Ernas reviderte parlamentarismeEit scenario for korleis gjeddene i Frp-sivet ryddar veg for draumen KrF bar på.
Eit scenario for korleis gjeddene i Frp-sivet ryddar veg for den draumen KrF bar på.
Statsminister Erna Solberg møtte pressen etter spørjetimen på Stortinget onsdag i førre veke.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Kristeleg Folkeparti har to gonger gått til val på ei sentrum-høgre regjering av Høgre, Venstre og KrF med Erna Solberg som statsminister, men utan Framstegspartiet. Dette samla partiet, og gav godt samvit, men ikkje regjeringsmakt .
For eit parti som ikkje trivst i opposisjon, var det for lite makt i dei falda hendene. Dei trøysta seg med og skrytte av kor mykje dei fekk til i vippeposisjon, og kor mange stolte nederlag dei hadde i verdispørsmål, men dei slutta å tru på det som vegen til partifrelse. Dei gav det sjølvbedragerske regjeringsalternativet på båten og kasta seg ut på djupet. Solberg lokka til seg Ropstad og Bollestad med ein paragraf ho hadde tapt i sitt eige parti. Partiet valde side til akkompagnement av bedehussongen «Innenfor eller utenfor, hvor skal du stå en gang?».
DET BLIR INGEN søndagsskule å objektsikra Solbergs draum om ei firepartiregjering. Først skal dei lufta ut, noko Siv Jensen meiner skjer best i lukka rom. Så skal dei driva politisk hor og øva seg i å sluka kamelar, tala vel om kvarandre og ta alt i beste meining.
La oss seia at KrF og Frp er dømde til å klara å sondera seg fram til at dei kan leva saman som hund og katt og vera mannskap på Solbergs fleirtalsskute. Då er Erna Solbergs reviderte parlamentarisme at det eitt av partia får inn av hjartesaker i den politiske krambua av ei regjeringsplattform, lovar ho fleirtal for i Stortinget, sjølv om saka i utangspunktet har eit hjelpelaust mindretal.
DETTE TRUR IKKJE Byråsjefen på. Det er vanskelegare å disiplinera Framstegspartiet enn å gjera røyk om til vin. Der på haugen kjem dei til å forbanna at dei små tullepartia får sosialliberale og kristenmoralske godbitar. Det gjer også folk fleste mellom veljarane, så dei fører Frp under 10 prosent ved kommunevalet neste år.
Då er begeret fullt for gjeddene i sivet, og det skal dei ikkje dadlast for. Dei har synt meisterskap i politisk dobbelkommunikasjon og gjort det til ei paradegrein å meina noko i regjering og noko anna utanfor. Dei vil ikkje finna seg i å mista eineretten på dobbelspel. Då heller kasta regjeringslenkene av og vera frie og franke til å bruka spade og tala rett frå levra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.