JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Kvit skuld og soning

Diverre er woke berre endå ei rørsle som peikar ut éi gruppe som rota til alt vondt i verda. No er det ikkje svarte, skeive, muslimar eller jødar, men kvite, helst kvite menn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Religiøse sjølvpiskarar. Illustrasjon frå Nürnbergkrøniken (1493), ei verdssoge av Hartmann Schedel (1440–1514).

12071
20230929

Woke som
religiøs rørsle

I haust har Håvard Rem vore i USA for å sjå etter religiøse strukturtrekk i wokerørsla. Serien held fram neste veke.

Del 1, 15.9: Ordsoga
Del 2, 22.9: Arvesynda
Del 3, 29.9: Kvit skuld

Woke-vekkinga 3

havard@dagogtid.no

Kvifor melder media om hat når vestlege gjer skade, men om maktesløyse når ikkje-vestlege gjer det? Kvifor lærer norske elevar at vestlege erobringar var «massakrar» og «nedslakting», medan ikkje-vestlege gjekk føre seg «utan tvang»? Kvifor ser me på vestleg slavehald som ei holocaust-hending utan historisk sidestykke? Kvifor er det høgrevridd antiwoke at vestlege er verdikonservative, men ikkje at arabarar og afrikanarar er det?

Woke har svara. Og dei er vitskap. Omfattande kvitleiksstudium (whiteness studies) og kritisk raseteori (critical race theory, CRT) syner at kvitt privilegium (white privilege) reproduserer seg som systemisk rasisme og går i arv. Medan den kristne arvesynda er universell, råkar woke-arvesynda berre éi gruppe.

Dei antiwoke har svara, dei òg: Kvit skuld kjem av ei antivestleg samansverjing mot kvite.

Sjølv lurer eg på om eit svar kan vera: Ein vestleg sjølvkritikk som lenge var skjerpande, har vorte ein umedviten del av tankegodset vårt, har gått fra refleksjon til refleks, og vert i wokerørsla – ja, samansverjande og konspiratorisk, som «tanker som tenker seg selv overalt» (Stein Mehren), som eit religiøst dogme, faktisk ikkje utan etnisk stigma.

Det tredje funnet

At woke er rasistisk, er det tredje funnet i denne serien. Eit fyrste funn var at ordet woke berre er endå eit omgrep frå svart subkultur som vestleg masseungdomskultur har kvitvaska og stole, som jazz, blues, rock og så bortetter. Det andre funnet var at di sterkare det kristne arvesynddogmet stod i eit område, særleg i eks-lutherske område, di sterkare står woke der no.

Det tredje funnet syner at woke diverre er berre endå ei rørsle som finn eit system i tilværet ved å peika ut éi gruppe som syndebukk. Denne gongen er det ikkje svarte, skeive, muslimar eller jødar, men kvite, helst kvite menn.

I førre veke ramsa eg opp dei historiske woke-syndefalla, frå matriarkatets undergang for 5000 år sidan til Vietnamkrigen for 50 år sidan, via kolonitid, slavehald og holocaust. Kva har syndefalla sams? Kvar gong har overgriparen vore den kvite mannen.

Ofte har han jo vore det. Men kva med ikkje-vestleg folkemord og slaveri, overgrep og kolonialisme? Er ikkje verdssoga full av døme på slikt òg? Jau, svarar då den kvite refsaren, men for det fyrste har Vesten i mange høve skulda for at ikkje-vestlege er underutvikla, og for det andre er kvit skuld så eineståande at det vert feil å relativisera henne med skulda til andre, jamfør holocaust, ugjerninga – kvit, den òg –?ein aldri skal samanlikna.

John McWhorter

Å skriva om woke som religion er uvanleg nok, men woke som rasisme? Er ikkje rørsla sjølverklært antirasistisk?

Den fyrste boka eg fekk auga på i bokhandelen i New York, identifiserer woke som både religion og rasisme. Ho kom for to år sidan, men fekk inga merksemd heime, jamvel om ho vekte mykje debatt i USA og vart ein «New York Times Bestseller». Forfattaren John McWhorter er professor ved Columbia-universitetet her i byen, han er ein av dei leiande lingvistane i USA, ikkje minst på feltet afrikanskamerikansk dialekt, og er fast spaltist i New York Times. Boka heiter Woke Racism (2021), med undertittelen How a New Religion Has Betrayed Black America, «Korleis ein ny religion har svike det svarte USA».

«Eg meiner ikkje at ideologien deira ‘liknar’ ein religion», skriv han om woke. «Eg meiner at det faktisk er ein religion. Ein antropolog ville ikkje sjå nokon typeskilnad mellom pinsevekking og denne nye forma for antirasisme.»

Slik eg er medviten om at eg skriv om woke som kvit mann, er McWhorter medviten om at han er svart: «Eg veit godt at kvite lesarar er meir mottakelege for slike synspunkt når dei er skrivne av ein svart person, og eg ser det som mi simple plikt som svart å skriva denne boka. Vart ei bok som dette skriven av ein kvit forfattar, ville ho vorte avskriven som rasistisk.»

At woke har endra samfunnet slik at fleire, ikkje minst unge, er redde for å seia meininga si, kommenterer han: «Samfunnet endrar seg ikkje på grunn av semje (consensus), men på grunn av frykt.»

Boka tek utgangspunkt i tre oppseiingar i 2020, ein New York Times-skribent, ein dekan og ein dataanalytikar som alle vart oppsagde etter ein storm på sosiale medium mot fullt lovlege ytringar. Det minner meg om wokarar heime som spreier frykt i kommentarfelta ved å googla seg fram til og så tagga arbeidsgjevaren til ein meiningsmotstandar.

Amerikansk soge

AUF-leiaren Astrid Hoem har rett når ho i Dag og Tid for to veker sidan kalla woke-debatten «ein importert kulturkrig frå USA». Jamvel omgrepet vart importert: afrikanskamerikanske stay woke vart vestlege woke. Kor uheldig det var at svart kamp i USA vart kuppa av vestlege aktivistar, syner seg i vurderinga av kvite. I stay woke er kvitleikskritikken historisk og rasjonell, i woke vert han religiøs og rasistisk.

Korleis? I USA vert me alle woke. Overgrepa mot svarte og innfødde der har ein sams overgripar: kvite. Men då amerikanske stay woke vart eit universelt woke, laut ein gjera USA-soga universell òg. For å få heile verda til å likna USA, amerikaniserte ein ikkje-amerikansk historie. For Noregs del var det krevjande. Frå 1500-talet likna Noreg meir ein koloni enn ei kolonimakt. I amerikaniseringa av norsk soge vel ein å oversjå alt som motseier kvit skuld-forteljinga. Ikkje berre haldningsendringane det siste hundreåret, men òg at Noreg i tidlegare hundreår mista skriftspråket, til liks med andre koloniar og lydrike. Då har eg høyrt kvite refsarar svara: Noreg hadde ikkje eit eige skriftspråk før tida med Danmark.

Færre og verre kvite

Slik øydelegg ein overføringsverdien amerikansk soge kunne ha hatt. Reparasjonen av tilhøvet mellom svarte og kvite amerikanarar kunne ha stått modell for reparasjon av andre tilhøve, jamvel der offera ikkje var svarte og overgriparane ikkje kvite. Men nei, i staden gjer ein den amerikanske arvesynda universell. Kvite var vonde. Kvite er vonde.

Woke-rasismen er paradoksal. På få generasjonar har kvite avvikla koloniane og gått frå å utgjera ein fjerdedel av folkesetnaden på jorda til å vera berre ein tiandedel. Av dei som er att, har dei fleste dessutan vore gjennom ein kulturrevolusjon med heilt endra mentalitet og lovgjeving andsynes minoritetar og framande.

Til lita nytte. For medan fleirtalet av kvite har vorte mindre og mindre rasistiske, har wokerørsla funne ut at kvit rasisme går djupare og djupare. Han er systemisk og strukturell, så å seia medfødd, i det minste nedarva, som ei arvesynd.

Forklåringsmodellar

Korleis skjøna kvit skuld som ideologisk dogme? Mange forklåringsmodellar byr seg fram.

Historisk. Kvit skuld er som me veit ikkje utan historisk substans.

Jamvekt. Kvit skuld i dag kan vega opp for kvit makt i går.

Ansvarleggjering. Utan ansvar inga skuld. Ein skuldar helst på dei ein tenkjer har mest ansvar. Vert ikkje-vestlege oppfatta som mindre ansvarlege?

Internoppgjer. Det kan handla om eit internoppgjer, om heimsleg posisjonering, under mottoet «all politikk er innanlandsk». Om wokarane er på verdimessig kollisjonskurs med nokon, er det ikkje fyrst og fremst med vestlege, men med milliardar av ikkje-vestlege, med katolikkar, muslimar og hinduar i andre verdsdelar, etterkvart i Vesten òg. Vert dei lite kritiserte av woke av di dei er utan ansvar?

Kjærleg refs. I verdssoga finn ein mange døme på profetar som i fortvila kjærleik til sitt eige folk refsar dei med jeremiadar og vert mislikte.

Den nye nådeløysa. Veks vestleg skuld av di Vesten har mista ritual for tilgjeving? Med kristendomen forsvann nåden, og med nåden forsvinn tilgjevinga.

Martyriet

Finn ein religiøse strukturtrekk i den sentrale delen av woke som handlar om kvit skuld?

Kristendomen kom inn i verda med eit janusandlet: den krossfesta som ofrar seg for dei andre og den sigrande som står opp frå dei døde. Dei to andleta svarar til rytmen i livet: haust og vår, natt og dag, død og fødsel. Det doble Jesus-andletet var i nær to tusen år det suverent viktigaste ikonet i vestleg sivilisasjon (og er det framleis i somme ikkje-vestlege), med større formateringskraft enn Nero eller Napoleon.

Med det moderne vestlege fråfallet forsvinn det eine andletet: våren, dagen og fødselen. Det som då står att av eit totusenårig sivilisasjonsikon, er martyriet eller sjølvhatet.

Som ein ung lesar i 1970-åra var eg omgjeve av vestleg sjølvkritikk, men særs sjeldan møtte eg på eit medvit om vestleg sjølvhat. Kurt Narvesen er ein norsk forfattar som peika på dette alt i 1970-åra, då med eit delt Europa som kontekst, men med overføringsverdi til i dag. «Hat begynner som selvhat», skriv han i essayet «Hat» (frå boka Til vannmannens terskel, 1977). «Det ligger et slør av selvhat over den vestlige sivilisasjon. Enhver amerikansk film kan snart vises i Øst-Europa som det rene gefundenes fressen, alltid skarpere enn noe de selv kunne funnet på der borte bak murene, alltid mer autoritativ fordi den kommer rett fra kildene. På vei utfor, sier de: Sykdom! Og det er noe i det: evnen til selvkritikk er vår styrke, men den er i ferd med å gå for langt, den driver oss utfor, rett i nihilismen. – Vi kan komme til å tape oss selv totalt og stå tilbake sykt flirende, alene.»

Fødselstal og klima

Her kjem eit døme på korleis me har gjort kvit skuld til ein umedviten, refleksstyrt del av tankelivet. Stundom får eg høyra at det er bra for klimaet at norske fødselstal går ned, av di dei som bur i Noreg har så høgt klimaavtrykk. Men det syner seg at klimaargumentet er vikarierande, ja, nær sagt stedfortredande –?for å nytta ein martyrmetafor.

Om det er bra for klimaet at færre lever med norsk livsstil, då er det vel bra for klimaet at færre kjem til Noreg frå land med lægre klimaavtrykk? Kjem dei hit, vert klimaavtrykket deira høgare. Skal me berre oppmuntra innvandring frå land med høgare klimaavtrykk, frå USA, Qatar og Canada? Og stogga migrasjon frå land med ti og hundre gonger lægre klimaavtrykk enn det norske, land som Pakistan og Somalia?

Nei, det var ikkje det dei meinte. Klima trumfar fødselstal, men innvandring trumfar klima. Eller noko i den duren. Tankegangen er umedviten og kjenslestyrt. Ja, kvifor vert me så mykje meir emosjonelle når me snakkar om vestlege klimagassutslepp enn når me snakkar om kinesiske og ikkje-vestlege utslepp? Er me framleis heimsøkt av Rudyard Kiplings «White man’s burden»? Kipling sikta ikkje til skuld, men til bør, oppgåve, misjon, ansvar.

Dei ansvarlege

Her går eit religiøst spor. Om woke-arvesynda er kvit, er den kristne arvesynda universell, skreiv eg. Men heilt universell er ho ikkje. I evangelia og Paulus-breva er éi gruppe unnateken frå arvesynda – dei som ikkje har høyrt: «Når heidningane, som ikkje har lova, av naturen gjer det lova krev, då er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje har lova. Dei viser med dette at det lova krev, står skrive i hjarta deira.» Og dei som ikkje veit: «Tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»

I det å gje seg sjølv størst skuld, ligg noko sjølvpiskande, men noko hoverande òg.

For ein som har reist i syttifem land, er det alltid like underhaldande å koma heim til hovudstaden og høyra innfødde Oslo-folk slå fast at ingen er så rasistiske som nordmenn. Sjølvpisking kjennest trygt når ein berre har vant seg til det.

Utbrota gjer dei letta, slik Paulus vart letta då han kunne bryta ut: «Av alle syndarar er eg den største.»

Botnar kvit skuld-kjensla i ei kjensle av at me veit meir enn andre og difor er meir ansvarlege og skuldige? Tankane går til ei anna norsk bok frå sist i 1970-åra, ei stor diktsamling om mellom anna fråfall, lyrikaren Arne Rustes Dronningen kommer! (1978):

Oss er det for sent

å frelse

vi vet for mye

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis