JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Om woke før woke

Ein heil del av vestleg massekultur har byrja som kvitvasking av svart subkultur: jazz, blues, beat, rock, soul, gospel, rap – og no woke.

Faksimile frå William Melvin Kelleys artikkel i New York Times 20. mai 1962.

Faksimile frå William Melvin Kelleys artikkel i New York Times 20. mai 1962.

EssaySamfunn

Om woke før woke

Ein heil del av vestleg massekultur har byrja som kvitvasking av svart subkultur: jazz, blues, beat, rock, soul, gospel, rap – og no woke.

Faksimile frå William Melvin Kelleys artikkel i New York Times 20. mai 1962.

Faksimile frå William Melvin Kelleys artikkel i New York Times 20. mai 1962.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
12702
20230915

Woke som religiøs rørsle

Dei neste vekene skriv Håvard Rem ein serie om religiøse strukturtrekk i wokerørsla.
Del 1: Ordsoga

12702
20230915

Woke som religiøs rørsle

Dei neste vekene skriv Håvard Rem ein serie om religiøse strukturtrekk i wokerørsla.
Del 1: Ordsoga

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Woke-vekkinga 1

havard@dagogtid.no

Skal ein skjøna soga til adjektivet og dialektordet woke, dokumentert alt på 1800-talet, er det avgjerande å skjøna at det minst like lenge har vore del av afrikanskamerikansk dialekt, svart engelsk. Ikkje før dei siste seks åra har det vorte eit paraplyord for vestleg aktivisme.

Ei slik utvikling går inn i ein tradisjon der svart subkultur vert kvitvaska som vestleg massekultur, musikkultur ikkje minst. Fenomenet utgjer ein viktig språkleg del av det me kallar amerikanisering. Tenk på alle dei engelske lånorda i norsk som til sjuande og sist kjem frå svart engelsk. Woke er eitt av dei – i lag med jazz, blues, soul, you name it.

I opphavet var ordet

I haust har eg vore i New York for å sjå om woke kan vera ei rørsle med religiøse trekk. Å vera woke er å vera vekt. Kan ein sjå på wokerørsla som ei vekking, om lag slik forfattaren Dag Solstad i ein boktittel omtala m-l-rørsla som «den store politiske vekkelsen»? I nokre artiklar dei neste vekene skal eg freista å sjå om det er mogeleg å forstå woke i høve til dei mest sentrale kristne «søylene».

Perspektivet er ikkje nytt. Ein etablert metafor for kollektiv, geopolitisk skuld, er arvesynd. Kva med dei andre «søylene»? Er det i woke noko som liknar omvending, heilaggjering, kyrkjetukt, syndenaud, soning og martyrium? Det vil me sjå på.

Men i god, bibelsk tradisjon byrjar me i fyrste del med opphavssoga og sjølve omgrepet: «I opphavet var ordet.» (Joh 1,1). Er ikkje det på tide? Woke som ei premissleverande rørsle er kan henda alt på hell, men verdiorienteringa påverkar samtida i ei forlenging av det politisk korrekte, og omgrepet vil leva vidare i historiebøkene når rørsla er borte.

Frå svart til kvit woke

Woke i 2023 er noko heilt anna enn for få år sidan. Woke i dag er 1) vestleg ungdomsaktivisme som tek det å vera politisk korrekt til eit nytt nivå, 2) verkemiddel som scenenekt og kansellering andsynes meiningsmotstandarar, og 3) eit ord som på få år har skifta innhald fleire gonger.

Det breie gjennombrotet i ei større ålmente – ikkje for woke, men for det opphavlege uttrykket, stay woke – kom i mai 2016. Då vart emneknaggane #staywoke og #blm (Black Lives Matter) kopla i den amerikanske fjernsynsdokumentarfilmen Stay Woke: The Black Lives Matter Movement. Då ordet eit år seinare dukka opp i Aftenposten, i ei sak om nyord i Oxford English Dictionary (OED), lydde difor den leksikalske forklåringa annleis enn ho ville ha gjort i dag: «Det brukes særlig i spørsmål om rasediskriminering.»

Emneknaggen #blm hadde då vore i bruk i tre–fire år, etter politidrap på to svarte tenåringar i 2013 og 2014. Stay woke var svart kamp i USA. Med mediegjennombrotet kom andre emneknaggar og hekta seg på. Woke vart utvida med #metoo i oktober 2017, mykje takka Ronan Farrow og Alyssa Milano. Midtveges i 2020, medan amerikansk politi gjekk til åtak på George Floyd, gjekk transaktivistar til åtak på J.K. Rowling. I ein saus av emneknaggar vart woke samnemnaren.

«Stay woke»-T-skjorta

Kva var stay woke før woke? I 2008 nytta den svarte R&B- og nysoulartisten Erykah Badu (f. 1971) «I stay woke» som refreng i songen «Master Teachers». Teksten var skriven tre år før, av den svarte musikaren Georgia Anne Muldrow (f. 1983). Kvar hadde ho uttrykket frå? Muldrow, fødd i Los Angeles som dotter av ein jazzmusikar, budde kring 2000 ei tid i Harlem i New York City, der ho vart ven med ei jamaldrande Harlem-kvinne, jazz- og R&B-saksofonisten Lakecia Benjamin, som ofte nytta uttrykket om å halda seg vaken, halda hovudet over vatnet, halda seg oppreist, som ein dels personleg, dels politisk ambisjon. Muldrow beit seg merke i uttrykket og skreiv det på ei T-skjorte fleire år før ho nytta det litterært i «Master Teachers».

Kva som kjenneteiknar bruken av uttrykket før 2000, er ikkje primært at det er politisk, men at det er svart engelsk, ein dialekt som lenge hadde låg status. Dialektordet har ein grammatikalsk «feil» som viktig markør (stay woke, ikkje stay awake). Det vart nytta om spedborn som ikkje ville sova, om pasientar før narkose, om skule­elevar som duppa av i timen («In school he can barely stay woke. His marks are terrible.»), alltid i svarte miljø.

William Melvin Kelley

Me dreg vidare bakover i tid, til 1962. Då dukka ordet opp i New York Times, i ein artikkel av den då 24-årige Harlem-forfattaren William Melvin Kelley (1937–2017), under overskrifta «If you’re woke, you dig it.» (Er du med, tar du det.)

Til artikkelen laga Kelley ei liste med dialektord frå svart engelsk: «Her er nokre ord og uttrykk ein kan høyra i Harlem eller i eit kva som helst svart miljø. W.M.K.» Fire av orda: «dig (v.): to understand or to like. grays (n.): white people. hip (adj.): well-informed, cool, up-to-date. woke (adj.): well-informed, up-to-date.» Det siste ordet har Kelley utstyrt med eit setningsdøme, kan hende av di det ikkje var så kjent for lesarane av New York Times: «(’Man, I’m woke’)».

Heller ikkje i 1962 var woke primært politisk, men meir eit synonym til hip, med same ordforklåring: «well-informed, up-to-date». Med ord som dig og hip vil somme tenkja på hippiane seinare på 60-talet, men fyrst vart svarte ord nytta av beatnikane og beatforfattarane, som digga jazz, før Beatles og Dylan. Til norsk kom digge (v.) sist i 1960-åra: «å få denne skiva så laget mitt kan digge den» (Patricia Welles, Babyhip, omsett av Torstein Bugge Høverstad, 1968), «skal vi ut av NATO tar vi en tur til Sverige ­– you dig?» (Jan Erik Vold, Mor Godhjertas glade versjon. Ja, 1968).

Fyrst femti år seinare kom woke.

Lånt språk

Artikkelen til William Melvin Kelley, som same år bokdebuterte med romanen A Different Drummer, held høgt nivå. «På subwayen var det eit skilt, sett opp av New Yorks transportstyresmakter, som fortalde meg på 21 faktiske eller fiktive språk: ‘Dette er ditt tog, ta vare på det.’ Av dei 21 språka på skiltet merka eg meg nummer 18: ‘Hey cats this is your swinging-wheels, so dig it and keep it boss!’ Dei kalla språket – beatnik.» 

Han held fram: «Men dei nemnde døma, som i dag er ein del av det vanlege ordforrådet til amerikanarane, kjem opphavleg ikkje frå beatnikane. Om det høyrer til nokon, er det språket til folka som bur der det bur svarte.»

Og dei svarte nyttar det ikkje i utide, fortel han: «Jazzmusikarar unngår å nytta språket når dei er mellom ikkje-musikarar. Dei foraktar dei sjaskete kledde beatnikane.» Han legg til: «Når slike uttrykk vert mainstream, vert dei erstatta av nye uttrykk, jamvel om somme (som dig og cool) overlever trass i utbreidd ikkje-svart bruk. Somme svarte vaktar uttrykket så inderleg at dei medvite finn opp eit nytt uttrykk så snart dei høyrer det noverande koma over kvite lepper.»

Liknande mekanismar pregar språkutviklinga mange stader, til dømes Oslo i dag. Men somme ord og uttrykk er leiare å mista enn andre, og woke kan ha vore eit slikt.

Folkeminnesamling

Drygt tjue år før Kelley laga jazzvokalisten Cab Calloway (1907–1994) Hepster’s Dictionary: Language of Jive (1938), den fyrste kjende svart engelsk-ordlista, basert på harlemsk, med dig og hip, men utan woke. Same året var blues- og visesongaren Lead Belly (1888–1949) i studio, mellom to fengselsopphald, og spela inn songen «Scottsboro Boys», om ei hending i Alabama i 1931, då ni svarte tenåringar vart skulda for å ha valdteke to kvite jenter. Moralen i teksten er at svarte som fer gjennom Alabama «better watch out».

Men i eit prateparti etter songen nyttar Lead Belly ikkje uttrykket watch out, men stay woke: «So I advise everybody to be a little careful when they go along through there — best stay woke.»

I 1938 var Lead Belly 50 år gamal, og han hadde nok kjent uttrykket heile livet. Faktisk er den eldste kjende førekomsten frå kring tida han vart fødd, frå 1891, og då er me over i folkeminnesamling, som med dei eldste kjende norske dialektuttrykka òg. Fyrste gongen ein veit at woke vart nytta som adjektiv og dialektord, var av ein amerikansk Ivar Aasen, folkeminnesamlaren, journalisten og forfattaren Joel Chandler Harris (1848–1908): «He dreamin’, mon. He ain’t woke good yit.»

Harris var ein irskætta, raudhåra fattiggut frå Sørstatane, fødd i Georgia, utanfor ekteskap. Han voks opp tett på dei svarte, i slavetida. Han samla og skreiv ned soger frå svarte miljø på svart engelsk, i bøker som hadde stor påverknad på mellom andre Mark Twain.

William Melvin Kelly i 1963 (Foto: Carl Van Vechten / The Library of Congress), Lead Belly (foto: William P. Gottlieb / The Library of Congress), Joel Chandler Harris (foto: The New York Public Library) og Erykah Badu (foto: Richard Shotwell / AP / NTB).

William Melvin Kelly i 1963 (Foto: Carl Van Vechten / The Library of Congress), Lead Belly (foto: William P. Gottlieb / The Library of Congress), Joel Chandler Harris (foto: The New York Public Library) og Erykah Badu (foto: Richard Shotwell / AP / NTB).

Martin Luther King jr.

Før 2017 og alt mogeleg-woke var stay woke som emneknagg, slagord og refreng ein dobbel siger ­­– ei vidareføring av borgarrettskampen og ein stolt bruk av svart engelsk. Frå kvite Harris skreiv folkloristisk på svart engelsk, til svarte leiarar gjekk god for dialekten, hadde det gått eit hundreår. Eit døme: I 1968, seks år etter Kelleys New York Times-sak, fem år etter Washington-marsjen, heldt Martin Luther King jr. ei kjend preike i National Cathedral i Washington. Tittel og bodskap var at no som det kom ei ny tid, laut ein halda seg vaken. Uttrykket hans ligg så nært stay woke at han kan henda har hatt det i bakhovudet, men ordvalet er insisterande normalengelsk – ikkje «Staying Woke When The Times They Are A-Changin’», men «Remaining Awake Through a Great Revolution».

Bakgrunnen for eit slikt språkval finn ein i artikkelen til Kelley: «Dialekten høver ikkje med ambisjonane til ein svart i dag. Han vil heilt og halde integrera seg i det amerikanske samfunnet.» Stay woke-uttrykket stadfestar i seg sjølve endringa som sidan skjedde. Når eg har møtt den sjølvfornektande 60-talshaldninga i USA i dag, er det ikkje hjå svarte, men hjå innfødde amerikanarar, urfolka.

Så om dialektuttrykket var ein dobbel siger, var kan henda tapet av stay woke til woke eit dobbelt nederlag.

Harlem

Generasjon woke, også kjend som Z, vert den siste med kvitt fleirtal i USA. I Harlem er det nokre år sidan svarte var i fleirtal. Dei mange kvite eg møter, er ikkje beatnikar, men beat i opphavleg meining, utslegne, fattige, dopa. Spritsjapper og Jesus-kyrkjer ligg tett i tett.

Tre svarte namn går att som landemerke: parken oppkalla etter Marcus Garvey (1887–1940) og bulevardane oppkalla etter Malcolm X (1925–1965) og Martin Luther King jr. (1929­–1968), tre av dei mest kjende borgarrettsforkjemparane.

Forfattaren William Melvin Kelley gav opp Harlem og USA då dei to sistnemnde vart myrda, og slo seg ned på Garveys Jamaica, der han og kona konverterte til jødedomen, påverka av lokale rastafarianarar, som reknar seg som både jødar og kristne, i ei trusretning som byggjer på tankane til Garvey.

Malcolm X konverterte til islam. King jr. vart verande baptist. Det dei har sams, Harlem-ikona, er ein lågkyrkjeleg bakgrunn i heilagdomsrørsler som metodisme, baptisme og pinsevekking. Den politiske vekkinga deira kom ikkje i staden for den religiøse. Dei kombinerte det religiøse og det politiske, slik stay woke-uttrykket kombinerer det personlege og det politiske.

Politikk og religion

Kvar vil eg med dette? Av di svarte leiarar ikkje oppmuntra dialektbruk, er woke vanskeleg å dokumentera. Fleire av dei som har utforska ordsoga, har difor byrja å sjå etter det dei meiner er woke-relevant førekomst av normalengelske awake. Ein del har då peika på ein paramilitær ungdomsorganisasjon som var aktiv kring 1860 og stødde Abraham Lincoln som presidentkandidat av di dei var mot slaveriet. Svart ungdom skal ha teke del i markeringane deira. Namnet var Wide Awakes.

Det er eit spanande spor. Men i ei slik pre-woke-jakt ligg nokre innsnevrande føringar, prega av bruken i vår tid. Ein ser berre etter politisk bruk. Ein ordnar fortida ut frå eit ynske om å lage ei soge, ikkje fyrst og fremst for stay woke-uttrykket hjå svarte, men for wokerørsla til delar av vestleg venstreside.

Skal ein sjå etter riktig gamle wokespor, lyt ein sjå på det religiøse feltet òg, dels av di det utgjer ein stor del av svart soge i USA, dels av di religiøse rørsler er sjølve heimstaden til metaforar som vekking og dei vekte. Om det er éin stad awake har vore nytta i overført tyding, er det i dei lågkyrkjelege, evangeliske kyrkjene og vekkingsrørslene som har hatt eit sterkt afrikanskamerikansk preg.

At lågkyrkjelege rørsler i dag er kjende som antiwoke, er like ironisk som at det kule dialektordet til William Melvin Kelley no vert forakta av unge som elles diggar den svarte kulturen det kjem frå. Men det forhindrar ikkje at den religiøse gløden i gamle vekkingar går att i den nye.

Neste veke skal me sjå etter arvesynd i wokerørsla.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt
Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh
Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh