EU-kritisk ungdom

I Storbritannia røysta dei fleste unge mot å gå ut av EU. I Noreg ville ungdomar flest røysta mot å melde seg inn.

– Vi ser at verda er større enn Europa, og at vi kan gjere ting betre enn kva EU har gjort, seier Andreas Sjalg Unneland i Sosialistisk Ungdom.
– Vi ser at verda er større enn Europa, og at vi kan gjere ting betre enn kva EU har gjort, seier Andreas Sjalg Unneland i Sosialistisk Ungdom.
Publisert Sist oppdatert

«En ny EU-debatt kommer før vi tror det», skreiv Financial Times-kommentator Martin Sandbu i Aftenposten i haust, 25 år etter at Noreg for andre gong sa nei til å søkje EU-medlemskap.

Kan hende er det den debatten vi no kan ta til å ane konturane av.

Brexit kastar om på alle argument mot norsk EU-medlemskap, argumenterte Bernt Hagtvet, professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole, nyleg over to sider i Aftenposten. Og førre helg varsla nei-mann, journalist og forfattar Sven Egil Omdal i Aftenbladet at han etter 50 år skiftar standpunkt og seier ja til EU. Samstundes vedtok årsmøta i seks av fylkeslaga til Venstre å gå inn for norsk EU-medlemskap.

Venstre er ikkje større enn at det går an å vitse med at det er like store sjansar for at partiet forsvinn som at Noreg går inn i EU, slik Minerva-kommentator Jan Arild Snoen gjorde på Twitter. Ikkje går det særleg bra på målingane for Høgre heller, partiet som per i dag er det einaste som seier ja til norsk EU-medlemskap. Men det finst andre teikn på at noko kan vere i endring.

Den nyaste EU-målinga Sentio har gjennomført for Klassekampen og Nationen, er nemleg den beste for EU-tilhengjarane sidan april 2011. 28 prosent sa ja til EU i november. Det var 2 prosentpoeng fleire enn eit halvår tidlegare. Og på same tid hadde EU-motstanden gått ned med 4 prosentpoeng til 60 prosent, og talet på dei som svara «veit ikkje», hadde auka.

Autoritært selskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement