Kommentar

Europa treng ikkje vera ein koloni

Donald Trump har synt oss korleis det er å bli utsett for politisk og militært diktat. Verdsdelen vår må finna ut korleis han kan bli strategisk uavhengig.

Publisert Sist oppdatert

Kva skal Europa gjera med Donald Trump? Skal verdsdelen gje han det han ynskjer seg til kvar tid, eller skal me by han motstand når han kjem med dei rabiate utspela sine? Dette ser ut til å vera det mest alvorlege problemet som europeiske politikarar må svara på i tida som kjem.

Etter talen han heldt onsdag i Davos, ser det heldigvis ut til at Trump har gått tilbake på nokre av dei mest hårreisande utspela sine om å okkupera Grønland. Han ser også ut til å ha snudd i saka om å straffa dei europeiske landa – mellom anna Noreg – som har stått saman med Danmark. Ingen kan likevel vita om trugsmåla kjem attende, eller om Trump tek til å truga andre Nato-land, til dømes Canada, med militær okkupasjon.

Eit vegskilje

Grønlands-saka, den amerikanske bortføringa av Nicolás Maduro, mangelen på tryggleik rundt framtida til Nato og – sist, men ikkje minst – den autoritære dreiinga i amerikansk innanrikspolitikk det siste året syner at Europa står ved ein skiljeveg. Tryggleiken til verdsdelen vår er avhengig av ein mann som er alt anna enn trygg. Faktisk er president Donald Trump, ved sida av Vladimir Putin, den fremste kjelda til utryggleik i Europa i dag.

Trump har – diverre – heilt rett når han seier at Europa er svakt, og at verdsdelen ikkje har noko anna val enn å fylgja USA. Men på lengre sikt må det finnast eit alternativ. Dette alternativet handlar om å skapa eit strategisk uavhengig Europa, eit Europa som korkje må gje etter for krav frå ein sjukeleg narsissistisk president i Det kvite huset eller frå ein aggressiv imperialist i Kreml. Lenge har Europa trudd at dette ikkje har vore naudsynt, og problemet har vore feia under teppet. Etter det som har hendt dei siste vekene og månadene, er dette ikkje lenger mogleg.

Difor ser me no ein byrjande debatt om ein ny tryggingsstruktur for Europa. Om det skal skje, kan ein neppe ta utgangspunkt i Nato eller i EU, der alle vedtak må vera samrøystes. Aller fyrst må ein avvikla veto-ordninga slik at land som til dømes Ungarn og Slovakia, to statar som per i dag fører ein prorussisk utanrikspolitikk, ikkje kan stogga naudsynte endringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement