JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

EU lagar kriseplan for matforsyning

Handlingsplanen skal vere eit verkty for å sikre matforsyninga og mattryggleiken om eller når ei krise inntreffer.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1929
20200529
1929
20200529

Koronakrisa har gjort at mange har fått auga opp for kor kompleks verdikjeda for mat er. I Europa har det vore produsert nok mat, men problema har dukka opp andre stader. Forbrukarar og marknadene har endra seg, logistikken har vore utfordrande, og det har mangla arbeidskraft.

Eit eige punkt i gard til gaffel-strategien frå EU-kommisjonen er å sikre mattryggleiken i EU, som no skal utarbeide ei kriseplan knytt til matforsyning.

Eit mål er at arbeidet knytt til biomangfald og klima i landbruket i seg sjølv vil bidra til å unngå kriser, men erkjenninga er at kriser knytte til politikk, økonomi, miljø og helse alle kan påverke verdikjeda for mat på ulike måtar.

Handlingsplanen skal vere eit verkty for å sikre matforsyninga og mattryggleiken om eller når ei krise inntreffer.

Ein slik kriseplan er ønskt av aktørar i norsk landbruk òg.

– Eg meiner dette er høgaktuelt, seier Arne Ivar Sletnes, fagsjef i Norsk Landbrukssamvirke.

– Vi i Norsk Landbrukssamvirke har bede om ein grundig risikoanalyse av norsk matforsyning. Det har vore gjennomført nokre utgreiingar, men dei har ikkje vore grundige nok. Ein stor veikskap ved dei er at dei har tatt for gitt at internasjonale forsyningslinjer fungerer. Det er jo ein føresetnad som er naiv og litt vanskeleg å forstå. EU har funne ut at dei treng ein grundig analyse. Dei planlegg også å overvake forsyningstryggleiken kontinuerleg.

Dag og Tid har spurt landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) om ho vil lage ein kriseplan for landbruket, slik dei skal i EU. Ho rakk ikkje å svare før Dag og Tid blei send i trykken. «Dag og Tid vil få svar på spørsmålet, men vi treng litt meir tid, mellom anna fordi ansvaret for matforsyning og matsikkerheit ligg til fleire departement», skriv seniorrådgjevar Ståle Norang i eit e-brev.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis