JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

Di skuld er mi makt

Di sterkare arvesynda har stått i ein kultur, di sterkare står woke der i dag. Kvifor? Å gje skuld gjev makt.

Gustave Doré (1832–1883): «Adam og Eva vert drivne ut av paradiset», 1866.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
13279
20230922

Woke som
religiøs rørsle

I haust har Håvard Rem vore i USA for å sjå etter religiøse strukturtrekk i wokerørsla. Fyrste del av essayet stod førre fredag. Serien held fram neste veke.

Del 1, 15.9: Ordsoga

Del 2, 22.9: Arvesynda

Woke-vekkinga 2

havard@dagogtid.no

Det mest omfattande fråfallet frå kristendomen har som kjent kome i protestantiske område i den vestlege verda. At prestane der forsvann frå institusjonelle og moralske maktposisjonar, vil ikkje seia at maktposisjonane forsvann.

Med dei lågkyrkjelege vek­kingane rykte lekpredikantar inn i somme av dei. Men kjem me inn på 1900-talet, vart mange av maktposisjonane ståande ledige. Dei stod ledige då ideologiane i førre hundreåret tok over mykje av plassen etter religionane.

Woke er ei sekulær vekking med religiøse trekk. Rørsla spelar på den same skuldrefleksen som kyrkja spela på for nokre generasjonar sidan: Dette er mi skuld. Dette er vår skuld.

Resymé av del 1

Å vera woke er å vera vekt. Soga til ordet såg me på førre veke. Det kjem frå svart engelsk, afrikansk­amerikansk dialekt, og er kjent frå siste helvta av 1800-talet. På den tida fekk ord som vekt, vekking og dei vekte eit oppsving i lågkyrkjelege, gjerne baptistiske samfunn – rørsler ofte leidde og fylgde av folk med låg status og løn, som svarte i USA og arbeidarar i Noreg.

Som amerikansk dialektord vart woke på 1900-talet berre nytta i svarte miljø i USA, om å vera vaken, medviten, personleg og/eller politisk. For femten år sidan vart det synonymt med svart kamp mot rasediskriminering i USA. Fyrst for kring fem år sidan vart det eit samleomgrep for ymse radikal, vestleg identitetspolitikk.

Arvesynd som metafor

Når me skal sjå etter likskap mellom wokerørsla og kristne vekkingsrørsler og dogme, byrjar me med eit dogme som lenge har vore etablert som ein politisk metafor: arvesynd – original sin på engelsk, Erbsünde på tysk. For femti år sidan vart det nytta av den amerikanske kulturantropologen Sol Tax (1907–1995), i føreordet til boka This Country Was Ours: A Documentary History of the American Indian (1972): «Arvesynda vår er kva me har gjort mot dei som opphavleg budde i Nord-Amerika.»

I dag vert ordet nytta utanfor ein kristen kulturkrins òg. Då det statlege kinesiske nyhendebyrået Xinhua for to år sidan publiserte ein kommentar om amerikansk historie, var overskrifta: «Arvesynda til USAs kolonialisme».

På norsk var ordet ei tid lite nytta, men det har kome att dei siste tjue åra, og då i ein samanheng som ikkje er kyrkjeleg og teologisk, men historisk og geopolitisk.

Arvesynd som teologi

Før me kan sjå etter noko som liknar arvesynd i wokerørsla, kjem me ikkje utanom nokre avsnitt med teologi. Fyrst lyt me gjera greie for arvesynddogmet. Det byggjer på ei soge som ikkje lenger alle kjenner, sjølv om ho er sentral i både jødedom, kristendom og islam. Heilt forenkla: Opphavleg var mennesket reint og uskuldig, men då slangen i paradiset narra Adam og Eva til å eta forboden frukt, skamma dei seg over å vera nakne, og dei vart fordrivne i eit såkalla syndefall.

Paradissoga vert fortalt i Genesis, Fyrste Mosebok, ein hebraisk tekst, men jødedomen har ikkje arvesynd. Som mange bibelsoger går ho att i Koranen òg, men heller ikkje islam har arvesynd. Heller ikkje andre austlege konfesjonar, som dei ortodokse kyrkjene, har arvesynd i streng romerskkatolsk og luthersk forstand. Sams i aust er at ein svarar for eiga synd, ikkje for ei historisk eller medfødd ei.

Nåden åleine

Arvesynda ligg i kim hjå Paulus, men vart ikkje utvikla og «vedteken» før kring 400, då i den vestleg-katolske kyrkja – og då i ei mindre streng form enn ho drygt tusen år seinare fekk i luther­domen. Katolsk arvesynd fylgjer med fødselen, men vert sletta i dåpen, og går ikkje så djupt at ho fortrengjer den frie viljen som gjev mogleik til å velja mellom å handla godt eller vondt.

Eit motto for den strengare utgåva som kom med lutherdomen, kunne ha vore: Vil de ha total arvesynd? Med Martin Luther stod mennesket ikkje berre utan uskuld, men utan fri vilje òg. Arvesynda var ei gift som rann gjennom ætteledda og gjorde mennesket til ein essensielt vond skaping, utan vilje til anna enn det vonde, som ein vampyr eller zombie. At Luther hamna der, var logisk, for nåden var alt. For å vri på eit Paulus-ord (Rom. 5,20): «Der arvesynda er stor, vert nåden større.»

Overlapping

Me kan vri vidare: «Der arvesynda er stor, vert woke større.» Samanhengen eg såg etter, var tydelegare enn eg hadde trudd. Om me på eit verdskart teiknar inn arvesynda i dei nemnde styrkegradane, har ho stått sterkt i tidlegare lutherske område, med andre ord i Nordvest-Europa og det protestantiske USA, medan ho vert svakare i romerskkatolske område og svekt eller fråverande i ortodokse og muslimske område.

Som me ser: Dette vert ikkje berre eit kart over den historiske utbreiinga av arvesynddogmet, men over wokerørsla òg. Ortodokse og muslimske område har lite eller inkje av både arvesynd og woke. I motsett ende har me eit tidlegare luthersk Nordvest-­Europa, med like mykje woke no som det var arvesynd før. Alt i alt: Di djupare arvesynda har stått i ein kultur, di djupare går woke der i dag.

Unnataket

Ein New York-teolog eg drøfta dette med, såg biletet, men hadde ei innvending. Jau, ein vestleg-luthersk biskop er oftast woke, men lågkyrkjelege rørsler er gjerne det motsette, og dei er det mange av i lutherske område. Antiwoke politikarar får god oppslutnad frå bibeltru baptistar og pinsevener.

Det slo meg at unnataket berre stadfestar mønsteret. Kva som kjenneteiknar pinsekyrkjene teologisk, er at dei ikkje har arvesynd i tradisjonell luthersk forstand. Vel ligg verda i det vonde for dei òg, men barnet vert fødd utan synd og høyrer til Gud, og difor praktiserer dei ikkje barnedåp, men baptistisk dåp, gjerne i puberteten. Slikt vart logisk for rørsler som ville tufta læra si rakt på noko frå tida før kyrkjefedrane, nemleg på Bibelen og urkristendomen.

Paradiset før og sidan

Kvifor syner arvesynd- og wokekartet forbausande overlapping? Då lyt me fyrst sjå på kva som kjenneteiknar den sekulære utgåva av arvesynda.

Det er uskuldstilstanden i paradiset som gjev syndefallet fallhøgd. Ei utopisk, paradisisk gullalderuskuld finn ein som bakteppe i woke òg, heilt ned i detaljane. Kjønn vart vendepunktet i soga om Adam og Eva: «Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.» (1 Mos, 3,7.) Lese menneskeleg, utan dogme, er dette ei arketypisk soge om pubertet og overgangen frå barn til vaksen.

Syndefallperspektivet gjer soga dystrare. I arvesynddogmet, utvikla av kyrkjefaderen Augustin, går ursynda i arv reint fysisk, seksuelt. Paradiset var ei verd der alle var gode og snille, utan hat og andre vonde kjensler ­– ei ikkje-
binær verd, utan kjønn.

I ideologiske og religiøse livssyn går paradiset aldri heilt tapt. Paradiset kjem att i ei utopisk framtid, der alt vert uskuld, rettferd og godleik att. Ei bibelsk «ny jord» liknar wokeparadiset. Det vert ei verd der «leoparden skal leggja seg hjå kjeet» og «løva skal eta halm som oksen» (Jesaja 7), ei vegetarisk, kjønnslaus verd med «ein ny Adam», ikkje-binær, ikkje-reproduserande, med ein forfina, halvt åndeleg englekropp. På Manhattan møter eg unge som ser ut til å vera midt i forvandlinga.

Syndefalla

Slik er paradiset, men kva er syndefallet? I woke er det like mange syndefall som det er emneknaggar. For å ta dei kronologisk: Eit syndefall kom for kring 5000 år sidan då patriarkatet sigra i samfunn som fram til då hadde vore anten jamstilte eller matriarkalske. Eit anna syndefall speglar seg i munnhellet «for 2000 år sidan», truleg då kristendomen dreiv oss ut av paradiset, slik vendinga vert nytta av både ytre venstre og høgre, ateistar og antivestlege, odinistar og nyheidningar, wokarar og antiwokarar.

Mest semje og merksemd er det om det store syndefallet som tok til for 500 år sidan, med kolonitida, no med dekolonisering som eit hovudprosjekt i wokerørsla. Av yngre og meir marginale syndefall har me holocaust i fyrste helvta av 1940-talet og Vietnamkrigen for kring femti år sidan. Syndefallet i den opphavlege afrikanskamerikanske stay woke-/ black lives matter-rørsla fekk ei 400-årsmarkering i 2019, med referanse til den fyrste slaveoverfarten i 1619.

Bikkjene på Manhattan

I kyrkja kan ein få med seg mange preiker utan å høyra eit ord om arvesynda, men ho ligg i botnen av praksisen, med dåpen som døme. Slik er det med wokearvesynda òg. For å gje eit uskuldig døme på det eldste syndefallet: Om det i ei forlagsleiing sat fem menn, vart dei politisk korrekte gråtekonene høglydte. Om det no sit fem kvinner i same leiinga, er det berre smil å sjå – hjå meg òg. Alle veit kvifor. At jamstillinga kjem som ei ny skeivdeling, i det minste på kort sikt, er for å retta opp att den historiske skeivdelinga som ligg i botnen –?som ei arvesynd. Det treng ein ikkje å forklåra kvar einaste gong. Det er berre irriterande. For det er slik det er.

Med dei andre syndefalla òg. Som Sol Tax- og Xinhua-sitata gjev døme på, fann fleire av dei stad her i USA. Folkemordet på dei innfødde. Slaveriet. Ein gong var Manhattan jakt- og beitemark. Byen er både paradise lost og eit politisk korrekt paradis. På vegen til å verta verdas wokehovudstad vart New York ein kulturradikal fristad for rømde slavar og avvikarar, kunstnarleg og seksuelt, politisk og religiøst.

Arvesynda er lufta ein pustar i her. Men har ein born og barneborn, spør ein, her i heimbyen til FN: Kor mykje skal gå vidare til dei? Er ikkje dei «fødd frie», uten skuld?

Truleg ikkje. Den nye arvesynda går like strukturelt djupt som den gamle. Dei einaste heilt skuldfrie eg møter, er bikkjene. Dei er ikkje falne skapningar. På Manhattan ser ein fleire kvelpepassarar enn babyvogner, fleire hundegardar enn barnehagar.

Arvesynd som skuld

Kvifor lever arvesynda vidare i sekulære samfunn? Kvifor ikkje? Om den personlege trua vert svekt, forsvinn ikkje 500 og 1500 år gamle strukturar for kollektiv skuld. Truleg er dei endå eldre. Til alle tider treng eit samfunn mekanismar for å handsama skuld og soning.

Kva gjer det attraktivt å oppretthalda strukturane? Follow the money, som dei seier her: Kven tente på den religiøse arvesynda? Kyrkja og prestane. Korleis? Ho gav dei makt og mynde, posisjonar og eit moralsk overtak.

Har det overføringsverdi? Sjølvsagt. Men for å sjå at arvesynd ikkje berre gjev religiøs, men ideologisk makt, kunne ein heller ha kalla henne arveskuld. Skilnaden er ikkje større enn at der Lukas nyttar synd i Fadervår, nyttar Matteus skuld: «Forlat oss vår skuld».

Skuldkremmarane

Medan synd er teologi, og skam er psykologi, har skuld og gjeld ei juridisk og økonomisk side i tillegg. Skuld og gjeld er noko ein lyt betala. Dreg ein på seg skuld, eller er ein fødd med gjeld, lyt ein sona – i eit tempel eller i eit fengsel, ved å gjera bot eller betala bøter.

Di meir skuld du har, di meir makt får andre over deg, om det er banken eller presten. Var gjelda stor nok, vart ein slave, i nyare tid gjeldsslave.

Skuld har vore ei handelsvare òg. Skuldkremmarane fekk makt over deg ved å kjøpa gjelda di frå dei du opphavleg skulda.

Alle er me woke

Apropos overlappinga mellom wokekartet og arvesyndkartet: I førre hundreåret fann det òg stad ei overlapping mellom svekkinga av dei religiøse livssyna og styrkinga av dei ideologiske. Wokerørsla, slik me kjenner henne no, oppstod for berre kring fem år sidan, men dei kulturradikale røtene kan me fylgja langt attende på 1900-talet.

Om kulturradikalismen er woke, er me alle woke, dersom ein er vestleg og yngre enn 100 år, for så mykje har mentalitet og lovgjeving endra seg på berre eit par generasjonar.

Det mange mislikar med woke, er ikkje kulturradikalismen, men for det eine: verkemiddel som scenenekt, kansellering, yrkesforbod og oppseiingsaksjonar. Og for det andre: dreiinga frå økonomisk utjamningspolitikk til gruppeprega identitetspolitikk.

Til det fyrste: Kvar kjem den antidemokratiske galskapen frå? Ytre høgre får svara for seg, men ytre venstre, kan det sjå ut som, går med jamne mellomrom inn i slik galskap. Då tenkjer eg ikkje på identitetspolitikken som kom for tjue år sidan, og det politiske korrekte for tretti år sidan, men på dei ope antidemokratiske marxistisk-leninistisk-maoistiske ungdomsrørslene for femti år sidan.

Den nye arvesynda

Til det andre, dreiinga frå klassemedvit til identitetspolitikk: Det heng nøye i lag med det fyrste. Etter at den revolusjonære valdsromantikken kollapsa kring 1980, og skadeskotne venstrerabulistar laut nyorientera seg i 1980-åra, var det ikkje i klassekamp, men i identitetspolitisk feminisme og antirasisme dei fann fotfeste att, og vann attende noko av det moralske overtaket.

Så ville det seg slik at dette hende samstundes med at kyrkjemakt og kristne dogme vart vaska ut av folkesjela, medan identitetspolitikken strøymde inn og fylte tomrommet, som ny vin i gamle skinnsekker.

Slik fekk arvesynda eit nytt innhald. Skuldnarane er dei same, vanlege folk, men kreditorane og gjeldskremmarane er ikkje lenger moralistiske prestar, men offentleg lønte campusideologar som tek over der luther­domen fallerer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Historia om Gilles Andruet (1958–1995) er ein gjengangar i «true crime»-sjangeren.

Frå sjakkverdaKunnskap

Lagnaden til minnemeisteren

Fekk han eit rom for natta, vart senga og golvet straks dekte av appelsinar, appelsinskrell, klede og sovjetiske sjakkblad.

Atle Grønn

Å rekna nautiske mil med passar og rullelinjal, er det nesten ingen som gjer lenger.

Foto: May Linn Clement

KunnskapFeature

Vegen til båtførarkortet

Kva må til for å kunna føra store fritidsbåtar i høg fart?

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis