JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Verda er antiwoke

Vest-Europa er kringsett av antiwoke. På gode dagar tenkjer eg at vestlege verdiar vil vinna fleire unge, urbane hjarto enn woke gjer.

Frå venstre: Den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump, den ungarske statsministeren Viktor Orbán og den tyrkiske presidenten Recep Tayyip Erdogan under eit møte mellom Nato-leiarar i England i desember 2019.

Foto: Francisco Seco / AP / NTB

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12052
20231013

Del 5. Woke som
religiøs rørsle

I haust har Håvard Rem vore i USA for å sjå etter religiøse strukturtrekk i wokerørsla.
Her kjem siste del.

Del 1, 15.9.: Ordsoga
Del 2, 22.9.: Arvesynda
Del 3, 29.9.: Kvit skuld og soning
Del 4, 6.10.: Sinnelagsetikken
Del 5, 13.10.: Verda er antiwoke

Essay

havard@dagogtid.no

Er woke på retur? Ja – i eit tiårsperspektiv. Og nei – i eit hundreårsperspektiv. Kortsiktig, som rørsle og nemning, har woke truleg nådd formtoppen, men ikkje langsiktig, som del av ein djupare historisk endringsimpuls.

Som med m-l-rørsla for eit halvt hundreår sidan er levetida gjerne kring ti år. Fyrst når sjølve rørsla har forsvunne, kjem dei større verknadene. Kring 1970 skipa aktivistar marginale, ytterleggåande tiltak som forlaget Oktober, avisa Klassekampen og bokhandelen Tronsmo –?i dag institusjonar. Samfunnspåverknaden voks med at rørsla forsvann.

Når wokarane har vorte vaksne og vettuge, vil dei halda fram med å påverka lærebøker i skulen og undervising på universiteta. Då vil ein finna woke-nemninga i historie- og ordbøkene, i hundreårige oversikter over kulturradikale ungdomsrørsler som motdagistane i 1920-åra, orienteringskrinsen i 1950-åra, suffarane i 1960-åra, m-l-arane i 1970-åra, blitzarane i 1980-åra, attacarane i 2000-åra og wokarane nett no.

Paraplyord

At skapwokarar helst vil kansellera woke-ordet, stadfestar wokeskapen deira. Dei mest utolmodige vil ha det fjerna frå ordskiftet alt no – offisielt av di ordet er lite treffande, uoffisielt av di det er særs treffande.

Når woke forsvinn, forsvinn antiwoke òg – ikkje som verdisyn, men som nemning. Eit paraplyord som no brenn ut på eiga hand, etter ein formtopp kring 2010, er reaksjonær. Som politiske motpolar er orda i slekt, med woke som aksjon og antiwoke som reaksjon, men med ein viktig skilnad: Medan reaksjonær var oppfunne av meiningsmotstandarar og meint stemplande, kom woke fyrst til som ei positiv sjølvnemning, som meiningsmotstandarar sidan vreid om til eit skjellsord.

Men skjellsord – er det ikkje god tradisjon at utsette grupper tek brodden av eit skjellsord ved å nytta det som ei stolt sjølvnemning? Jau, freak og pakkis er døme, men det krev ein grad av offensiv sjølvtillit og gje faen-haldning som korkje wokarar eller skapwokarar har i 2023. Eit døme fekk me for ti dagar sidan då ei NRK-fråsegn gav grunn til å tru at namnet på radioprogrammet «Jungeltelegrafen» vart vraka av di det var vege og ikkje funne woke nok. I straumen av spott og lått fossrodde NRK vekk frå eigne utsegner.

Dei endå yngre

Woke har korkje låtten eller dei unge på si side no. Ein ungdomsorganisasjon kan vara i hundre år, men ei rørsle av unge berre i ti – for då er dei ikkje unge lenger. Akilleshælen er dei endå yngre, til dømes tenåringane som var tolv år då woke fekk gjennombrotet sitt, og som i skulevalet i september røysta på wokekritiske ungdomsparti.

Det som er ei frisk tatovering i eitt tiår og eitt miljø, vert ein skamflekk i eit anna. Eit par vaksne friskusar har freista å gå motstraums i trass og stolt slege fast: «Eg er woke likevel, eg.» Av fleire grunnar går det ikkje. For det fyrste er det ikkje heilt rett at woke opphavleg var ei positiv sjølvnemning for unge vestlege aksjonistar. Nei, opphavleg og språkleg var nemninga eigedomen til den afrikanskamerikanske borgarretts- og BLM-rørsla.

Då var nemninga presis nok, før ho vart stolen og vatna ut, og det er noko å tenkja på for dei som no ikkje vil nytta woke-ordet av di dei opplever at det ikkje er «presist nok».

Kombinasjonar

Ynsket om å kansellera woke-ordet eller «å ta det attende», byggjer på ein feil føresetnad – at wokemotstanden kjem frå «kvite middelaldrande menn i mellomklassen». I den globale landsbyen er motstanden mot woke fyrst og fremst ikkje-vestleg.

At wokerørsla er størst i tidlegare protestantiske område, i Nordvest-Europa og delar av USA, vil med andre ord seia: Dei fleste i verda er ikkje woke. Det ser ein om ein forlèt den vestlege bobla der woke svarar til venstresida og antiwoke til høgresida. For kva er eigenleg det globale venstre og høgre?

At venstre er woke og høgre antiwoke gjev meir meining på campusar enn i verda elles ­–?som i Slovakia no. I valet der for to veker sidan var vinnaren Smer, eit venstreorientert og antiwoke parti. Smer kombinerer omfordelingspolitikk og nasjonalkonservatisme. Slik vinn ein val.

Ein uvand kombinasjon? Her i Vest-Europa er me meir vande med den motsette kombinasjonen. Her likar konsernkapitalistane å kombinera høgredreiing og woke, marknadsliberalisme og kulturradikalisme.

Ikkje-vestleg antiwoke

Den store verda er ikkje woke. For å byrja i aust: Putin er rekna som antiwoke, leiarane i Visegrád-landa òg, ja, store delar av det austlege Europa, med valsigeren til nemnde Smer som døme. Frå aust når antiwoke inn i Vest-Europa, i delstatar i det tidlegare Aust-Tyskland, der valvinnaren Alternative für Deutchland er lett å kjenna att som antiwoke av di partiet har ytre høgre-andletet me helst vil gje rørsla.

Men vidare i verda – finst ikkje-kvite antiwokarar? Eller heiter det då noko anna? Antiwoke rår i store område me ikkje plar kalla ytre høgre og antiwoke av di områda er ikkje-vestlege, med kulturar som vestleg venstreside solidariserer og allierer seg med.

Den muslimske verda er stort sett antiwoke – i verdiar, om ikkje i namnet. Kvifor ikkje i namnet? Om ein skal tru Erasmus Wokanus: 1. Antiwoke er ytre høgre. 2. Ytre høgre likar ikkje islam. 3. Ergo: Islam er ikkje ytre høgre og antiwoke.

Kva om me legg vekk det eurosentriske venstre–høgre-omgrepsparet og heller tenkjer på woke som aktivistisk kulturradikalisme og antiwoke som aktivistisk verdikonservatisme? Ja, då kan me sjå at me som vesteuropearar er kringsette av global ikkjewoke, ein ikkjewoke som vert meir og meir antiwoke di nærare woke kjem.

Iranske og palestinske makthavarar, er dei woke? Kva med i sør, med land i Afrika? Langt i sørvest ligg katolske Latin-Amerika. Woke eller ikkje? Utanfor Vesten er ikkje eingong lutheranarane woke. Kvifor ikkje? Av di trua deira der er meir personleg enn kulturell.

Vestleg antiwoke

Skiljet mellom woke og ikkjewoke protestantar finn ein i Vesten òg. For mange vestlege lutheranarar har woke erstatta trua dei har tapt. Annleis er det med yngre protestantiske rørsler som dei baptistiske og pinsevekkinga, mange av dei karismatiske, bibeltru og evangelikale. Av di dei i Vesten er omgjevne av woke, er dei ikkje berre ikkje-woke, men antiwoke.

Dette er rørsler som i mange land, vestlege og ikkje-vestlege, er i sterk vekst. Ved presidentval i fleire land har tungetalarar vore tunga på vektskåla. Dei bidrog til at Duterte (Filippinane, 2016), Trump (USA, 2016) og Bolsonaro (Brasil, 2019) kom til makta.

Orbán (Ungarn, 2010–) og Erdogan (Tyrkia, 2014–) vinn utan hjelp av pinsevener, men har god oppslutnad frå andre grupper av konservative religiøse.

I protestantiske område finn ein både dei kyrkjesamfunna som er mest woke og dei som er mest antiwoke. Pinserørslene er antiwoke, og i dag av dei snøggast vaksande religiøse rørslene i verda. Kring 1900 voks dei ut av lutherdomen, med eit meir moderat syn på arvesynda enn dei lutherske kyrkjene, men med eit meir radikalt syn på sinnelagsetikken.

Skuld og uskuld

For å tydeleggjera skilnaden på woke lutherdom og antiwoke pinsevekking er det freistande å fremja fylgjande hypotese: Di svakare ei rørsle vektlegg kollektiv skuld, som arvesynd, di sterkare vektlegg ho individuell skuld.

Og di sterkare ho vektlegg individuell skuld, di sterkare vektlegg ho personleg heilaggjering og total skuldfridom.

Skuldfridom? Kva er det? Som me har sett i heile denne serien, og i heile woke-/antiwoke-feltet: Sentralt står kollektiv skuld. Kollektiv skuld står sentralt i den strenge, luthersk arvesynda. Kollektiv skuld står sentralt i marxistisk og leninistisk imperialismekritikk. Kollektiv skuld står sentralt i det geopolitiske verdsbiletet til sekstiåttarane. Kollektiv skuld står sentralt i kvitleiksstudia i wokerørslene.

I antiwoke står skuldfridom tilsvarande sentralt. Hjå ein Donald Trump, som rett nok er fødd i boomeråret 1946, men som mentalt sett er ein før-sekstiåttar. Hjå pinsevener i og utanfor Vesten som alle legg vekt på fullstendig heilaggjering og skuldfridom.

Ja, skuldfridom har eigenleg vorte eit element hjå alle ikkje-vestlege, religiøse og sekulære, som har fått med seg den glade bodskapen om vestleg og kvit skuld og ikkje-vestleg og ikkje-kvit uskuld.

Kollektive identitetar

Gjennom hundre år har ideen om Vestens kollektive skuld gradvis vorte styrkt. Samstundes har dei kollektive identitetane i Vesten vorte svekte. Nasjonstilhøyrsla og den nasjonale identiteten er svekt og mistenkjeleggjord. Trutilhøyrsla og den religiøse identiteten er svekt. Fleire opplever at kjønnsidentiteten vert svekt. Klassetilhøyrsle og -identitet er svekt, i lag med arbeidaridentiteten.

Kva for kollektive identitetar står då att? Den etniske. Ja, kva med den? Som me har sett med woke, krinsar den kollektive skulda meir og meir om den etniske identiteten, som såleis vert mistenkjeleggjord og svekt, den òg.

Alt snakket om vestleg «individualisering» vert ikkje mindre interessant om ein ser det i ljos av at dei kollektive identitetane har vorte svekte.

Ein antiwoke posisjon vert dimed vanskeleg å unngå for dei som vil styrkja ein eller fleire av desse kollektive identitetane, og dei er mange, frå dei ekstremhøgre til dei moderat verdikonservative på både høgre- og venstresida.

Blindsone

At woke gjeld ein amerikansk kulturkrig som ikkje speglar europeiske tilhøve, er rett, men ikkje ein grunn til å fjerna ordet. Tvert om. Det gjev faktisk berre endå større grunn til å identifisera og konfrontera udemokratiske woke-verkemiddel –?og til slikt treng ein omgrepet. Eit norsk ordskifte om rasisme kan ikkje ha som uuttala premiss at Noreg har vore ei kolonimakt med utstrekt slaveverksemd.

Ordet vil verta naudsynt i historieskrivinga om tida kring 2020. I dag kan ein slå det opp og få det forklåra i ordbøkene til Ordnett (Gyldendal), til Det Norske Akademi (Riksmålsordboken) og til Oxford English Dictionary (OED), med døme på bruk i aviser og bøker. Det er oppslagsord i leksikon. Bokutgjevingar med woke i tittelen går att i bibliografiske oversikter. Skal ein unngå ordet, lyt ein gøyma seg og sine i ei blindsone.

Woke-demografi

Medan somme dyttar Vesten nærare woke, har andre område på jorda langt att til menneskerettane, og dei områda er dei folkerikaste. Woke har vakse mest i populasjonar der fødselsraten går mest ned. Og ser ein på demografien innanfor sjølve rørsla, er fødselstala truleg endå lægre der.

Det teiknar seg eit bilete som er det motsette av utviklinga til antiwoke-rørsler som til dømes dei ultraortodokse jødane i Israel. Der òg har ein låge fødselstal i hovudpopulasjonen, om ikkje så låge som i Europa, men mellom dei ultraortodokse aukar fødselstala i ein slik grad at det endrar den demografiske og såleis den politiske samansetjinga i landet.

At woke-rørsla ikkje har demografien på si side, kjem av at mange wokerelaterte grupper per definisjon vert ståande utanfor tradisjonell reproduksjon, av di dei er til dømes ikkje-binære, skeive, ekstremfeministar og friviljug barnlause som fylgje av klimamedvit og kvitleik.

Til ein viss grad kan det verta vege opp av at born vert påverka av woke undervising i skulen. Men heller ikkje ei slik misjonering peikar eintydig mot vekst, dels av di woke-delen av verda utgjer ein stadig mindre del av den samla folkesetnaden på jorda, dels av at ein aukande del av folkesetnaden i det urbane Vesten har opphav i ikkje-vestleg og lite woke kultur.

Ein kan lika det eller ikkje, men verdimessig og demografisk er eit krympande Vesten kringsett av antiwoke. Lyder det pessimistisk? Eg er optimist og vel å tru at dei unge finn balansen. Det beste i dei vestlege verdiane vinn fleire hjarto enn både woke og antiwoke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker
Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis