JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Etterlyser ei innstramming

Børsnoterte selskap har strenge reglar for å hindre innsidehandel. Bør dei også omfatte politikarar?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgre-leiar Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes på veg for å røyste ved kommune- og fylkestingsvalet på Skjold skole i Bergen 11. september.

Foto: Tuva Åserud / NTB

5277
20230922

SAMTALEN

Morten Kinander

instituttleiar ved Institutt for rettsvitenskap og styring ved BI

AKTUELL

Erna Solberg, Anniken Huitfeldt og Ola Borten Moe har alle vore inhabile på grunn av aksjekjøp.

christiane@dagogtid.no

– Innsidehandel vert definert i kortform i Store norske leksikon som kjøp og sal av børsnoterte aksjar basert på fortrulege opplysningar om selskapet, som kan slå monaleg ut på kursen. Kor stort er problemet med innsidehandel i Noreg?

– Det veit vi jo ikkje. Ein del forsking har forsøkt å sjå på det, men resultata spriker. Ein rapport frå 2000 sa at det var monaleg innsidehandel på Oslo Børs. Omtrent samtidig kom ein forskingsartikkel som viste at det var relativt lite handel med verdipapir på Oslo Børs rett før annonsering av store hendingar, noko som tyder på at det ikkje er så mykje innsidehandel.

– I løpet av kort tid har to statsrådar og ein tidlegare statsminister og mannen hennar sett seg nøydde til å seie offentleg at dei ikkje har gjort seg skuldige i innsidehandel eller i å leke innsideinformasjon. Korleis kan ein finne ut om dei snakkar sant?

– Sakene liknar på ei anna sak, der ein familie vart frifunnen. Ein i familien jobba i eit lækjemiddelforskingsfirma som fekk varierande rapportar om ein vaksine. Då det vart oppdaga svak metode i ein av rapportane, byrja familiemedlemer å kjøpe seg opp i firmaet. Spørsmålet vert då om ein kan finne ut korleis familien har fått den fortrulege informasjonen. Då må ein jo sjå på kva som er mest truleg, og prova på innsidehandel vert indisium. Det er ei feiloppfatning å tru at ein må ha prov i form av SMS-ar, e-post eller liknande. Om ein har gjort éi investering i livet, og ho vart gjord kvelden før bror din eller kona di sende ei børsmelding med eit kjempehemmeleg nyhende, ser ein på kva som er mest sannsynleg.

– Så svaret er etterforsking?

– Ja. Ein må sjå på handlemønster, forklaringar og på korleis ting ser ut.

– Økokrim har opna etterforsking mot Ola Borten Moe, men ikkje mot Anniken Huitfeldt. Forstår du kvifor dei har valt å etterforske den eine, men ikkje den andre?

– Nei, ikkje heilt. Om ein ser på kvar lista vart lagd for å etterforske Ola Borten Moe og grunngjevinga for det, synest eg det er litt rart at dei lar Huitfeldt-saka liggje.

– I den augeblinken dette intervjuet vert gjort, har Økokrim ikkje sagt om dei vil etterforske Erna Solberg og Sindre Finnes eller ikkje. Synest du Økokrim bør opne etterforsking?

– Eg synest at Økokrim bør opne etterforsking av alle dei tre sakene eller la alle liggje. Eg trur det kan verte vanskeleg å la Finnes-saka liggje no. Økokrim kan verte mistenkte for å skåne politikarar på grunn av dei politiske konsekvensane ei etterforsking vil medføre. Her må eg understreke at det er lang veg frå ei etterforsking til ein eventuelt fellande dom.

– Kor konkret informasjonen må ein ha for å handle på innsideinformasjon?

– I lova står det at informasjonen skal vere presis, ikkje offentleg og med vesentleg kurspåverknadseffekt. Du må ha fått informasjonen frå ei kjelde som sit med presis informasjon. Presisjonskravet skal avgrense innsideinformasjon frå generell kunnskap basert på rykte og vage forventningar. Det må vere innsideinformasjon, som ein har fått aktlaust eller med forsett, og du må utnytte den fordelen du har fått, til å handle.

– Den siste tida har vi høyrt spekulasjonar om korleis politisk informasjon kan leke ut til familiemedlemer, som følgje av telefonar som ringjer, reiseskjema, dataskjermar som står på, også bortetter. Kva skal til for å gjere seg skuldig i å aktlaust spreie innsideinformasjon?

– Det er det ikkje så mykje praksis på, men å spreie innsideinformasjon har ei strafferamme på fire år, så lovgjevaren ser strengt på dette. Det er òg mange reglar knytte til innsideinformasjon. Til dømes må børsnoterte verksemder føre innsidelister som vert lagra og sende til Finanstilsynet og børsen. Styremedlemer og folk i leiinga får i såkalla «raude periodar», der dei ofte sit med innsideinformasjon, ikkje lov til å handle. Regelverket skal minimere risikoen for aktlaus spreiing. Men det har vore lite forståing for kor grensene går for regjeringsmedlemer som kan tenkjast å få innsideinformasjon – i motsetnad til for dei private aktørane som lever med desse reglane heile tida. Då er risikoen større for aktlaus omgang med innsideinformasjon. Det er ikkje så rart. Dette er politiske menneske som er meir opptekne av politikk enn av om noko er politisk innsideinformasjon eller ikkje.

–?Er det mogleg å sjå føre seg vasstette skott mellom regjeringsmedlemer og deira næraste?

–?Nei. Og derfor bør ikkje dei næraste vere aktive på aksjemarknaden.

– Du meiner at vi treng strengare reglar?

–?Om det er for å unngå innsidehandel eller mistanke om inhabilitet, så burde vel regelverket likne meir på det som finst for andre som er i ein særleg utsett posisjon med tanke på innsideinformasjon, nemleg at politikarar og nærståande ikkje bør vere aktive på aksjemarknaden på andre måtar enn gjennom aksjefond, der dei ikkje kan påverke investeringsavgjerder.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg synest at Økokrim bør opne etterforsking av alle dei tre sakene eller la alle liggje.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis