein ikkje har sett kome på førehand, og så varslar han om at verda er mykje meir uviss og at globaliseringa ikkje er den løysinga ho var for 20 år sidan. Men han kjem altså ikkje med noko alternativ.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Borrell kjem ikkje med illusjonar om at Europa er så samla.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis