Etterlyser større skulepolitisk debattRune Slagstad er ikkje overtydd om at det er nokon som har overordna kontroll over utviklinga i den norske skulen.
Rune Slagstad er ikkje overtydd om at det er nokon som har overordna kontroll over utviklinga i den norske skulen.
Rune Slagstad etterlyser meir refleksjon kring endringane i utdanningspolitikken og kvifor dei skjer.
Foto: Mimsy Møller / Samfoto / NTB scanpix
Utdanningsdirektoratet har stadfesta at det kan verte gjort endringar i læreplanskissene for grunnskule og vidaregåande etter at desse har fått kritikk for å setje kompetansemål som er for generelle og overordna, og kutte for mykje i historisk stoff.
I læreplanane for samfunnsfaga er til dømes alle referansar til bestemte epokar, hendingar eller tema fjerna, til fordel for instruksjonar om kva metode og omgrep elevane skal lære å meistre i faga, slik Dag og Tid har skrive om dei siste to vekene.
At eventuelle endringar i skissene vert store, er ikkje gjeve. Læreplanskissene er utarbeidde av grupper av lærarar og representantar frå universitets- og høgskulesektoren på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Men føringane for endringane er vedtekne av Stortinget og byggjer på reforma Kunnskapsløftet frå 2006, utarbeidd av Høgre-statsråd Kristin Clemet.
Med Kunnskapsløftet vart målstyring for alvor innført i grunnopplæringa, og det vart innført såkalla kompetansebaserte læreplanar. Mål for kva elevane skulle lære seg noko om, vart bytte ut med mål for kva kompetansar dei skulle tileigne seg gjennom skulegangen. Utdanningsdirektoratet definerer kompetanse som «mer enn en ferdighet eller en kunnskap» og held fram at kompetanse i læreplanverket for Kunnskapsløftet skal forståast som «evne til å løse oppgaver og mestre komplekse utfordringer».
Rune Slagstad, som er professor emeritus ved Institutt for samfunnsforsking, meiner vektlegginga av kompetanse heller enn kunnskap svekkjer det faglege innhaldet i skulen og vert eskalert ukritisk.
– Vi treng kombinasjonen kunnskap og kompetanse, men no har det slått kraftig over mot kompetanse som universalmiddel, og det er uheldig. Den kompetansepolitiske vendinga i utdanningspolitikken er ei vending vekk frå det faglege og vekk frå fagdisiplinane. Det er ei openberr svekking av utdanningssystemet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.