Etterlyser norsk debatt om barnevernetDet er ikkje rart at norsk barnevern får kritikk i utlandet. Det rare er at det ikkje er meir debatt i Noreg, seier Gro
Det er ikkje rart at norsk barnevern får kritikk i utlandet. Det rare er at det ikkje er meir debatt i Noreg, seier Gro Hillestad Thune.
Thune er tidlegare dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen og har dei siste åra vore ein hard kritikar av det norske barnevernsystemet.
– Ein del av skuldingane mot barnevernet er urimelege. Eg forsvarer ikkje alt det der. Men norske styresmakter bør spørje seg: Kva kjem all denne kritikken av? Kvifor blir folk så sinte? I staden reiser dei ein forsvarsmur også mot sakleg kritikk.
Krevande oppgåvar blir utførde bak lukka dører i barnevernet, utan tilstrekkeleg kontroll utanfrå, meiner Thune.
– Barnevernet er laga ut frå gode intensjonar, men det er ei svært risikofylt verksemd. Barnevernskontora har vide fullmakter, og det får så store konsekvensar om dei trør feil. Hentar du ut ein treåring frå familien med akuttvedtak, kan det bli eit traume for livet. Om politiet vil inn i huset ditt, trengst det ransakingsordre frå ein domstol. Men barnevernet treng inga slik godkjenning for å hente barn.
Thune trur ikkje at Fylkesnemndene er ein tilstrekkeleg garanti for rettstryggleiken.
– Barnevernet styrer mykje av informasjonen til fylkesnemndene. Barnevernskontora kan ikkje ha så vide fullmakter som i dag. Av og til må ein bruke makt for å hente ungar ut av ein heim, men den avgjerda må liggje hos ein høgare instans med brei kompetanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.