Europeiske land strammar inn
Aukande motstand mot vindkraftverk har ført til at europeiske land strammar inn vindkraftreguleringar og konsesjonsvilkår. Enkelte land har frå før strengare reglar enn Noreg.
Byen Friedland aust i Mecklenburg-Vorpommern har fått sin del av dei nær 2000 vindturbinane som så langt er sette opp i den tyske delstaten.
Foto: Freier Horizont
– Vi er for Energiwende (Tysklands grøne skifte red.merk.), men vi ønskjer at det skal kome delstaten til gode, ikkje vere til skade, slik som no, seier Heiko Böhringer.
Han er ein av talspersonane for det politiske partiet Freier Horizont i Mecklenburg-Vorpommern, nordaust i Tyskland.
Partiet er ein allianse av meir enn 50 lokale borgarinitiativ mot vindkraft rundt om i delstaten og vart formelt skipa i 2016 som ein reaksjon på det dei meiner er ei ukontrollert utbygging av vindkraft, til skade for både natur- og artsmangfald, landskap og folkehelse.
Nærleiken til kysten og store opne landskap gjer Mecklenburg-Vorpommern godt eigna for vindkraft, og ved utgangen av 2019 var det sett opp totalt 1942 vindturbinar på land, ifølgje vindenergiforeininga i delstaten. Langt fleire turbinar er planlagde, men slik vert det ikkje nødvendigvis om Freier Horizont får det som dei vil.
Partiet fekk nær ein prosent av røystene i delstatsvalet same år som det vart skipa, men hadde i nokre område ein oppslutnad på rundt ti prosent, ifølgje den landsdekkjande radiokanalen Deutschlandfunk Kultur. Etter lokalvalet i fjor har partiet vore representert i fire av seks distriktsstyre i delstaten.
Böhringer, som sjølv sit i byrådet i Ludwigslust og distriktsstyret i Ludwigslust-Parchim, vest i delstaten, seier Freier Horizont har medverka til at halvparten av distrikta har gått inn for å stogge vindkraftutbygginga i sine området fram til 2021, når dei regionale arealplanane skal reviderast. Eit fjerde distrikt kan kome til å gjere liknande vedtak snart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.