JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Europeisk dobbeltmoral

Italia får kritikk for handteringa av flyktningar og migrantar,
men framleis lite hjelp frå landa lenger nord.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter nær to veker på vent i Middelhavet utan å få leggje til kai i Italia vart redningsskipet «Ocean Viking» og dei 234 flyktningane og migrantane om bord tekne imot i Toulon i Frankrike fredag for ei veke sidan.

Foto: Camille Martin Juan / SOS Mediterranee / NTB

13833
20221118
13833
20221118

Migrasjon

eva@dagogtid.no

Dei fekk kome i land til slutt, alle dei 234 flyktningane og migrantane frå Afrika, Midtausten og Asia som den franske hjelpeorganisasjonen SOS Méditerranée redda opp frå Middelhavet i det norskregistrerte skipet «Ocean Viking» i oktober.

Etter nær to veker på vent utan å få leggje til kai i Italia vart skipet og personane om bord tekne imot i Toulon i Frankrike fredag for ei veke sidan. For fire av passasjerane var helsetilstanden så alvorleg at dei hadde vorte henta frå skipet i helikopter og overførte til eit fransk sjukehus alt torsdagen.

I løpet av dei to vekene var det hektisk diplomati mellom fleire land for å prøve å få skipet i hamn. Også den norske regjeringa var involvert. Sidan skipet segla under norsk flagg, meinte den italienske regjeringa at Noreg burde ta ansvar for personane om bord. Men sidan det er landet som er ansvarleg for søk- og redning i området der flyktningane og migrantane har vorte redda, som også har ansvar for å koordinere arbeidet med å sikre ei trygg hamn, avviste Utanriksdepartementet den førespurnaden.

– Uansvarleg

Franske styresmakter var langt krassare i tonen og skulda den nye ytre høgre-regjeringa i Italia for å vere uansvarleg og inhuman, for å setje liv i fare og ikkje følgje folkeretten og europeiske reglar. Det hjelpte ikkje på situasjonen at Italias statsminister Giorgia Meloni var ute og takka Frankrike for å ta imot «Ocean Viking», før Frankrike sjølv hadde opna for å gjere det. Ho takka for at Frankrike ville «dele ansvaret for migrantkrisa», som ho meinte fram til no hadde «kvilt på skuldrene til Italia og nokre få andre middelhavsland».

Det er lett å kritisere Italias handtering. EU-kommisjonen gjorde òg det då han onsdag i førre veke tok til orde for at alle om bord på «Ocean Viking» skulle få gå i land med det same, i næraste trygge hamn, for å unngå ein humanitær tragedie.

– Den juridiske forpliktinga til å redde og syte for tryggleiken for liv til sjøs, er klar og utvitydig, uavhengig av omstenda som fører til at menneske er i ein naudssituasjon, heitte det i ei fråsegn frå kommisjonen.

Samstundes er det heller ikkje vanskeleg å skjøne at Italia ser grunn til å reagere. Sju år etter førre flyktningkrise er EU framleis eit stykke unna å få på plass ein asyl- og migrasjonspolitikk som fungerer for alle land.

Dublin og lite fordeling

Den såkalla Dublin-forordninga frå 2013 braut delvis saman under flyktningkrisa i 2015, då over éin million flyktningar og migrantar frå land sør for Europa kryssa Middelhavet for å kome til Europa. Forordninga plasserer ansvaret for å handsame ein asylsøknad til det EU- og EØS-landet asylsøkjaren fyrst kjem til, men nokre av EU-landa lét vere å registrere alle som kom.

I åra sidan har EU styrkt kontrollen langs yttergrensene og teke grep for å hindre at flyktningar og migrantar i det heile teke kjem seg til EUs yttergrense. Det er òg gjort fleire forsøk på å reformere Dublin-regelverket for å få til ei meir rettvis fordeling av flyktningar og migrantar blant medlemslanda, men på det feltet har det ikkje vore særleg framgang.

Den fyrste avtalen om at andre europeiske land skulle avlaste Hellas og Italia ved å ta imot 160.000 asylsøkjarar innan 2017, resulterte i at berre 35.000 personar vart relokaliserte. Ei intensjonserklæring mellom Italia, Malta, Frankrike og Tyskland frå 2019 bidrog heller ikkje til å relokalisere meir enn 2100 asylsøkjarar, 1145 frå Italia og 959 frå Malta, ifølgje tal frå EU-kommisjonen frå 2021.

Det er heller ikkje lagt opp til nokon bindande fordelingsmekanisme mellom EU-landa i den nye migrasjons- og asylpakta EU-kommisjonen la fram forslag til i 2020. Ein solidaritetsmekanisme skal i staden bidra til at EU-landa avlastar kvarandre med asylhandteringa – friviljug – anten gjennom relokalisering av asylsøkjarar, ved å bidra økonomisk eller med ekspertise til EU-landet som treng avlasting, eller ved å betale for returen for dei som har fått asylsøknadene avslått.

Store motsetnader

Grete Brochmann er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo og har jobba med internasjonal migrasjon i ei årrekkje. Ho seier motsetnadene mellom EU-landa er så store når det gjeld synet på å ta imot flyktningar, at prinsippet om at fordelingsmekanismen skal vere friviljug, har vore heilt avgjerande for å få til ein felles avtale i EU.

Korleis solidaritetsmekanismen skal innrettast og gjennomførast i praksis, står att å sjå, men det er ikkje sikkert kyststatane sør i Europa skal ha så store forventningar. I juni vart to tredjedelar av EU-medlemslanda samde om å bidra med relokalisering av til saman 10.000 personar som var redda opp frå sjøen på veg til Europa. Så langt i år har andre EU-medlemsland derimot ikkje teke imot meir enn 164 asylsøkjarar frå Italia, ifølgje det franske nyhendebyrået AFP. Etter at Italia avviste «Ocean Viking», har Frankrike no også gått tilbake på sin del av avtalen, som var å ta imot 3500 asylsøkjarar frå nettopp Italia.

Dublin-forordninga gjeld såleis i prinsippet framleis.

Flest til Italia

Forskingsleiar Jan-Paul Brekke ved Institutt for samfunnsforsking seier at ikkje alle land i Europa nødvendigvis returnerer asylsøkjarar som har kome seg nordover, tilbake til Hellas, Italia og Spania, for at dei skal få asylsøknaden handsama der. Landa nord i Europa kan sjølv velje om dei vil overta ansvaret for søkjarane, men ifølgje Dublin-forordninga er det altså fyrste landet dei kjem til, som har hovudansvaret.

No aukar også talet på flyktningar og migrantar som kjem over Middelhavet att, og Italia er blant landa som merkar det mest. Så langt i år har det kome 137.274 nye personar, ifølgje registreringane til FNs høgkommissær for flyktningar. Over 65 prosent, eller meir enn 90.000, har kome til Italia.

Det kan òg nemnast at Italia – på same tid som landet nekta å la «Ocean Viking» leggje til kai – enda med å ta imot tre andre redningsskip og fleire hundre flyktningar og migrantar til saman. Den nye regjeringa i Roma har såleis ikkje vendt Dublin-forordninga heilt ryggen. I alle fall ikkje til no.

Flyktningar og migrantar til Europa i området rundt Middelhavet

Reaksjonar frå fleire

Samstundes er det ikkje berre Italia som reagerer på talet på nye flyktningar og migrantar som kjem over grensa til EU, og på den manglande ansvarsfordelinga mellom EU-landa. Ifølgje den europeiske flyktningorganisasjonen ECRE har Malta òg unngått å svare på førespurnader frå redningsskip i sitt søk- og redningsområde i Middelhavet og hindra redningsskip med flyktningar og migrantar i å kome til landet.

Lenger nord i Europa har Tsjekkia gjeninnført mellombels grensekontroll mot Slovakia for å stoppe ein auke i talet på flyktningar og migrantar som har teke seg ulovleg inn i landet, ifølgje medienettverket Euractiv. Slovakia er sterkt kritisk til grensekontrollen, som òg bidreg til timelange forseinkingar for lokalbefolkning og yrkessjåførar.

Samstundes er det, som Dag og Tid skreiv om i fjor, rapportert om såkalla pushbacks av flyktningar og migrantar ved EUs yttergrense både i sør og i søraust. Det vil seie at personar som prøver å ta seg inn i EU, vert nekta innreise og tvinga tilbake, ofte med bruk av vald og utan noka form for individuell vurdering av om dei har behov for vern eller ikkje.

Og det er ikkje berre enkeltland som vert skulda for å drive med pushbacks. Tyske medium offentleggjorde i førre månad ein rapport frå European Anti-Fraud Office, som stadfestar at tilsette i EU-grensebyrået Frontex har vore med på å dekkje over pushbacks av migrantar frå Hellas til Tyrkia. Dei har mellom anna sett gjennom fingrane med at den greske kystvakta slepte båtar med migrantar frå gresk til tyrkisk farvatn, og dei har late vere å undersøke skuldingar om pushbacks. Rapporten var så alvorleg at han bidrog til at franske Fabrice Leggeri trekte seg frå stillinga som Frontex-sjef tidlegare i år.

Erlend Paasche, som er forskar ved Institutt for samfunnsforsking, ser pushbacks som symptomatisk for den politiske utviklinga i Europa.

– Dei fleste er samde i at pushbacks er uakseptabelt. Samstundes veks høgrepopulismen i Europa, det er press på yttergrensene i Schengen, og politikarane står òg overfor nokre dilemma. I tillegg er det svært vanskeleg å returnere migrantar når dei fyrst har kome til EU, sjølv om dei ikkje får opphaldsløyve. Vegen vert kort frå ein dysfunksjonell europeisk ansvarsfordelings- og returpolitikk til å gjere det vanskelegare for asylsøkjarar å kome inn i Europa.

– Oppfattar du det som medviten politikk å skyve folk tilbake over grensa?

– Det er kritisert så sterkt og skarpt, over så lang tid, og frå så mange truverdige kjelder, at det verkar lite truleg at det er snakk om isolerte hendingar. Det er meir uklart om det er politikken til Frontex eller til nasjonale statar. Andre EU-institusjonar, som EUs ombodsmann, Det europeiske kontoret for bedragerinedkjemping, OLAF, og særleg Europaparlamentet, er sterke kritikarar av pushbacks, så ein sams EU-politikk er det ikkje, seier han.

Grensevern utanlands

Sjølv om talet på flyktningar og migrantar over Middelhavet no aukar, er det ikkje snakk om liknande tal som i 2014, 2015 og 2016. Det kjem i stor grad av det framskotne grensevernet EU har bygd opp i land lenger sør og aust. EU har avtalar med både opphavs- og transittland for migrantar, og betaler for at desse skal hindre flyktningar i å reise mot Europa.

I slutten av oktober vart det signert ein ny avtale med Egypt, etter at egyptarar så langt i år har utgjort den nest største gruppa migrantar som har kome til EU over Middelhavet. Landet er no lova opptil 80 millionar euro til å styrkje kyst- og grensekontrollen for å bidra til å redusere migrasjonen mot Europa.

Menneskerettsorganisasjonar har uttrykt uro over denne typen støtte til Egypt. Nettverket EuroMed Rights, som inkluderer 80 menneskerettsorganisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar, har mellom anna synt til at EU-lands bilaterale migrasjonssamarbeid med Egypt har tent til å legitimere og styrkje valden til det egyptiske regimet og forverra menneskerettssituasjonen i landet. Og Egypt-avtalen er ikkje den einaste av EUs avtalar med tredjeland som har møtt slik kritikk. Det har Libya-avtalen òg gjort.

Nupi-forskar Pernille Rieker forklarer tredjelandsavtalane med mangel på alternativ og seier dei må sjåast kvar for seg.

– Libya fungerer ikkje så godt, og menneskerettsbrota der er ei kjempeutfordring, men avtalane med Marokko og Tyrkia har fungert ganske bra. Dessutan er det ikkje så mange andre instrument EU har for å hindre den ukontrollerte migrasjonen til Europa. Dei jobbar sjølvsagt òg langsiktig med dei bakanforliggjande årsakene til migrasjonen, men det er ikkje så lett å måle effekten av det arbeidet, seier ho.

Brekke seier EU-landa opplever at dei har lukkast med å auke samarbeidet om den eksterne kontrollen med yttergrensene i Europa sidan 2015.

– Både EU og Noreg har historikk i å samarbeide med landa utanfor unionen om dette. EU-medlemslanda har inngått avtalar med land som Libya, Niger, Mali og Sudan, og fleire av desse landa er politisk ustabile. Avtalen med Egypt er i tråd med denne strategien, seier han.

Det er særleg Tyrkia-avtalen som har vorte vellukka når det gjeld å redusere talet på asylsøkjarar til EU, seier Paasche. Han kallar likevel tredjelandsavtalane ei kattepine for EU, også fordi dei skaper eit avhengnadsforhold og gjer EU meir sårbart.

– Dei gjev jo land som Tyrkia eit forhandlingskort mot oss, og så kan andre transittland sjå til Tyrkia med interesse og spørje seg kva dei kan forhandle om, seier han.

– Går ikkje opp

Ut frå signala i den nye migrasjons- og asylpakta til EU som er under utarbeiding, kjem avtalane med tredjeland likevel til å verte vel så viktige for EU framover som dei har vore til no. Grensekontrollen skal styrkjast ytterlegare, og mykje av arbeidet skal skje utanfor EU.

Asylmottak i tredjeland har EU-kommisjonen derimot ikkje gått inn for i sitt forslag til migrasjons- og asylpakt for EU, men det er eit tiltak Storbritannia og Danmark no begge har opna for. Dei vil plassere asylsøkjarar i mottak i land i Afrika medan asylsøknadene deira vert handsama.

Fleire parti i Noreg har òg vurdert denne typen løysingar, og sist ute var Høgre denne veka.

– Asylbehandling utanfor Europa er eit forslag som har vore lansert i mange rundar, fyrste gong av Tony Blair for mange år sidan. No er det aktualisert i Storbritannia og Danmark, som har stukke handa djupt ned i verktøykassen. Testar dei landa ut ei slik ordning, er det fleire europeiske politikarar som kjem til å følgje nøye med på forsøket, seier Brekke.

Brochmann ser det ikkje som truleg at det går mot ei ordning med asylbehandlingar utanfor Europa.

– Eg synest det er vanskeleg å sjå føre seg korleis det skal gjerast i praksis, og at det kan vere noko velfungerande system. Det er òg vanskeleg å sjå korleis det skal gå å få på plass ei slik løysing som både tilfredsstiller EUs behov for innreisekontroll og kravet til menneskerettar. Det går ikkje opp. Pågangen av menneske EU-landa meiner det er vanskeleg å integrere, er for stor, seier ho.

– Kva veg trur du asyl- og migrasjonspolitikken tek framover?

– Eg trur ikkje dei interne motsetnadene mellom EU-landa på dette feltet vert løyste i overskodeleg framtid, men like fullt skjer det no ei gradvis utvikling av meir felles politikk på feltet, og det som har skjedd i handteringa av Ukraina-krisa er òg slik sett lovande. Samstundes er det nok også eit faktum at den store flyktningtilstrøyminga frå Ukraina no gjer europeiske regjeringar meir nervøse for at det skal kome ein ny 2015-situasjon i sør, slik at vi får ei kombinert krise i tida framover, seier ho.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis