EU lagar kriseplan for matforsyning

Handlingsplanen skal vere eit verkty for å sikre matforsyninga og mattryggleiken om eller når ei krise inntreffer.

Koronakrisa har gjort at mange har fått auga opp for kor kompleks verdikjeda for mat er. I Europa har det vore produsert nok mat, men problema har dukka opp andre stader. Forbrukarar og marknadene har endra seg, logistikken har vore utfordrande, og det har mangla arbeidskraft.

Eit eige punkt i gard til gaffel-strategien frå EU-kommisjonen er å sikre mattryggleiken i EU, som no skal utarbeide ei kriseplan knytt til matforsyning.

Eit mål er at arbeidet knytt til biomangfald og klima i landbruket i seg sjølv vil bidra til å unngå kriser, men erkjenninga er at kriser knytte til politikk, økonomi, miljø og helse alle kan påverke verdikjeda for mat på ulike måtar.

Handlingsplanen skal vere eit verkty for å sikre matforsyninga og mattryggleiken om eller når ei krise inntreffer.

Ein slik kriseplan er ønskt av aktørar i norsk landbruk òg.

– Eg meiner dette er høgaktuelt, seier Arne Ivar Sletnes, fagsjef i Norsk Landbrukssamvirke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement