Arbeid
Eternitten varte ikkje evig, men det gjer asbesten
Asbest forsvinn ikkje av å verte plukka ned frå eit tak, men det er kanskje ikkje så farleg.
Ved hjelp av ein kranbil får vi eternittplatene greitt og trygt ned frå taket, men litt klatring er umogleg å unngå.
Foto: Siri Helle
Det regnar. Og det blæs. Det er god, gamaldags vestlandshaust, og eg balanserer på eit låvetak. Over meg har eg himmelen, og under meg har eg færre og færre takplater og meir og meir fri luft med utsikt mot betonggolv. Likevel er eg meir gjennomsveitt enn regnvåt, meir irritert og rastlaus enn sliten og redd for å ramle ned.
Eg er det du kan kalle godt sikra: Utanpå arbeidskleda og regnkleda har eg ein kvit eingongsdress med hette, eitt par hanskar, ei friskluftmaske med filter av typen P3 og ein fallsikringssele som veg sikkert åtte kilo. Eg ser ut som ein romfarar, men kjenner meg alt anna enn vektlaus. Kvifor alt dette utstyret, seier du? Jau, no skal du høyre.
Gifta som berga husa
Tenk at du køyrer langs ein veg – ein vestlandsveg, til dømes. Langs vegen står det hus. Nokre er nye og fine, busette og passa på, og har det fint. Andre er heilt til nedfalls, ja nesten som ruinar å rekne, prega av tiår då ingen har brydd seg om dei. Men ganske mange er ein stad midt imellom – dei er så absolutt gamle, så definitivt tomme for folk og dyr og anna meiningsfull bruk. Likevel står dei. Kanskje er ei rute knust, kanskje tre, kanskje er kledningen roten her og der og grunnmuren litt sokken – men alt i alt er huset tett. Det held. Det overlever.
Kva er det som held desse husa oppe? Ofte har ingen vore inne i dei sidan 1960- eller 70-talet. Er det viljen det står på? Eller gode materialar og ein nøysam, men grundig byggeskikk?
Ja, båe dei to kan ha fingrar med i spelet. Men oftare enn vi nok likar å tenkje på, er det ein skikkeleg stygging som har berga desse husa: Akkurat kor mange gamle hus som har vorte berga av at dei ein gong på 1950-, 60- eller 70-talet fekk pålagt asbesthaldig eternittak, veit vi ikkje, men det er truleg ganske mange.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.